Den 30. november i 1941 gjekk D/S Dukat frå Hongkong. Lasten var i all hovudsak ris (14 000 sekker) og nokre tonn med stykkgods. Forutan dei fem norske offiserane var mannskapet kinesisk. Kontakten med omverda hadde ein ved å lytte på radio, og om kvelden 8. desember høyrde dei at Japan hadde erklært krig mot England og Amerika, og at japanske fly hadde bomba Hongkong, Manila, Singapore og Bangkok. Desse opplysningane gjorde at det vart gjort ”Klart Skip”. Alle fekk delt ut kvar sitt livbelte, livbåtane vart svinga ut og gjorde klare til sjøsetting, alle lanterner og lys vart sløkte, og det var ikkje tillate å gå til køys. Heile mannskapet skulle i så stor utstrekning som mogleg opphalde seg på dekk. Rundt midnatt fekk dei første kontakten med krigsmakta. To krigsskip varsla med morselampar at dei skulle stoppe og følgje etter det eine krigsskipet. Første då dagslyset kom, fekk dei sjå at krigsskipa var japanske, og ordren som no kom, var at dei skulle fortsette til His-che-shin-bay. Staden ligg om lag 80 nautiske mil nord for Hongkong. Om morgonen vart D/S Dukat borda av japanske soldatar, og for at dei ikkje skulle rømme, vart det teke beslag i ei av eksenterstengene (viktig maskindel). Båten hadde no kapitulert, og japansk flagg vart heist. Her vart dei liggande til 14. desember. Då fekk dei ordre om å gå i konvoi med 6 andre båtar til Amoy (Xiamen). I dagane fram til jul vart båten lagt til kai i Amoy og lossa. Amoy hadde vorte hærteken av japanske styrkar i mai 1938. Litt proviant fekk dei om bord, men den var tydelegvis i knappaste laget, for japanske soldatar kom om bord, romsterte fælt, stal egg og bananar og banka opp 2 ”compradorer”(laste og lossearbeidarar). Dei norske offiserane vart ikkje dårleg behandla. I midten av januar i 1942 vart dei 5 norske offiserane tekne på land i Amoy og internerte på Hope & Wilhelmina (Otte Memorial Hospital) på øya Kuangsu i Amoy (Gulangyu, Xiamen, Fujian, Kina).
Her vart dei sitjande som japanske fangar fram til våren 1943 (25. mai 1943). Tilhøva i Amoy var nok ikkje så ille mot det dei seinare skulle oppleve. Dei hadde tilgang til noko lesestoff, og dei hadde nok også ei kontrollert form for fritidsaktivitetar. Kanskje er grunnen til dette at dei var relativt få fangar. I far sine notat er det ført opp mange datoar over fangar som kom og som reiste. Talet på fangar varierer mellom 30 og 50. Mat var det tydelegvis knapt om, for private eigendelar vart selde gjennom det japanske konsulatet til prisar langt under verkeleg verdi. Far har notert den 12. mars i 1943 at no var det slutt på brødrasjonen frå Japan, og at rasjonen per dag no var 6 ounce ris og 6 ounce bygg. 6 ounce er om lag 170 gram. Dei var fritekne for å arbeide, og i avhøyr med dei japanske styresmakter kom det fram at norske fangar var litt spesielle. Grunnen var nok at Noreg og Japan ikkje var i krig med kvarandre, men den norske regjeringa sat i London, og England var alliert med USA. Fleire nasjonar og aldersgrupper, også born, sat som fangar i Amoy, men ingen amerikanske er nemnde.
Den 25. mai i 1943 vart dei sende frå Amoy til Shanghai på ein gamal lastebåt som heitte S/S Chingva. Dei fekk med seg det dei hadde att av sine personlege eigedelar, men transporten elles likna vel mest på ein slavetransport. 34 menn og kvinner vart stua saman i lasterommet saman med kol og anna stykkgods. Det fortel vel litt om tilhøva på desse fangetransportbåtane at dei vart kalla ”Hellskip”. Etter fire dagar i sjøen med dårleg ver, kom dei til Shanghai og vart nokre dagar innlosjerte på Naval Y.M.C.A. Den 29. mai 1943 var dei flytta over til fangeleiren Kiangwan i Shanghai.
Det fulle namnet på fangeleiren var: Shanghai War Prisoners Camp, og han låg ikkje langt frå Shanghai by. Dette var ein fangeleir med plass til om lag 1500 fangar. Barakkene var enkle med tynne vegger med tak av bølgjeblekk. Området var inngjerda med ein 3 m. høg mur i tillegg til straumførande piggtråd. Kleda dei fekk, var tynn japansk kaki av svært dårleg kvalitet. Shanghai kan vere kald på vinteren, snøslaps og kuldegrader er ikkje uvanleg. Middeltemperaturen i januar er så vidt over 4° C. Dette er om lag det same som vi har heime på Hareidlandet i januar. Tidvis fekk dei pakkar med mat og medisinar frå Røde Kors, men dessverre så forsynte fangevaktarane seg grovt av desse hjelpesendingane. Fysisk tortur og avstraffing var vanleg for brot på leirreglane. Fleire ting er nemnde, som banking med treklubbe, pisking med ridepisk. Også det å tvinge ein vasslange ned i halsen eller inn i endetarmen på fangane og fylle dei opp med vatn, var ei kjende form for avstraffing. Nokre fangar døydde av denne forma for tortur.
