Anders Martin Hatlevik vart fødd 16. januar 1897 på ein liten plass kalla Hatlevika i Skodje kommune. Dette var eit bruk lagt under Solnør gard. Dette gjorde at Anders og dei fem brørne hans måtte gjere pliktarbeid på garden.

Farsslekta kom frå Holmøyane, som var kjend for å vere dugande handverkarar. Slektsarven gjorde han til ein flink handverkar. Heime i Hatlevika var det ein tønnefabrikk, ei smie og eit sagbruk, så den første læretida hans var merkt av det som gjekk føre seg der.

Tidleg på 19-hundretalet, då til og med bankane gjekk konkurs, miste folket i Hatlevika alt dei åtte. Gutane måtte ut for å livberge seg. Like etter konfirmasjonen tok Anders seg drengeteneste hos lensmannen på Haramsøya. Ein gong lengta han så heim til maten hennar mor at han ein laurdags ettermiddag rodde til Ålesund, tok av seg det einaste skoparet han åtte, og sprang berrføtt heim. Skorne måtte sparast.

Arbeidsløyse og fattigdom gav folk Amerikafeber. Eit søskenbarn som kom heim etter 8 år i Amerika, fortalde om draumelandet og ville ha slekt og vener med seg tilbake.

Anders og søstra tenkte å slå følgje, men før det vart noko av det, gifte søstra seg med Knut Saunes, og her møtte Anders søstra til Knut, Astrid. Dette førde til kjennskap og vennskap og giftarmål i 1924. Slik vart Anders Hatlevik knytt til Ulstein, og det førde til den innsatsen han fekk utføre her. Etter brannen i Ålesund vart det mykje å gjere. Her kom Anders i lære, gjekk på kveldsskule og løyste både svenne- og meisterbrev i byggefaget. Såleis kunne han bygge hus etter eigne teikningar. Det første huset han bygde var hans eige. Dette skulle korne til å verte eit mønster for husbygginga på Saunes og mange andre stadar i bygda. Til eige bruk hogg han tømmeret i Hatlevika, saga det, grov tomta og gjorde det meste med huset sjølv. Og då dei harde trettiåra kom, var huset nesten ferdig.