I ei lita stove på Oshaugen budde der ei dame, Gjertrud Jetmundsdatter, f. 1791, frå Indre Dimna. Ho eigde br.nr. 3, Oshaugen på Osnes, og hadde levd der samam med to tidlegare ektemenn som no var døde. Korleis omstenda var er ikkje kjent, men Paul (Pål) Larsson (f. 1820) frå Hasund dukka opp, og han og Gjertrud gifte seg.

I 1863 selde dei garden, og etter den tid levde dei som kårfolk på garden, saman med eigaren og hans familie og to tenestejenter. Folketeljinga frå 1865 viser dette.

Hansine Andrine Eline Larsdatter, f. 1845, frå Nedre Rise på Hareid (Andrine i dagleg tale) fekk seg arbeid på Oshaugen. Andrine kom til garden som hushjelp, og i 1870 venta ho barn med Paul Larsson. Skandalen var nok stor då dette hende, og som vanleg var på den tid så måtte Andrine reise frå garden i skam. Om Andrine reiste før ho fødde guten veit vi ikkje, men til slutt hamna ho i teneste hos Severin Holseker i Holsekerdalen, som visstnok var ufør.

29 år yngre enn kona

Paul Larsson var altså 29 år yngre enn kona Gjertrud, og ho var i sitt tredje barnlause ekteskap. Om dette har hatt noko med omstenda å gjere vil vi aldri få vite, men tilhøva til Paul og Gjertrud kan ikkje ha vore så ille. Guten som Andrine fødde fekk namnet Paul etter faren, og folketeljinga i 1875 viser at guten budde hos Gjertrud og Paul. Paul brukte etternamnet Osnes.

Her var han nok mange år av barndomen, men hadde også god kontakt med mora i Holsekerdalen. Då guten var åtte år måtte han ut og arbeide for hus og mat. Han budde hos kjende på Saunes og på Flø fram til han vart vaksen.