«Ulfesteins kk. (kirki) sokn» er namnet Aslag Bolt nytta i si jordebok frå 1432. Namnet på kyrkja vert då Ulfsteins Kirkia.
I boka er det berre nemnt dei gardane som Ulstein kyrkje åtte i. Noka skildring av henne finn me ikkje før med Hans Strøm sin «- Beskrivelse over Fogderiet Søndmør -»
«Her bliver desuden at mærke Ulfsteens Kirke, en ældgammel Steen Kirke, som har ingen betydelige Ornamenter, og er i de senere tider, formedelst Menighedens tilvoxende Antal, forøget med en vandhældene Tilbygning i træe. Den eier et Jordegods, bestaande af 18 voge 19 1/2 Mk. Fisk, og tilhører en Proprietair.»
I kallsboka har presten Wraamann skrive dette:
«Ulfstens Hovedkrike var ved min Ankomst hertil Aaret 1844 en massiv, men altfor liden Steenkirke. Den saa ud til at være meget gammel og man vilde vide at den var opført af Steen af en Kloster som i sin tid har staaet paa Gaarden Ulfsteens Grund, og hvortil Tomten endnu vises. Fort at dette Nybygningsmaterialet skule kunne benyttes, skal Kirken være bleven opført paa dette aldeles uhensigmæssige Sted. –»
Heller ikkje han seier mykje. Berre at kyrkja er gammal og av stein. Me er no ikkje viss på om soknefolket så heilt ville godkjenne påstanden om «aldeles uhensigtmæssig» den gongen huset vart bygt. Han har med ei segn om kloster ute på Ulstein. Me har inga visse om det. Det vert og nemt at steinen til murane med unntak av marmorsteinen var henta frå Litle-Hatløya der det finst same slag stein.
I bolken frå 1660 fram til 1723 finst ein god del opplysningar gjennom kyrkjerekneskapane.