Redaksjonsnemnda i Levd liv ba om ein artikkel om Karsten Warholm i årets bok av Levd Liv. Ikkje fordi han er historie, men fordi han er historisk. Dette er ein artikkel der vi berre har snakka litt med Karsten, denne artikkelen byggjer ikkje på eit intervju med han, men ved å snakke litt med dei som er nær han for å finne litt meir ut kven guten er.

Faktaboks om Karsten Warholm:

  • Fødd 28. februar 1996 i Ulstein.

  • Klubb: Dimna IL.

  • Mor: Kristine Gølin Haddal, f.1973, dotter av Kåre Audun Haddal (1944-2014) og Grete Laura f. Rise (1945-1979).

  • Far: Mikal Marø Warholm, f.1967, son av Erling Warholm f.1936 og Kristine Warholm f. Marø f.1938.

  • Hovudtrenar Leif Olav Alnes.

  • Warholm vann 400 meter hekk under VM i London 9. august 2017.

  • Han er første norske mannlege verdsmeister i ei løpsøving.

  • Han er tre gongar norsk meister på 400 meter, i 2014, 2015 og 2016, og tre gongar norsk meister i hekkeløp.

  • EM gull 400 meter hekk U23 EM. Sølv 400 meter flatt U 23 EM 2017.

  • Han har den norske rekorden på 400 m hekk med 47,65, satt 21. juli 2018 i London.

  • Han blei ungdomsverdsmeister i åttekamp i 2013 i Donetsk

  • EM gull 400 meter hekk 9. august 2018.

Innleiing

Redaksjonsnemnda i Levd liv ba om ein artikkel om Karsten Warholm i årets bok av Levd Liv. Ikkje fordi han er historie, men fordi han er historisk. Dette er ein artikkel der vi berre har snakka litt med Karsten, denne artikkelen byggjer ikkje på eit intervju med han, men ved å snakke litt med dei som er nær han for å finne litt meir ut kven guten er. Vi har også intervjua redaktør i Vikebladet Linda Eikrem, som tok lokalsamfunnet på pulsen desse spennande dagane i august 2017. Vi vil prøve å plassere verdsmeisteren inn i det lokalmiljøet han kjem frå og fortelje litt om den næraste slekta hans. Når folk gjer store bragder er det ofte eit spørsmål som blir stilt. I Nordland var mange sikre på at Warholm-namnet kom frå ein holme som heiter Varholmen som ligg mellom Brønnøysund og Vega i Nordland. Slik er det ikkje, namnet kjem frå Varholmen på Flåvær i Herøy.

Då Brønnøysunds avis fekk vite det, hadde dei oppslag på nettet om saka. Det er mange som vil eige i ein verdsmeister. Men dei måtte surt erkjenne at Varholmen i Nordland var feil holme.