Kåre Oksavik – Høgt spel i Oksavika
Då krigen braut ut, var Kåre berre ein gutunge, 11 år gamal. Han voks opp i Oksavika i Sande, ei lita bygd som under…
0:00 0:00

Då krigen braut ut, var Kåre berre ein gutunge, 11 år gamal. Han voks opp i Oksavika i Sande, ei lita bygd som under okkupasjonen skulle få ei uventa og viktig rolle i det allierte etterretningsarbeidet langs norskekysten. Her, i den avsides fjellsida under Almefjellet, vart radiostasjonen Frey II bygd opp – ein av dei viktigaste observasjonspostane for skipstrafikken i Rovdefjorden og fjordane innover mot Ørsta, Volda og Syvde.

Hausten 1943 tok krigen til å endre karakter for folket i Oksavika. Familien Oksavik fekk spørsmål om å hjelpe kommandosoldatar som skulle operere mot tyske mål i området. Våren etter vart bygda trekt inn i eit meir varig og farleg arbeid. I april 1944 vart to nordmenn i engelsk teneste, brørne Ole og Tore Snefjellå frå Mo i Rana, sette i land med radiosendar og eit klart oppdrag: Dei skulle byggje opp ein observasjonspost og melde til London om alt dei såg av tysk skipstrafikk. Brørne Ole og Tore Snefjellå var rekna som to av dei mest røynde London hadde å hjelpe seg med.

Intervjuet med Kåre Oksavik blei gjennomført tirsdag 28. april 2026 av Magne Grimstad jr. Magne Grimstad jr. er lesarstemma og Fantastiske Osberget har redigert podcasten. Tittelen baserer seg på boka «Høgt spel i Oksavika» av Bjarne Rabben.

Referanser:

Link til talar i Hareid kyrkje.