Det skjer mykje i næringslivet i Ulstein utover på 1980-talet. Vinteren 1980 vart følgjande forretningstomter tildelte på det utfylte Nyland i Ulsteinvik: Bård Vikanes/Radioservice AS, Flø og Flø AS, Overvåg Manufaktur og Norvald Skeide. Samtidig var industriområdet i Saunesmarka klart for utbygging, i alt 400 dekar. Veg, vatn og kloakk var på plass. Saunesmarka var opparbeidd og lagt ut for sal. Området skulle dekke trongen om areal til industri, verkstader og servicenæringar. No hadde Televerket og Øyehols Varehus tinga seg tomter der. Bossbrenningsanlegget med varmegjenvinning var også etter kvart på plass i Saunesmarka.

Odim AS leverer i 1980 oljeutstyr til Statoil. Bedrifta var for fullt inne i oljemarknaden. I februar 1980 besøkte representantar for Statoil bedrifta i Ulsteinvik og fekk mellom anna demonstrert handteringsapparatet for oljelenser. No skulle Odim levere ein serie slike apparat til Statoil.
Eiksund Auto AS runda 10 år i 1980. Då hadde selskapet nyleg opna avdelingskontor i Ørsta. Ved hovudkontoret i Ulsteinvik var det 15 tilsette. Bedrifta hadde ført opp hall like ved verkstadbygget sitt i Holsekerdalen og satsa også på sal av campingvogner og rekna dette året med ei omsetning på kring 15 millionar kroner. Det var Gerd og Peter Eiksund som starta firmaet; den første tida heldt dei til heime i Brandal. I 1978 opna dei anlegget sitt ved Høddvoll.

Vikebladet flytta i august 1980 til Krushammarvegen, til dei tidlegare lokala til Hofseth Jarnvare. Avisa hadde hatt tilhald i to lokale, huset til avisgründer Johs. Thorkildson og i kjellaren hos Lidvar Ulstein, begge stader trongt, og plassmangelen hadde blitt påtrengande. Avisa hadde gått til innkjøp av nytt utstyr, og den nye trykkpressa og skjeremaskina var no på plass i Krushammarvegen. Nokre veker seinare var nytt reprokamera og setjemaskiner kome til. Avisa disponerte elles eit kontor på Hareid.

I slutten av september 1980 opna den nye damekonfeksjons-forretninga Elle Boutique i Ulsteinvik. Butikken, som no låg i dei tidlegare lokala til Loens Musikkhandel i Haram-huset, vart ein kjend klebutikk i Ulsteinvik i mange år. Innehavaren, Liv Haram Abbou, kunngjorde at butikken baud på franske klede for vaksne. Ho satsa på merke som dei andre butikkane i distriktet ikkje førte.

I dei seinare åra hadde det stadig vore nyetableringar innan handel i Ulsteinvik. Medan talet på daglegvareforretningar hadde gått ned, var det spesialforretningar i ymse bransjar som hadde kome til i stort omfang. Ifølgje Vikebladet fanst det hausten 1980 eit 60-tals forretningar i Ulsteinvik. Ni av dei dreiv i tekstilbransjen med klede eller tøyvarer; nokre artiklar av dette slaget fann du i tillegg i tre fire andre forretningar, mellom anna sportsklede. Elles spreidde butikkane seg i eit vidt spekter. Kjøtforretningane hadde no eit utvida vareutval, og bygda hadde hatt to bakeri så lenge nokon kunne minnast.

Shellstasjonen i Ulsteinvik fekk ny eigar i 1980. Det var G. Eilertsen AS som kjøpte stasjonen. Geir Eilertsen vart dagleg leiar i bedrifta som mellom anna satsa på dekk.

*

I januar 1981 melde Vikebladet at Eiksund snart ville stå utan butikk. Landhandlar Oplenskedal skulle slutte etter 35 år, og i februar var opphørssalet i gang. Heretter måtte Eiksund-folket til Haddal for å finne nærbutikk. Butikken i Eiksund hadde vore meir enn ein stad å handle. Her kunne folk sitje på benker og slå av ein prat med naboar og andre. Oplenskedal hadde også drive drosjekøyring i mange år. Denne funksjonen ville han ta i vare også etter at det var slutt med butikken.

