For ei stund sidan fekk Ulstein Historielag eit fint foto av Åshild Sivertsen (f. 1926). Fotograf er Olav Hjertenes, og fotoet er teke 17. mai 1960.

Av dei lange skuggane ser me at det er tidleg på dag. Bakerst i barnetoget går skulestyrar Reinhard Høydal. Bak han, i spissen for Gutemusikken, går dirigenten Bård Larsen. Fotoet er truleg teke frå takrestauranten på Stratos, som var ein populær stad 17. mai. Her møttest ungdommen for å flørte, og ungane for å kjøpe is.

Heile historia om fotoet kan du lese her.

Levd liv – eit foto fortel
For ei stund sidan fekk Ulstein Historielag eit fint foto av Åshild Sivertsen (f. 1926). Fotograf er Olav Hjertenes, og fotoet er teke 17.…
22:38
0:00 0:00