Våpenhuset
Etter at kyrkja vart flytt frå Ulstein, har våpenhuset vore påbygt og utvida to gonger. Siste gongen (1968) fekk me ei romsleg garderobe, trapper opp til orgellem og ned til sanitærrom og bårerom under. Over våpenhuset, bak orgelet er eit stort rom som no kan nyttast til garderobe, om det trengst, og til sitjeplass, når plassen i skip og lem er fullsette.
Våpenhuset er pent for seg gjort. To femarma lysekruner heng under taket. Johs. Thoresen Ulstein har sytt for teppe på golvet og Leiv Dimmen sytte for spegel. Ut mot utgangsdøra står ei kollektbøsse, som me gjerne kan sjå nærmare på. Det er ei gammal gryte sett på stativ med spaltelok på, som Olav Eiksund har gjort smedarbeidet til.
Kyrkjeklokkene og tårnuret
Frå orgellem fører ei trapp opp til loftet. Inn mot midten skimtar me dei kraftige stokkane som ber tårnet. Ei ny trapp fører opp til klokkeromet. Her er fire luker som vert opna når det skal ringjast med klokkene så klokkelyden når lengst mogeleg.
Her hang to klokker, men ingen av dei er retteleg gamle. Den minste er «Støbt i Bergen af J. F. Becker 1854» og har ein diameter på vel 50 cm, og den største er støpt hjå «Christian Kristensen Fuglsetnes pr. Molde 1872». Diameteren til denne er godt 70 cm. Den største kling i ess og den minste i b. Under siste krigen gjekk det rykter om at tyskarane ville bruke klokkene og støype om til krigsvåpen. Det var vel årsaka til at presten har ført inn i kallsboka i 1941 det vesle som står innstøypt i klokkene.
Den minste veit vi ikkje meir om. Soga til den største er noko lenger, og noko som er nok segn. Om det er rett er mykje av malmen av ei eldre klokke som var laga i Tyskland. I 1871 må denne klokka ha vorte ubrukeleg. Segna seier at dei skulle ringje med henne til gravferd. Han som ringde ville at ho skulle slå lint og balla noko ty kring kolben. Dette førde til bresten ho fekk. Liknande segner har me om andre klokker. Frå kyrkjeverja si bok veit me at klokka vart send til Molde for omstøyping. Klokkestøyparen skulle leggje til så mykje malm at vekta på den nye klokka vart 11 våger (1 vog – 18 kg).
Kyrkjeeigarane hadde avsett 150 spd til dette. I 1873 finn me at klokkestøyparen bed om 20 spd attat det han tidlegare har fått.
Klokka var vanskeleg å ringje med. I 1948 ordna Olsen & Søn, Nauen, med nytt opphengje og gjorde kolben litt kortare. Ho slo tittare etter omvølsla.
Eit godt stykke lenger oppe i tårnet har tårnuret sin plass. Fire akslar går ut frå verket og dreg visarane. Ulstein sparebank gav denne rauste gåve i 1968.