Men trass trasige økonomiske tap og mykje sjukdom, var det ikkje det som prega livet i Fredsborg. Med ukueleg optimisme og godt humør skapte dei eit godt liv for seg og andre.
Både Peter og Gina var glade i folk. Gina tok imot nære og fjerne familiemedlemer og andre som trong det. Ho serverte kaffi, vasskringler og potetkaker. Huset låg slik til at det var hendig å stikke innom for dei som kom frå Flø, Dimna eller Hatløya for å få litt kvild og ein matbete før dei starta på heimvegen, enten til fots eller med båt. Det var faste gjester som kom. Og det var mykje latter.
Peter kunne ikkje ha vore redd for å skilje seg ut i folkehopen. Før han gifta seg med Gina, bar han gullringar i begge øyra slik somme gjorde den tida. Det heittest at det skulle vere godt for synet. Han hadde også ei tatovering på armen, sjølv om han ikkje var sjømann. Og han var tidleg ute med å bruke ein slags bunad han fekk sydd. Det følgde ei særmerkt hue med. Men mest av alt skilde han seg ut i måten å vere på. Han var seg sjølv, han hoppa og dansa. Men det var likevel ikkje på ein måte som irriterte eller førte til kritikk. Han hadde alltid ein lett tone, og han greidde truleg å balansere mellom den pietistiske bedehusreligiøsiteten og den meir frilynde religiøsiteten ein fann i Ynglingeforeininga. Såleis var han nok ein grundtvigianar. Han hadde spesielt godt lag med born.
Han var spretten, og folk har fortalt at han som syttiåring gjekk på hendene frå Fredsborg og ned på slippen. Sonen Ole seier at han gjekk ofte og langt på hendene, men at akkurat dette må ha vore litt overdrive. Ole Lars Ulstein trefte han ein gong då han var ein godt tilårskomen mann på veg til arbeid på slippen. Han gjorde rundkast heile vegen over flåtane, truleg for å gjere vegen litt meir morosam eller for å teste ut at han framleis kunne.
Han stilte også gjerne opp som auksjonarius under basarane på bedehuset. Vottar, forkle og lester som misjonskvinnene hadde strikka, skulle under hammaren for å skaffe pengar til misjon i Afrika og i Kina. Han heldt slik ablegøyer med alt i hop at folk kunne gløyme seg og by over evne. Så kakka han den vesle lommekniven i talarstolen. Selt. Han kunne også finne på reine fantepretter, sjølv på bedehuset og på Fredheim. Aksel Hauge fortel at ein gong mannskoret song Wergeland sin «Hurra for Jonas Anton Hjelm» på bedehuset, hadde Peter gjort seg klar med eit tau og to flagg, eit raudt og eit blått. Tauet hadde han hengt over betane i bedehustaket. Han veksla på å heise opp det blå og det raude flagget i takt med det koret song ”fløy opp det røde og ned det blå”. Det vart kanskje ikkje så lett å halde seg alvorlege for dei som stod framme og song. Men det vekte stor åtgaum.
Under krigen brukte han ablegøyene i protesten mot okkupantane på sin måte. Tyskarane var på jakt etter naboen Olav Osnes som var aktiv i motstandsrørsla. Kanskje for å avleie så mykje at Olav skulle få høve til å redde seg, hadde naboar peika ut huset til Peter for dei tyske soldatane som leitte etter motstandsmannen. Med same etternamn og ein son som heitte Ole, kunne det også reknast som ei forveksling. Dei tyske soldatane kom ut i kjellaren på Fredsborg der Petter og tenåringssonen Ole stod ved dreiebenken. Maskinene dura og gjekk. Dei tyske soldatane sa fram ærendet sitt, men Petter tok seg god tid med å reagere og slå av maskinen. Tyskarane mist tolmodet og vifta med ein pistol opp i andletet på Petter og kommanderte far og son; «heraus!». Petter flirte og gjorde seg dum og viste veg til vedhuset med den store vedstabelen. Tyskarane tok til å rive ned ved og leite, men dei fann sjølvsagt verken Olav eller noko anna som var gøymt. Dei tyske soldatane var rasande. Gina, kona hans, var livredd. Det var tett før det vart represaliar den gongen.