I 2022 blei det utgitt ein guide for bygg i Trondheim med jugendstil (også kalla art nouveau). Den er tileigna minnet om arkitekt Johan Osness:

«Hans frodige, nyskapende og varierte jugendstil med nasjonalt preg gjorde han til en av de aller mest betyningsfulle og produktive arkitektene i jugendstilperioden, både i Trondheim og Norge.»

Ettersom han var bror til morfaren min vart eg interessert i å finne ut meir. Frå før visste eg omtrent ingen ting om han. Eg visste at han teikna mange bygg i Trondheim og nokre i Ulstein også, men det var omtrent alt, og eg var i godt selskap. På mine heimtrakter var han i min barndom og ungdom best kjend fordi han fekk fem døtre i løpet av sju år. Ikkje visste eg noko særleg om jugendstilen heller.

Nå kan eg ein god del meir om begge delar. Som rein bonus har eg også lært om ymse anna, spesielt om to saker, som dessutan heng saman som vi skal sjå: Betydninga av Hans Nielsen Hauge og arven etter han for den økonomiske utviklinga her i landet, og at det ikkje er slik at viktigaste drivkrafta bak næringsverksemda på Sunnmøre er rein hækne, slik ein myte om sunnmøringane vil ha det til.

I denne artikkelen skal eg gå litt innpå kven Johan var, og korleis det skal ha seg at ein fiskar- og småbrukarfamilie med små inntekter og mange born, i alt åtte, såg seg råd til å finansiere utdanninga hans. Eg skal vidare gi nokre hovudtrekk av det som kjenneteiknar jugendstilen og kva som særmerker dei bygga Johan teikna. Dette blir gjort på grunnlag av to av dei best kjende.

Kven var så Johan Osness? Han vart fødd i 1872 på Iverhaugen på Osnes som yngste son av Lars Osnes og Johanne, fødd Roppen. Han viste tidleg eineståande evner i teikning, og Lars og Johanne sende han til Stabells Middelskole i Volda, deretter til Trondheim der han studerte arkitektur ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt, forgjengaren til NTNU.

Han tok eksamen i 1898 og vart tilsett som assistent ved arkitektkontoret til Solberg og Christensen i Trondheim. To år seinare reiste han til Technische Hochschule i Charlottenburg, Berlin. Truleg hadde sjefane lagt merke til evnene hans, for dei dekka ein del av kostnadene.

Opphaldet i Berlin vart avbrote etter sju månader ettersom han måtte heim til Trondheim for å ta seg av presserande arbeidsoppgåver. Det var all utdanninga han fekk, men det var altså nok til at han vart mellom dei aller fremste jugendstilarkitektane i Noreg, mange meiner den fremste.

Bortsett frå delar av dette opphaldet, var det altså foreldra som dekka utgiftene til utdanninga. Korleis fann dei plass til desse utgiftene på det magre inntektsgrunnlaget sitt? Svaret er truleg haldningar dei arva etter den personen som etter mi meining har hatt størst betydning for utviklinga av Noreg som ein moderne industrinasjon: Hans Nielsen Hauge som levde omlag hundre år før.