I mars 1981 starta gravearbeidet på eit nytt forretningsbygg i Bjørndalsvegen i Ulsteinvik. Byggherrane var urmakar Birger Sunde og Ringstad Blomster. Huset, som vart bygd side om side med Møbelcentralen til Inge Seljeset, skulle førast opp i to høgder og med ei grunnflate på 18 gonger 20 meter – og vere fundamentert for påbygg i høgda.

Denne våren (1981) flytte Ragnhild Overvåg og dottera Greta inn i den nye forretninga si på Sanden (Nyland). Forretninga låg sentralt til ut mot Sjøgata. I bygget eigde Overvåg ein tredel, medan Flø & Flø stod for resten. No skulle mor Ragnhild disponere den første etasjen i kleforretninga, medan Greta styrte Upstairs i andre. Ragnhild Overvåg kunne no sjå tilbake på 24 år i manufakturbransjen. Ho starta i Strandbygget i 1957 saman med mannen sin. I 1963 flytte dei til Rolf Pilskog-huset. No hadde Ulstein Sparebank hjelpt til med finansieringa av det nye forretningsbygget. I intervju med Vikebladet fortalde Ragnhild Overvåg at ho hadde merka tilstrøyming av folk frå dei andre kommunane på Ytre Søre Sunnmøre til forretningane i Ulsteinvik, men også frå Volda/Ørsta. Ulsteinvik hadde verkeleg etablert seg som handelssenter.

I mai 1981 flytte Flø & Flø inn i nybygget sitt på Nyland. Dermed var endå ei av dei store forretningane komne på plass i dette området som no stod fram som eit forretningssenter i Ulsteinvik. Forretninga romma 600 kvadratmeter salslokale. Disponent var Oddbjørn Flø – som kunne presentere eit utval målingsvarer, teppe, golvbelegg, tapet, keramikkflis og gardiner over to etasjar. Frøet til firmaet Flø & Flø vart sådd alt i 1906 då Ole Flø hadde målarverkstad i det gamle Flø-huset i Ulsteinvik. Sonen Arne Flø tok over verksemda, knytte til seg fleire medarbeidarar og stifta Flø & Flø i 1953. Eldstemann i bedrifta var i 1981 Evald Myrene som starta som målar hos Arne Flø i 1948. På opningsdagen i 1981 fekk Myrene tildelt Norges Vels medalje.

Den 23. september 1981 opna Nye Øyehols Varehus i Saunesmarka. 2000 kvadratmeter fordelt på to etasjar var fylte med møblar i alle variantar. Planlegginga starta nærare tre år tidlegare etter at det synte seg vanskeleg å få i stand ei tenleg utviding av forretningsbygget på Hareid. Ole-Kristian Øyehol fortalde til Vikebladet at dei valde Saunesmarka fordi det ville gi varehuset ei sentral plassering i den regionen dei ville dekke. I tillegg til møblar tilbaud Øyehol også teppe, og totalt var tilbodet til varehuset det største i sitt slag på Søre Sunnmøre.

Cubus, forretninga til Sigrid Strand, var i 1980/81 i ferd med å bli ein handelsmagnet for Ulsteinvik. Forretninga var delt inn i fleire avdelingar – for ulike kundegrupper. Det var 20 år sidan Sigrid Strand starta forretning i huset til Johs. Strand. Seinare flytte ho til ei moelvenbrakke, der ho heldt til medan bygginga av den noverande butikken stod på.

Ulstein hadde i starten av 1980-talet størst detaljhandel per innbyggar i Møre og Romsdal. Vikebladet fortalde om liv og røre i Ulsteinvik. I tillegg til Øyehol og Cubus hadde elektroforretninga til Emil Leinebø, Elfo, starta opp inst på Nyland, Ulstein Sko var i ferd med å utvide, PF Waage hadde teke i bruk andre etasje til ei spesialavdeling til glas og lêrvarer, medan Borg Import flytte inn i dei gamle lokala til Ringstad Blomster. Astrid Skeide Urvik brukte ein knapp månad på å pusse opp lokala i Skeidehuset for å få dei slik ho ville til butikken sin, slik at alt skulle vere klart til julehandelen. Urvik dreiv med barneklede, utstyr, barnevogner med meir.

