I januar 2014 fylte Ulstein kunstlag 70 år. Dette vart markert med ei storstilt jubileumsutstilling. Den første kunstforeininga i Noreg var Christiania Kunstforening, stifta i 1836.

Slik sett er ikkje Ulstein kunstlag blant dei eldste kunstlaga i Noreg, men 70 år må kunne seiast å vere ein akseptabel alder. I løpet av desse åra har vi teke imot både lokale amatørar og vel etablerte norske og europeiske kunstnarar.

Biletet til høgre: Første måleriet som blei kjøpt inn, var Karl Straume sitt «Røslyngmyr». Han stilte ut fleire gonger, første gong i 1946. Bildet heng i dag på Alvehaugen.