Laurits Knutson Dimmestøl var fødd 23.3.1868 og døydde 25.9.1939. Han gifte seg i 1900 med Elen Løvøy (1868-1924) frå Lofoten.
Foreldra til Laurits var Knut Nilsson Dravlaus-Lillebø frå Dalsfjorden (1831-1915) og Marie Larsdatter Ulstein, frå Ulstein (1827-1908). Laurits hadde ein bror, Sakarias, som var fødd i 1870. Han vart slegen over bord av storseglet under torskefisket ved Svinøya i 1900.
Knut fekk plassesetel frå Hans Knutson Dimmestøl i 1869 og sette seg opp ei stove i LisjeSandvika. Han vart kalla Lisjebø-Knut. Saman med dei to sønene sine kosta han seg ein liten fiskebåt – eit dekka seglfartøy – som dei dreiv fiske med. Sonen Laurits hadde visstnok lyst til å fornye plassetelen då Knut fall frå. Men det fekk han ikkje, og kjøpte difor Skogstranda under Dimnasund. Husa på plassen vart ståande tomme, og Ingvald Paulson Dimmen kjøpte stova og brukte deler av henne i huset sitt på Osnes.
Det var i 1914 at Laurits kjøpte Skogstrand, gnr. 28, bnr. 5 av Olavius Ertesvågstrand. Kjøpesummen var kr. 2300. Laurits var ein hendig mann som gjekk under namnet «Bø-Laurits». Det var han som hogg minnesteinen over sjømenn frå Ulstein som var bortkomne på havet. Denne minnesteinen vart avduka av sokneprest Holmås 17. mai 1931. Lærar M. Bjørndal talte over dei som var bortkomne. Hasund blandakor og Ulstein mannskor tok del.
Minnesteinen står til venstre rett innfor kyrkjeporten. Steinen til støtta kom truleg frå området ved gamlevegen på Hovset. Dei små støttene rundt statua vart delvis bearbeidde av Sigurd Dimmestøl, truleg under streng overvaking av faren, Laurits.