I vår tid susar me framom kyrkjestaden med bilane utan å leggje merke til meir enn at her er ein svær steingard. Me burde ta oss tid til å stogge. Steingarden og jordstykket innfor gøymer på så mange minne. Noko kan me vite, men mykje og det meste vil alltid vere ein løyndom.

Så lenge steinkyrkja stod, var her også då eit steingjerde for å halde krøter frå gravstaden. Då kyrkja vart riven ned, bruka dei av steinen til grunnmur under den nye, men det meste nytta dei til å gjere steingarden høgre og til innhegning om eit nytt jordstykke som gravstaden vart utvida med. Ser me på korleis steinane ligg, finn me tydeleg kva som er den nye delen, kvar ein port er att-murd o.s.b. Her og der finn me steinar av marmor.

På yttersida er dei tærde av ver og vind, medan dei på lesida viser kor fint dei er tilhogne. Somme er slik, at set me dei saman, lagar dei bogar. Desse har vore nytta i vindauge- og dør-opningar.