Eg sete meg burte ved glaset
No vil eg drøyme ei ri,
la fantasien få spela fri
Ikkje fram vil eg spenna vengja
ikkje inn i framtida hengja,
men sjumilsstøvlar tek eg på
for eg vil att gjennom tida gå.
Att – att – vil eg fly
til eg vert barn på ny.
Det er haust, kornet er skore og berga i hus,
tresking er undagjorde
dryfting og turking på buret bore
Bestefar stend ved glaset ein dag og stirer
Erfarne auga mot haustsola glirer
han humrar i skjegget og er i lag.
«Jau», seier han – «fossen gjeng kvite i dag,
og no hev me kvennabør»
«Når ho reiser seg Ørstagrova,
det er eit gamalt merke frå før
Far lesser korn på vogna og dreg åt kvenna
der fossen går kvite om renna.
Eg får bera mat til kvennahuset
Meg møter eit gufs frå farne tider,
der kvenna syng muntert til fossesuset.
Ja, kvennhuset, gamalt og grått av år
stemmer hugen – set fantasien i sving,
ei underleg bevrande kjensle eg får
kvennhussteinen mele med bulder og brak
kallen svingar seg muntert i fossen
eg svævest – og drøymer om huldra, og fossen.
Eg ser meg rundt i dette forunderlege huset
likar så godt denne stemninga her
far gjeng og sletter kvite på hår og klær.
kongelvev heng der frå alle krær.
Og inn i veggen i tak – overalt,
er krota og skore, årstal og namn
no ligg dei i grava som namna har bore
Og kvennavegen er attegrodde no,
men inne i minnet eg gjeng der enno