Garden på Klubbeneset spadde torv ved Høgåsdalen. Her ser vi torvskjåen som torvet var lagra i. Torvet vart nytta til brensel. I solveggen ser vi mor Oddlaug og datter Lovise Kleven. I dag er det ingen restar etter torvskjåen.
Høylasset er kome inn på tunet. Nikodemus held tøylane og bestemor Lovise på andre sida av hesten. Oppe i høylasset sit frå venstre Marie Garshol, Lovise Kleven og Lovise Sollid.
Hesjing på Klubbeneset. Frå venstre ser vi Nelly Garshol (no Lie), Mona Kleven (no Blind- heim), Marie Garshol, Nikodemus Garshol, Oddlaug Kleven med Lovise Kleven (no Helvig) framføre seg og Lovise Sollid heilt til høgre.