– Eg har ikkje gjort noko spesielt for å bli så gammal, seier han og ler lett. – Eg har vore heldig. Eg har sleppt unna dei alvorlege sjukdomane.

Det er vanskeleg å få dette til å stemme med inntrykket han gir. Haldor verkar langt yngre enn dei snart hundre åra han ber med seg. Stemma er klar og trygg, varm i tonen og full av liv. Hadde vi ikkje visst betre, kunne vi lett tru det er ein langt yngre mann vi snakkar med.

– Eg likar å vere saman med folk, seier Haldor ettertenksamt. – Menneske interesserer meg. Kanskje er det nettopp derfor eg kjenner meg ung.

Har ofte kome heim til Ulsteinvik

Haldor Osnes bur i dag i omsorgsbustad i Lillestrøm. På veggen heng eit stort bilete av Ulsteinvik – eit stille vitnemål om oppveksten og røtene han aldri har sleppt taket i. Sjølv om han flytta frå Ulsteinvik i 1946, har han gjennom åra ofte funne vegen heim att.

– Det er alltid kjekt å kome heim til Ulsteinvik, seier han. – Eg trefte ofte Aksel Hauge på Blåhuset, og då møtte han meg med eit blidt oppsyn og orda: «Hei, hei!» Eg har alltid kjent meg velkomen her.

No er det ni år sidan Haldor sist var heime. Etter at han slutta å køyre bil, blei den lange reisa frå Lillestrøm til Ulsteinvik meir krevjande.