Og som om ikkje dette var nok, opna det nye forretningsbygget, der Rigmor og Birger Sunde og Ringstad Blomster heldt til vegg i vegg, nye romslege og flotte lokale til begge. Urmakar og optikar Birger Sunde var landets yngste i sitt slag då han starta forretning i Ulsteinvik i 1966.
Viking Reisebyrå i Ulsteinvik starta vinteren 1982 eit samarbeid med Winge Reisebyrå AS, og vart frå 1. mars dette året medlem av den landsomfattande Winge-kjeda med 20 reisebyrå i Noreg. Viking vart skipa i 1978, og i 1981 var omsetninga 10 millionar kroner. Reisebyrået skulle no bli kjent som Winge Viking.

Fotograf Hjertenes i Ulsteinvik runda 25 år i 1981, og vinteren 1982 utvida han butikklokala. Arbeidet til Hjertenes hadde endra seg mykje sidan han etablerte seg i kommunen i 1956. Svart-kvitt-bilete var hovudaktiviteten, men i 1982 hadde fargefilm teke heilt over. Salet av fotoutstyr hadde også auka mykje. Det var fotograf Olaf Storegjerde som bad Hjertenes kome til Ulsteinvik, og den første tida dreiv dei to i lag. Første tida heldt han til i Fjærely-huset, men no hadde han flytta inn i lokale utanfor kyrkja.

I 1982 kunne Anne Marie Jakobsen markere 25-årsjubileum som frisør i Ulsteinvik. Ho hadde flytta inn i nye lokale i forretningsbygget til Birger Sunde saman med Ingunn Lillebø som hadde drive frisørsalong på Leikong i åtte år. Jakobsen, som då heitte Haddal, starta som frisør i 1957.

Søndag 21. mars 1982 opna, som vi har vore inne på, det nye Ulstein Hotell i Varleite dørene for publikum. Hotellet ville få 50 stillingar, og det var enorm interesse for dei mange kvinnelege arbeidsplassane. Dei siste åra hadde det minka med arbeidsplassar som kvinner tradisjonelt hadde hatt i distriktet. Automatiseringa av Televerket stod for den største nedlegginga, der om lag 150 kvinner miste jobben. Men også mindre bedrifter som sysselsette kvinner i regionen, var borte. Døme på det var Brandal Lærvare, Hadar og SI-bedrifta på Hareid. Så mange nye arbeidsplassar hadde det ikkje kome til, det einaste var nokre få i varehandelen. Når nye Ulstein Hotell skulle takast i bruk, var det derfor stor interesse for dei nye arbeidsplassane.

Våren 1982 opna den første lågprisbutikken i målarbransjen i Ulsteinvik. Det var den første av dei fire forretningane som etter kvart skulle kome i det gamle Ulstein Hotell. Namnet var Fargesenteret AS med Lars Inge Breivik som innehavar. Butikken førte måling, tapet og golvbelegg med tilbehør i eit relativt avgrensa utval. Forretninga høyrde til Nyansakjeden som hadde etablerte seg i Norden, Frankrike og England.

Om lag samstundes kunne Ulstein Sko by inn kundane til ei utvida forretning med større vareutval, 250 kvadratmeter stilte innehavar Jostein Hareide til disposisjon. Den tidlegare fiskeskipperen tok i 1969 over skoforretninga til Margreta Ulstein (seinare J. K. Brandal Elektriske) på Geileneset. Der hadde det vore skomakarverkstad som Petrus Ulstein dreiv til han døydde i 1953. Nybygget til Jostein Hareide i Bjørndalsvegen stod ferdig i 1973. Den gongen låg tyngda av Ulsteinvik sentrum nedanfor kyrkja, men det skulle endre seg. I 1982 låg Ulstein Sko i smørauget av det nye forretningsområdet i bygda, Nyland. Samtidig fekk Jostein Hareide ein ny konkurrent. Hallbjørn Saunes hadde flytta skolageret i andre etasje i Halvdanbutikken til sin eigen nystarta butikk, Skosenteret, i huset til Norvald Skeide i Bøesvingen. Saunes var berre 21 år, men var tredje generasjon kjøpmann både på mors- og farssida. Dessutan dreiv tippoldefar Vebjørn Svendsen handelsstad og fiskeoppkjøp på Borgarøya i første halvdel av 1800-talet. Bestefaren Halvdan Saunes tok til å selje sko i tillegg til kolonialhandelen sin på 1930-talet. Men skobutikken til Hallbjørn Saunes vart ei døgnfluge.

