Vi skal straks kome tilbake til verfta. Men det var også andre bedrifter som bidrog til veksten i Ulstein. Vi skal sjå på nokre av dei. Ulstein Betongindustri var ei av bedriftene som tente på den høge byggjeaktiviteten i kommunen, og som vaks med han. Frå ein nokså blyg start i 1966 hadde Ulstein Betongindustri i Haddal i 1972 utvikla seg til ei moderne bedrift innan ferdigbetong- og betongvareindustri. Selskapet sysselsette 15 personar og hadde ei årleg omsetning på mellom tre og fire millionar kroner. Bedrifta hadde reist eit nokså stort industribygg og såg lyst på framtida:
– Bedrifta har gått gjennom ein vekst som nesten har vore sterkare enn ønskjeleg. Dei neste åra skulle vi derfor ha hatt høve til å stabilisere oss på det nivået vi står på i dag, for så å byggje bedrifta ut vidare. På den andre sida er vi den einaste leverandøren av ferdigbetong i regionen, og den sterke utbygginga i Ulstein spesielt kan føre til at vi må byggje ut vidare. Det opnar seg store sjansar til å vekse dersom vi til dømes får betongleveransane til Røyrasundbrua, fortalde kontorsjef Knut Breyholtz i samtale med SA. Bedrifta kunne levere 200 kubikk ferdigbetong dagleg og disponerte fem moderne transportbilar. Men produksjonen omfatta også ulike betongvarer, til dømes forskalingsblokkene som fabrikken leverte til grunn- og støttemurar. Blokkene gjorde at det ikkje var nødvendig med forskaling, men vart monterte på fundamentet, og deretter vart holrommet i dei fylt med betong.
Ei anna bedrift var Skeide Bruk AS. I åra framover mot 1972 hadde verksemda vakse kraftig. Dei nye ferdighustypane som firmaet leverte, hadde blitt populære. No før jul i 1972 var selskapet i gang med å opne eit nytt bustadsenter i Ulsteinvik. Bedrifta disponerte eit eige bygg midt i sentrum. Totalt ville bustadsenteret ha ei golvflate på 800 kvadratmeter. I første etasje ville kundane finne ymse byggjetilfang, og andre etasje ei møbelavdeling med Astrid Urvik som dagleg leiar. No skulle husproduksjonen flyttast til Skeide. Der disponerte Skeide Bruk grunn, hadde lagerlokale frå før og skulle reise eit nybygg. Salskonsulent for husavdelinga var Svein Urvik: – Totalt har vi vore oppe i ein årsproduksjon på 70-80 hus, fortalde han til SA. Utover på 1970-talet leverte verksemda kring 50 hus i året, og det vart sett opp eit produksjonsbygg nummer to på myra på Skeide (Levd liv 2012).
Ei tredje bedrift som voks med veksten i Ulstein, var Ulstein Trelastlager AS. I 1972 kunne firmaet ha markert 25-års-jubileum. Travle som tidene var, tok ikkje bedrifta seg tid til å feste. Men eit mål nådde dei i jubileumsåret; dei tok i bruk ein 500 kvadratmeter stor hall, eit tilbygg til det gamle anlegget inst i Ulsteinvik. Då hadde dei fullført eit nytt kaianlegg i 1971, og med desse to investeringane hadde arbeidsforholda og effektiviteten i bedrifta betra seg mykje: – Vi har ride trygt på den store ekspansjonen i Ulstein dei siste åra og har dobla omsetninga sidan 1969 berre på varesalet. I tillegg kjem entreprenørverksemda, fortalde disponent Trygve Riise til Sunnmøre Arbeideravis i november 1972. No tok bedrifta sikte på å kome i gang med prefabrikkering av hus i den nye hallen: – Det viser seg at bustadbygginga her i distriktet no for tida meir og meir baserer seg på ferdighus, og derfor treng vi å følgje opp på dette området, resonnerte Riise, som kunne fortelje at firmaet hadde hatt byggjeoppdrag både for Ulstein Mekaniske Verkstad og Molde Verft. Ulstein Trelastlager AS vart starta i 1947 av 12 aksjonærar, dei same som åtte bedrifta 25 år etter. Hans Skeide var den første disponenten, og arbeidsformann Peder Gjerde hadde vore ved bedrifta i 20 år. Selskapet hadde 11 tilsette i 1972.