Den første tida skriv far at han arbeidde på farmen. Dei dyrka litt grønsaker, det var visst mykje kål, til eige hushald. Utan at far har skrive så mykje om det, så fortel amerikanske rapportar at det gjekk mykje i bygging av vegar, og graving av dreneringsgrøfter. Ein periode på hausten i 1943 arbeidde far på füciama. Dette var ein stor jordvoll som skulle byggast opp som ein del av ei skytebane for japanske soldatar. Det var visstnok eit umenneskeleg blodslit å skufle vognene fulle og skuve dei opp på vollen for å tømme dei. Å øydelegge reiskap var brot på leirreglement og vart straffa.
Tydelegvis var også dei japanske styresmaktene redde for sjukdommar som kolera og tyfus, så dette fekk også fangane vaksine mot. At dysenteri ikkje var noko stort problem i denne leiren, skuldast nok først og fremst fangane sjølve, for dei fekk ordna det slik at dei sanitære tilhøva vart betra. Toaletta var berre ei hole i jorda, og avføringa skulle nyttast som gjødsel. Fangane fekk flytta desse latrinene lenger bort frå leiren og kjøkkenet. I tida mellom 1942 og 1945 var der såleis svært få dødsfall, og i dei få tilfella som var der, så var nok underernæring den vanlegaste grunnen til sjukdom. Kosten var ris, forureina av fluger, makk, muselort og sand. I tillegg til ris var det ei tynn grønsaksuppe.
Far vart sitjande i denne fangeleiren fram til våren 1945, då vart leiren tømd, og fangane sende til Japan.
Den 9. mai 1945 vart alle fangane først transportert med tog til Peking. Det vart stuva 30 til 50 mann i kvar vogn. Godsvognene var delt i tre, framme og bak var for fangar, plassen i midten der dørene var, vart avsperra med piggtråd og var for væpna vakter. Det var lite mat, og drikkevatnet så usikkert/forureina at det vart tilsett jod. Etter 5 dagar kom dei til Feng Tai, ein fangeleir like utanfor Peking. Eg veit ikkje mykje anna om denne leiren enn at det var eit ombygd varehus. Dei måtte ligge på steingolvet med berre stråmatter som liggeunderlag. At forholda var elendige, er vel nesten gitt, når over 1000 menneske skal bu så nært oppå kvarandre, og når rasjonane av mat er små og dei sanitære tilhøva elendige. Her var dei internerte i om lag ein månad fram til 10. juni, då dei på nytt vart sende av garde. Vegen til Japan gjekk om Busan i Korea der dei vart innlosjerte i barakker ikkje så langt frå jernbanestasjonen. Kaptein Johs. Slaastad skriv: ”Forholdene i Feng Tai (Peking) var elendige, men i Fusan (Busan) var de 100 % verre”. Lukkelegvis varte opphaldet her berre ein 4 til 5 dagar før dei på nytt vart sende med lastebåt, “Hellskip”, til Japan.
Den 2. juli i 1945 kom dei fram til leiren. Far kallar leiren for Kawasaki, Kaptein Slaastad brukar Tokyo Camp no 2. Dette var i dei siste dagane av krigen mellom USA og Japan, og den amerikanske bombinga av Japan var svært omfattande. Leiren låg nok i byen Kawasaki som ligg mellom millionbyane Tokyo og Yokohama. Det er slutt på alle notata om fangearbeid, no er det bombinga dei skriv om, og at det var fangane sin jobb å grave fram lik og samle saman likdelar etter bombing. Natta mellom 25. og 26. juli i 1945 vart leiren jamna med jorda av den amerikanske bombinga, og fangane vart flytte til ein ny leir ikkje langt unna. Her hadde dei nokre barakker dei budde i, medan bomberommet var ein kornsilo. Kornsiloar var bombemål, og dei skriv om ”to fulltreffere” og fleire bomber berre nokre meter frå siloen. Far skriv 14. august 1945: ”vi hadde det siste bombeangrepet.”
Den 16. august, Japan kapitulerte, og krigen var over. Kaptein Slaastad skriv: ”Den 16de august blev vi av kampens autoriteter underrettet om at krigen var slutt, og dermed var det også slutt på japsens brutalitet og djevelskap.”
Den 25. august skriv far: ”Dette var en stor dag. Mange amerikanske fly passerte vår camp og droppet stoff i fallskjermar. Det var mest sjokolade, toalettsaker og 50 bokser med hermetisk kjøtt.”
Dette kom sikkert godt med, for spesielt under opphaldet og bombinga i Japan miste dei det meste av sine personlege eigedelar. Dei hadde ikkje stort meir enn det dei gjekk og stod i.