Sentrum for salet av elektriske artiklar frå Vestre Sunnmøre Samvirkelag og radio/TV skulle frå 1982 ligge i Ulsteinvik. Dei nye forretningslokala, som også romma lager og serviceverkstad, låg no i det som før var kafé i gamle Ulstein Hotell. Styrar av S-elektro var Ståle Thorseth og reparatør/servicemann var Einar Johan Elvanes.

På same tid opna glasmeister Inge Magnus Sundgot ny forretning i Ulsteinvik. Sundgot tok over forretninga til faren i 1972, M. Sundgot & Son var namnet då. Forretninga låg i det området i Ulsteinvik som vart kalla Fjærely, der Arne J. Eiken hadde etablert seg med bokhandel. Forretninga vart seinare flytta til kjellaren i huset til Karl Sundgot. Men i mai 1982 kunne Inge Magnus Sundgot og kona Anita opne det nye Rammesenteret i gamle Ulstein Hotell, der han disponerte 100 kvadratmeter delt likt på butikk og verkstad. Butikken tilbaud mellom anna biletrammer i 50 ulike variantar.

Café Viking opna i nye lokale i gamle Ulstein Hotell i mai 1982. Då hadde kaféen hatt ein pause i og med ombygginga av hotellet. Ulsteinvik sentrum hadde no berre denne kaféen med 60 sitjeplassar i tillegg til fire bord for ikkje-røykjarar i eit lite avlukke. Ingebjørg Ulstein var kokk, medan av Marit Ulstein stod for serveringa saman med Randi Mork og Anny Dimmen. Alt i det gamle Ulstein Hotell vart leigt ut. I mai 1982 var der fire forretningar og kafé på plass.

*

Fotograf Per Eide etablerte seg med studio i det som før var Central Hospits i Ulsteinvik. Sidan han kom att frå England, hadde Eide farta land og strand på jakt etter motiv frå Sunnmøre. Men no var frilans-tilværet over, og Eide hadde starta studio for innandørsfotografering.

Sommaren 1982 vart det klart at Ulstein kommune ville kjøpe Mylna på Saunes. Tilflòtsretten var eit viktig argument. Det var Møre Felleskjøp som åtte bygget og hadde nytta det til lager. Hovudbygget vart oppført i 1948 og lagerskuret i 1952.

Gunvor og Dagfinn Dragsund kunne sjå tilbake på 15 år i radio- og TV-bransjen då dei flytta Radioservice inn i eige bygg hausten 1982. I desse åra hadde dei vore vitne til ei rivande utvikling i faget sitt. Det kom stadig nytt på marknaden, ikkje minst innan høgtalarar og musikkanlegg. I oktober 1982 var Radioservice på plass i nyelokala. Butikken heldt til i same bygget som konsulentfirmaet til Bård Vikanes i Ulsteinvik, men Dragsund åtte den første etasjen der butikken heldt til.

«Leiv Dimmen AS med ny butikk i gamle lokale», var overskrifta til Vikebladet då avisa hadde reportasje frå nyopninga hausten 1982. Leiv Dimmen starta med installasjon i 1954. I 1956 tilsette han den første medarbeidaren, og to år seinare opna han butikk. Så bygde han eit treetasjes hus midt i Ulsteinvik sentrum i 1968, og det var 1. og 2. etasje av dette huset som var ominnreidde til to separate, moderne forretningar. I første etasje var det lys, lampar og mindre elektriske artiklar, i andre kvitevarer, frys, kjøl og komfyrar. I det gamle huset til selskapet, der Radioservice AS no hadde flytta frå, skulle det vere lager for installasjonsarbeidet. Bedrifta hadde 16 tilsette, fire i forretninga, ein kontormedarbeidar og 11 installatørar. Etter at Leiv Dimmen døydde, dreiv kona Eli Dimmen forretninga saman med dottera Åse.
I september 1982 starta ei ny forretning for kjøkken og bad i Ulsteinvik. I forretningsbygget til Johs. Strand i Ulsteinvik hadde Svein Roppen innreidd eit lokale på 35 kvadratmeter i det tidlegare lokalet til Vesta Hygea, til det lokalavisa kalla eit utstillingslokale for kjøkkeninnreiingar og baderomsutstyr. Roppen starta sitt eige rørleggarfirma i 1978, og behovet for ein stad der kundane kunne sjå kva han hadde å by fram, gjorde at han no starta forretning i tillegg. Den første tida var butikken open berre nokre timar i veka. Seinare veit vi at Roppen har drive stor forretning på heiltid i tillegg til rørleggarfirma med fleire tilsette.