Veksten skapte også nyetableringar. Hausten 1971 såg firmaet Ulstein Boindustri AS dagens lys. Då SA vitja bedrifta i slutten av november året etter, hadde dei alt planane klare for sitt eige bygg. No ville dei reise industribygget i Smårisevadet sør for riksvegen ved Høddvoll, i eit område som seinare vart kjent som Saunesmarka, som på denne tida var jomfrueleg, men likevel nokså sentralt. Det skulle gå nokre år før det første næringsbygget i Saunesmarka var på plass.
Historia om Boindustri AS er ei typisk forteljing om knoppskyting. John Eidem hadde arbeidd ved Solstrand Trevarefabrikk i Hasundstranda sidan han var 16 år. Så fann han på at han skulle byrje med hus. I 1967 starta han hos Norvald Skeide i Skeide Bruk AS saman med to andre frå Solstrand, Einar Fjørtoft og Reidar Håvik. Men Eidem hadde ambisjonar om å starte si eiga bedrift, og i 1971 var han i gang. Han fekk ein avtale om å leige eit lite produksjonslokale hos Solstrand ved Hasund Mek. Verksted, og med det var Boindustri AS i sving. I 1972 kom Einar Fjørtoft og Reidar Håvik også med: – Det har det gått over all forventning, fortalde disponent Eidem til SA i november 1972. Bedrifta leverte då prefabrikkerte element til einebustader som vart teikna av arkitekt Sveinung Lofthus som bedrifta hadde avtale med.
Men om veksten var stor, var konkurransen tøff: – Så godt som alle som har noko å selje, kastar auga sine på presskommunen Ulstein. Men innbyggjarane er patriotiske og støttar gjerne sine eigne og industrien i distriktet i første rekke, sa Eidem og la til: – Mange byggherrar er innstilt på å gjere ein del arbeid sjølv, særleg grunnarbeidet og ein del av innreiinga. Derfor har vi eit heilt anna prisnivå her enn i Ålesund. Vanlege industriarbeidarar pleier ikkje å ha vanskar med å skaffe seg einebustader, dei fleste naturleg nok husbankfinansierte. Med her blir også bygd ein del privatfinansierte, og det er ikkje uvanleg å leige ut kjellaretasjen. Dermed sit huseigaren igjen med ei forholdsvis rimeleg husleige.
Alt i 1972 hadde altså Boindustri AS planar om å reise sitt eige næringsbygg. Staden dei hadde kasta sine auge på, Smårisevadet, var utmark og høyrde til garden som kona til John Eidem kom frå. Den optimistiske gründeren hadde sete i kommunestyre og formannskap i fleire år og visste at det kunne ta tid frå plan til realitet. No håpte han på at det skulle gå relativt raskt å etablere seg i Saunesmarka: – Eg håper på byggestart våren 1973, men det er kanskje for optimistisk. Dei noverande lokala i Hasundstranda er alt blitt for tungvinte.
Han var litt for optimistisk. Men i 1973 opna bedrifta utstillings- og kontorlokale hos Margreta Ulstein i Ulsteinvik sentrum. Bedrifta utvida då vareutvalet til også å omfatte byggevarer og innreiingar av ymse slag. Lat oss følgje litt vidare denne bedrifta som blir sjølve pionerbedrifta i Saunesmarka: I januar 1977 tok Boundustri AS over aksjemajoriteten i Solstrand Trelasthandel AS og oppretta dotterselskap Solstrand Trevare AS. Grunnen til samanslåinga av dei to verksemdene var at personane i leiinga på Solstrand hadde byrja å nærme seg pensjonsalderen. Dette skulle ikkje føre med seg ei omlegging av produksjonen ved Solstrand, var signala som Vikebladet formidla vidare i januar dette året. Tvert imot ville dei nye eigarane føre Solstrand vidare i same retning som bedrifta hadde hatt. Produksjonen av dører, vindauge og trapper ville halde fram og vere hovudproduksjonen til denne verksemda.
