Det var Aksel Garshol som kom med tips til redaksjonsnemnda i Levd liv om å skrive om ulsteiningen Lars Sundgot. Om han og Ishavsavisa var det ein eigen artikkel i polarmasinet til Ishavsmuseet, “Isflaket” nr. 3 2023. Innhaldet er attergjeve med løyve frå museet.

I mange år har eg tykt det var synd at Lars Sundgot, onkelen min, ikkje fekk den æra han fortente med omsyn til forfattarskapen sin. Av det han skreiv vart Ishavsvisa den mest kjende, nokon sette melodi til henne og brukte delar av eitt av versa som refreng. Denne visa vart mykje spelt på radio ein periode. Då var Lars alt død, og kunne ikkje stå fram som forfattar. Derfor vart visa som regel underskriven med «forfattar ukjend» når ho vart gjengitt eller referert til.

Bildet til høgre: Lars Andreas Peter Johannesson Sundgot (17.5.1876-11.10.1943) frå Sundgot i Ulstein. Han gifte seg med Karoline Marie Andersdotter Oppedal (2.7.1879-5.3.1948) frå Oppedal i Selje i Ulstein kyrkje 16.6.1907 og busette seg i Måløy. Lars er forfattar av “Ishavsvisa”. Foto Simonnæs, Enok 0., Alesunds museum./Fylkesfotoarkivet.