Ei ny blomsterforretning såg dagens lys i Ulsteinvik i september 1982. Forretninga hadde fått namnet Oasen og opna i dei tidlegare lokala til Sundgot & Son. Det var Anny Fjørtoft frå Ulsteinvik og Jorunn Fredriksson frå Hjørungavåg som skulle drive forretninga. Butikken satsa mest på plantar, men ville også ha eit utval avskorne blomster. – Det er dei grøne plantene som er i skotet no, og vi vil alltid ha eit rikt utval av små og store grøne planter, fortalde dei to drivarane til lokalavisa.

*

Odim AS hadde hausten 1982 utvikla nytt utstyr til oljeleiting. Vikebladet skreiv mellom anna dette i reportasjen sin: – I desse tronge tider med ordremangel og truga arbeidsplassar er det ei glede å presentere ei bedrift som sigler i medvind, og som har meir arbeid enn dei greier over. Men så har då også Odim satsa på olje og fått foten såpass innanfor hos oljeleitingsselskapa at dei har konkurrert ut større selskap i bransjen. For tida held bedrifta på Saunes på med å utvikle ei nyskaping innan seismisk utstyr som når prosjektet er ferdig utprøvd, vil gi Odim sysselsetting i lang tid framover.

I 1984 runda Odim AS 10 år. Med sine 27 tilsette var det inga stor bedrift, men ho hadde markert seg. Første driftsåret var omsetninga på 4 millionar kroner. No var ho meir enn tredobla, og det mangla ikkje på oppdrag. Det var Inge Dragsund, Olav Molvær, Magne Gjerdsbakk og Audun Dragsund som starta bedrifta. Inge Dragsund var dagleg leiar, og i intervju med lokalavisa fortalde han at bedrifta no kunne trenge meir plass.
I oktober 1982 vart det kjent at Eiksund Auto AS ville starte ny forretning for Mazda i Hovdebygda. Butikken skulle opne i mars 1983 og ville få namnet Eiksund Auto Ørsta. Bedrifta skulle også utvide anlegget sitt i Ulsteinvik. Ein ny bilhall på 450 kvadratmeter skulle byggjast i flukt med verkstaden og stå ferdig sommaren 1983. Eiksund Auto hadde no 21 tilsette, og etter utvidinga i Ørsta rekna dei med fem personar til. Frå ei omsetning på ein million kroner for 13 år sidan kunne disponent Peter Eiksund no skilte med ei omsetning på kring 24 millionar.
Eiksund Auto kjøpte hausten 1984 75 prosent av aksjane i Knut Rørhus i Breivika. Dermed var Eiksund den einaste Mazda-forhandlaren på Sunnmøre og den største bilforhandlaren mellom Bergen og Trondheim. Gudmund Eiksund vart hovudaksjonær og dagleg leiar i Breivika, faren Peter Eiksund var disponent i Eiksund Auto og Svein Idar Eiksund leiar for avdelinga i Ørsta.

*

Etter 110 år med forretningsdrift i Ulsteinvik kunne Ulstein Forbruksforening jubilere med nytt, stort forretningsbygg i Ulsteinvik sentrum. Då bygginga tok til, mangla det ikkje på protestar mot korleis dette store bygget var plassert, midt i gata. Men det ruvande forretningsbygget var med på å gjere sentrum meir bymessig. Då bygget opna dørene for publikum i november 1982, var det mange som lét seg imponere. Vel 800 kvadratmeter golvflate i første og andre etasje. I andre etasje var det også ein kafé med utsikt over hamna. Daglegvareforretninga i første etasje hadde utvida vareutvalet og dobla golvplassen i høve til det dei hadde i gamlebygget. Det nye bygget hadde også ein tredje etasje med kontor for Ulstein Forsyningsteneste og Veritas. Disponent for Ulstein Forbruksforening var Kåre Hatløy.