Solstrand Trelasthandel var ei av dei eldste trelastverksemdene i distriktet, oppstarta i 1947. Samanslåinga med Boindustri betydde no i første rekke at arbeidsplassane for dei fem tilsette ved Solstrand, ifølgje Vikebladet, var sikra. I Boindustri arbeidde det i starten på 1978 10 personar fast. I tillegg kom byggelag og montørar. På dette tidspunktet hadde bedrifta over 20 personar på lønningslista, og kapasiteten var kring 50 ferdighus i året, medan produksjonen hadde lege rundt 30 i snitt.
I 1977 hadde Ulstein Bo Industri AS starta bygginga i Saunesmarka. Produksjonen ved Boindustri er no først og fremst ferdighus. Selskapet samarbeider framleis med arkitekt og kan tilby mange typar bustadhus som er godkjende for husbankfinansiering. I tillegg var dei inne i barnehagebygg og leverte alt innan byggevarer. Bygget vart opna i november 1978. Vikebladet er full av lovord om det fine bygget, det første i det omtalte industriområdet. I dag har Saunesmarka blitt eit område med mange aktivitetar, bedrifter og forretningar.
Ei bedrift som derimot vart råka av endringane i tida, var sildoljefabrikken i Ulstein. Forhistoria til sildoljefabrikken er mellom anna denne: Då Ulstein Mylne brann ned i 1941, og mylnebedrifta vart flytta til Saunes, vart grunnen i Hasundstranda selt. Det var Gudmund Hasund som stod som kjøpar, men han overlét grunnen til Møre Korkfabrikk. Dei bygde opp ein fabrikk i betong. Drifta kom i gang i 1947. Råmaterialet til korkfabrikken kom frå utlandet, og kork vart brukt som isolasjonsmateriale og flyteelement. Fabrikklokala brann i 1953; dei tok til å byggje opp att, men tidene forandra seg, grunnlaget for fabrikken fall bort, og området vart selt til Hartner som tok til å byggje sildoljefabrikk i 1956. Hartner kom i økonomiske vanskar, og det vart etter kvart Elling Aarseth som tok over og fullførte arbeidet. Fabrikken fekk namnet Ulstein Sildeindustri AS.
Då vi møter Ulstein Sildeindustri AS igjen i reportasjen til Sunnmøre Arbeideravis i 1972, slår avisa fast at fabrikken neppe meir kjem i drift: – Ulstein kommune blir venteleg utan sildoljefabrikk. Fabrikken, som høyrer til Ulstein Sildeindustri AS som er disponert av Elling Aarseth, innstilte produksjonen for ei tid sidan. No var det på tale å demontere maskinene og flytte dei til Steinshamn, der Aarseth hadde teke over ein sildoljefabrikk frå eit konkursbu.
Hovudårsaka til at verksemda måtte leggast ned, var vanskane med å skaffe arbeidsfolk i Ulstein. Verft og verkstader strauk av med all disponibel arbeidskraft. Ulstein Sildoljeindustri hadde botnskrapa bygdene sørover og nordover for å skaffe dei om lag 30 arbeidarane som trongdest for å halde drifta gåande. Ei stor ulempe denne tida var det også at sildoljeindustrien mykje måtte drivast sesongvis og periodevis i høve til tilgangen på råstoff. I mellomkrigstida var det mange småbrukarar som arbeidde ved sildoljefabrikk for å skaffe seg kontantar vinterhalvåret medan det var lite å gjere heime på bruket. Om denne arbeidskrafta svikta, var det berre å gjere innhogg i køen av arbeidsledige. Denne tilstanden var i 1972 for lengst forbi. Fleire småbrukarar utvida gardane med sikte på heilårsdrift. Arbeidsløyse var det no lite og ingen ting av i Ulstein og bygdene rundt. Arbeidarane ville ha fast arbeid på ein stabil arbeidsplass. Dermed tapte sildoljeindustrien i konkurransen om arbeidskrafta. Fram til 1972 hadde fabrikken i Ulstein henta arbeidskraft frå Vanylven og Sande og andre utkantkommunar, men det hadde blitt verre og verre om ledig arbeidskraft også der.
Slik ser vi korleis arbeidslivet endrar seg i Ulstein; det tradisjonelle sesongarbeidet blir borte, med det som resultat at kommunen får eit sterkt, men meir einsidig næringsliv.