Det største varehuset i distriktet ligg i Straumane, kunne Vikebladet slå fast i ein reportasje i november 1982. Det nye Straumane Handelslag var då nettopp opna med ei netto butikkflate på 1370 kvadratmeter. Utviklinga frå den første, vesle bua som vart opna i 1930, og til no hadde gått betre enn venta, med ei større utviding i 1974 og no med eit heilt nytt forretningsbygg. Peter Hasund starta karrieren sin som handelsmann i ei kårstove på Skaret i 1930. Straumane Handelslag var då eit aksjeselskap. Etter kvart tok Hasund over fleire og fleire aksjar, og i 1969 var han eineeigar. Sønene Sigmund og Norleif var då komne med i drifta. I 1938 vart butikken flytta til eit lite murhus nær den nye butikken. Den tida låg fjøra like inn til vegen over Straumane. Varene vart henta i Ulsteinvik med robåt i mange år. Handelslaget fekk bil først i 1952. Etter kvart vart vågen fylt ut, og på denne fyllinga kom så første utvidinga av butikken i 1974. Straumane Handelslag var den første forretninga med snarkjøp i Ulstein. Hausten 1982 hadde butikken 11 tilsette, nokre av dei på deltid. Den nye forretninga tilbaud daglegvarer, glas og steintøy, i andre etasje var det avdeling for sport og fritid, sko, kjøkkenutstyr med meir. Disponent var Sigmund Hasund.

Ulsteinvik hadde fått fotfeste som handelssenter og kunne våren 1983 notere seg for den største auken i detaljvarehandelen i høve til dei andre kommunane på Sunnmøre. Undersøkinga frå Norsk Institutt for by og regionforskning (NIBR) viste at detaljhandelen i Ulstein selde 30 prosent meir varer enn innbyggjartalet skulle tilseie. Samtidig opplevde dei omliggande kommunane, Hareid, Herøy og Sande nedgang frå 1978-1980. Resultatet viste at Ulstein klart hadde hatt sterkast vekst i deltaljhandelen, medan Hareid, Herøy og Sande opplevde stor handelslekkasje.

*

I starten av mars 1983 skulle dei tre sildoljetankane ved gamlevegen forbi sildoljefabrikken i Hasundstranda fjernast. Dermed ville eit minne frå dei gode sildeåra bli borte. Eigaren av fabrikken, Elling Aarseth, hadde selt tankane til Danske Tjærekompani, og ein båt kom og lasta tankane om bord. Det var Stranda Mek. Verksted som stod for arbeidet med å demontere tankane som kvar var ti meter høge og vog 22 tonn.

Tysdag 3. mai 1983 vart eit anna landemerke i Ulsteinvik sentrum flytta. Den såkalla Bertakiosken, som Berta Osnes hadde drive i ei årrekke, vart løfta på lastebil og køyrd til eigedommen til Rolf Hatlø ytst på Osnes. Ulstein kommune hadde då lenge villa hatt kiosken bort. Fleire alternative plasseringar av kiosken hadde vore inne i biletet heilt sidan kommunen tok tak i saka i 1968. Men no var det altså slutt.

Sommaren 1983 tok ho til å reise seg, den nye kolonialforretninga på Hofsethaugen, ho som etter kvart skulle bli kjent som ViTo. Det var Kirsten og Johan Gjøvik som stod bak. Dei hadde drive Ringstad kolonial nedst i Holsekerdalen i ni år, sidan 1974, no skulle Gjøvik drive i eige bygg. Butikken vart opna i oktober 1983.

I ein reportasje i Vikebladet i august 1983 hadde avisa rekna ut at det var heile 11 frisørar i Ulsteinvik, fordelt på sju salongar. I tillegg hadde ein tolvte frisør hårpleie for eldre. Reportasjen tok utgangspunkt i Fønix som heldt til i andre etasje ved Ulstein Sko, ein frisørsalong for både menn og kvinner. Det var Evy Anne Dimmen (Sundal) og John Åge Sundal som dreiv salongen – som tidlegare heldt til i Central-bygget. Avisa stilte spørsmål om det verkeleg var bruk for alle frisørane i Ulsteinvik, og fekk vite at det var det. Folk i grannekommunane kom også til Ulsteinvik for å gå til frisør, særleg frå Herøy og Sande.

Hausten 1983 hadde musikkforretninga Loens Musikkcenter i Ulsteinvik eksistert i 10 år. I samband med jubileet intervjua lokalavisa innehavarane Ruth og Odd Loen. Begge gav uttrykk for at dei fekk arbeide med det dei interesserte seg for, men samtidig hadde salet stagnert. Folk kjøpte ikkje så mykje musikkinstrument som før. Men butikken heldt hovudet over vatnet enno ei stund. Loens Musikkcenter starta i 1973 i ei oppgangstid for både musikkforretningar og andre. Men etter ein topp i omsetninga i 1977, hadde salet stagnert. Ruth og Odd Loen meinte årsaka hadde samanheng med dei generelle innstrammingane i samfunnet på slutten av 1970- og starten på 1980-talet. Folk hadde generelt dårlegare råd. Vinteren 1985 var det klart at Loens Musikkcenter avvikla forretninga si. Med det stod Ulstein og Hareid utan musikkforretning. Sal av musikkinstrument hadde gått tilbake over heile landet. Odd Loen starta Ulstein Trekkspelklubb i 1974.

*

I januar 1984 fortalte lokalavisa at daglegvarekjeda Rema var i ferd med å etablere seg i Ulsteinvik. Med det var ein lang lokal tradisjon med innabygds kjøpmenn broten. Den nye forretninga skulle halde til i første etasje av Flø & Flø-bygget på Nyland (Sanden). Rema hadde valt Ulsteinvik på grunn av at bygda hadde status som handels- og regionsenter. Dessutan hadde kommunen høgt prisnivå, kommenterte Rema-eigar Odd Reitan i samtale med Vikebladet. No ville Rema gjere noko med det. Rema hadde på denne tida tre avdelingar i Ålesunds-området, og hadde planar om ei avdeling i Ørsta/Volda. Men Rema-etableringa var ikkje utan vidare populær i Ustein. Leiar Yrjar Garshol i Ulstein Næringslag kunne fortelje at det ikkje var udelt glede mellom dei 65 medlemene for å få ein slik lågprisbutikk til Ulsteinvik: – Enkelte av medlemene våre som er nyetablerte, kan bli pressa hardt om det kjem ei ny, stor daglegvareforretning som marknadsfører seg med spesiell lågprisprofil. Vi har vel ikkje langt ifrå overdekking i bransjen frå før, meinte Garshol. Men skepsisen førte ikkje fram, og Rema kom på plass.

Flø & Flø flytte no heile målarforretninga si opp i andre etasje, slik at Rema 1000 skulle få disponere første etasje. Sjølv var Odd Reitan i Ulsteinvik i samband med opninga av Rema Ulsteinvik, den 23. i rekka av Rema-butikkar i Noreg. Det var Solveig og Svein Edvardsen som skulle drive forretninga, og Reitan rekna med ei årleg omsetning på 10-15 millionar kroner, eit godt innhogg i den lokale marknaden.

*

Utgård Møbler hadde i tre år hatt ei tomt på hand på Nyland i Ulsteinvik og vurderte å gjere det same som Øyehol hadde gjort, etablere seg med møbelforretning i Ulsteinvik. Men i 1984 var det klart at Utgård ikkje kom til å gå vidare med tomta; han ville satse einsidig på møbelproduksjon. Tomta han hadde hatt på hand i tre år, låg vis à vis Hofseth Jarnvare, og no søkte Cubus ved Sigrid Strand om å få ta over tomta. Strand ville drive butikk i første etasje og leige ut areal i andre. Strand hadde teke over teikningane som Utgård hadde fått godkjent. Dette var på denne tida ei av dei siste tomtene som var regulerte og tilgjengelege på det utfylte området på Nyland.

Til påske 1984 stengde kjøpmann Olav H. Saunes og kona Sidsel Saunes dørene til den såkalla Halvdan-butikken. Kolonialforretninga Halvdan Saunes hadde eksistert i 65 år – sidan 1919; den første tida som landhandel med «alle slags» varer, og var no den nest eldste butikken i Ulstein. Men tidene hadde endra seg, og mange nye butikkar hadde kome til i Ulsteinvik. Konkurransen vart skarpare: – Vi sluttar før det går gale, slo Olav H. Saunes fast i intervju med lokalavisa.

*

For reisande og bygdefolk hadde det lenge vore eit sakn at kaféen og venterommet ved ferjekaia i Eiksund hadde vore stengt. Men i juni 1984 opna Grete Irene Eiksund og Svein Idar Eiksund gatekjøkken med venterom ved ferjekaia i bygda. Venterommet skulle vere ope frå klokka 10 til 22. I tillegg til tradisjonelle kioskvarer ville dei selje ein del kolonialvarer som til dømes mjølk og kaffi, eit tilbod til bygdefolket etter at butikken i Eiksund vart lagd ned.

I november 1984 opna Ulstein ei verna bedrift i det gamle elverkbygget i Ulsteinvik. Bedrifta skulle gi arbeid til åtte funksjonshemma og fire funksjonsfriske. I produksjonslokala dreiv dei stort sett med det same som ved Ulstein dagheim og internat; veving av golvmatter, skjerf, løparar, diverse korgarbeid, støyping av lys og snikkararbeid. Produkta dei laga, skulle seljast i butikken som hadde fått rom i første etasje.

Ulstein Trafikkskule vart etablert rett før jul i 1984. Solfrid Skeide og Paul Leinebø hadde vore sjåførlærarar i fleire år då trafikkskulen i Ulsteinvik rauk med i konkursen saman med 12 andre trafikkskular i Norsk Trafikkinstitutt. Men då konkursen var eit faktum, kasta Skeide og Leinebø seg rundt og starta Ulstein Trafikkskule, kjøpte to Mazda 626 hos Eiksund Auto og sytte for at elevane fekk fullføre sertifikat-løpet.
«Stengt» stod det på døra til bakar Johs. Rasmussen Eft. i starten av januar 1985. Etter å ha laga brød til folk i Ulstein i 110 år var det slutt. Sigmund Rasmussen hadde ikkje helse til å halde fram åleine i bakeriet etter at broren Magne døydde denne vinteren. Dessutan kunne Sigmund fortelje til lokalavisa at brødsalet ikkje lenger var som det hadde vore. – Folk bakar meir sjølve, og dei som kjøper, vender seg gjerne til forretningane som sel billigbrød. Det var bestefaren Sivert Rasmussen Myrold som starta bakeriet i 1875. Seinare tok far til Sigmund over kring 1920. Dei siste åra hadde Magne og Sigmund drive bakeriet i Kyrkjegata i Ulsteinvik.

I februar 1985 pakka skomakar Gunvald Sundgot saman for godt. Då hadde han drive i bransjen i 50 år. Nye forretningar, gjerne fleire konkurrerande i same bransje, hadde kome til i Ulstein. No var det ikkje lenger nokon som reparerte sko i bygda. Med Sundgot var den siste i bransjen ute av bygdebiletet. Han hadde halde til i eit lite kjellarrom i sentrum, og hadde blitt 77 år gammal. Då han starta som skomakar i 1935 etter å ha gjennomført læretid og sveinebrev, var det fire skomakarar i bygda. Gunvald hadde framleis ei av symaskinene sine frå 1930-talet då han slutta.

Den 1. mai 1985 stengde også Henry Røyset dørene til daglegvareforretninga si i Fredheim-kjellaren, der han hadde drive i 30 år. Dermed hadde endå ei utsett familiebedrift i denne bransjen gitt seg i Ulstein. Forretninga vart starta i 1955 og hadde halde til i Fredheim heile tida. Den gongen var det fleire som dreiv med kolonial i Ulsteinvik: Jan Remø, Halvdan Saunes, det gamle samvirkelaget, Høvik, Karl Sundgot, Elias Garshol og Arnulf Skinnes.

*

Ola Henrik Ringstad etablerte seg med utstillingslokale for bilar han selde i bygget sitt i Holsekerdalen vinteren 1985. Han reklamerte med fleire bilmerke, både nye og brukte. Han hadde flytta salsavdelinga han dreiv for Ørsta Mekaniske, til dei nyinnreidde salslokala i sitt eige hus. Ringstad bygde forretninga i 1961 og utvida ho med bustadhus nokre år seinare, men overlét heile handelen til dei som no dreiv ViTo på Hofset i 1974. Sjølv dreiv Ringstad Mobilstasjonen fram til han starta som bilseljar i 1980.

I april 1985 vart det klart at Sparebankane i Ulstein og Hareid ville knyte seg til det som skulle heite Sparebanken Møre. Det innebar ein fusjon mellom åtte sjølvstendige bankar, og dei lova at vanlege bankkundar ikkje ville merke nokon skilnad.

Solbjørg Tømmerstøl opna i november 1985 vaskeri i bustaden sin ved Høddvoll. Vaskeriet ville ta imot all slags vask for private, serveringsstader og firma. Tømmerstøl hadde arbeidd i vaskeri i 10 år og hadde såleis solid praksis. Ho hadde fått innreidd garasjen i bustadhuset sitt til vaskerilokale.