Som medlem av anleggsutvalet i Hødd fotball har eg dei siste 40 åra trakka rundt på Høddvoll, og eg trudde eg visste det meste som hadde skjedd der. Men det ingen hadde fortalt meg, var at laurdag 1. september 1945 skjedde dei ei trist dødsulykke på Høddvoll. Ved ei ulykke den dagen omkom den 9 år gamle Øystein Skeide (30.12.1936- 01.09.1945). Etter at eg fekk høyre om ulykka, har eg snakka med ein del folk for å nøste opp i kva som skjedde den fatale laurdagen i september 1945.
Son til Jenny og Josef Skeide
Øystein Skeide var son til Josef Skeide frå Skeide og Jenny Vik frå Låna i Ulsteinvik. Josef var skipper og fiskebåteigar. Dei bygde seg hus på heimegarden til Jenny oppe i Låna, og der vart Øystein fødd 30. desember 1936. Han hadde søskena Herborg, Aslaug, Jens og Judith. Judith tok over eigedommen i Låna etter foreldra, og det er hennar son, Øystein Skeide, som først fortalde meg om ulykka på Høddvoll. Dagens Øystein Skeide heiter opptatt etter onkelen som omkom. Han og familien bur i Trondheim.
Omkom på Høddvoll
For å få vite litt meir, tok eg kontakt med Jens Ola Vik oppe i Låna. Han er fødd i 1934, og såleis 2 år eldre enn søskenbarnet, Øystein, som omkom på Høddvoll. Jens Ola fortel at han og Øystein var ute og leika seg. Borte i Gamlevegen traff dei på Reidar Urke (1932) som var ute og køyrde med ein kassebil. Reidar skulle fram på Høddvoll å sparke fotball, og dei to kameratane slo fylgje. Framme på Høddvoll vart Reidar og Jens Ola med i ein fotballkamp, medan Øystein leika seg på nedsida av bana. Det var litt uklart kva som skjedde, men Øystein vart stygt skade i ein steindunge der.
Misste livet medan han leika
For å få vite kva som eigentleg skjedde, tok eg kontakt med Reidar Urke. Reidar fortel at på nedsida av grusbana låg der mykje skoten stein. Medan Øystein leika der, mista han balansen og datt ned den bratte skrenten med hovudet først. Der traff han ein kvass, skoten stein med hovudet og vart stygt skadd. Der var mykje blod og det vart stort oppstyr.
Ottar Seljeseth (1929-2019) var den eldste av gutane som var på Høddvoll og sparka fotball den dagen, og han tok kommandoen.
Livet stod ikkje til å redde
Øystein Skeide vart i all hast frakta ned til dokterhuset framme i Vikemyra til distriktslækjar Ole Sellevoll (1893-1973). Men livet stod ikkje til å redde, og der døydde Øystein 9 år gamal.
Venta med å skrive om hendinga
For å få vite korleis familien reagerte på dødsfallet, tok eg kontakt med yngste søstera til Øystein, Judith Skeide (1930-2018), som då budde på Ulstein sjukeheim. Ho fortalde at det gjekk forferdeleg hardt inn på både foreldra og søskena. Når eg fortalde at eg hadde planar om å skrive om hendinga på Høddvoll i Levd Liv, la ho ned forbod om dette. Ho orka ikkje at eg skulle rippe opp i det som hadde hendt, og eg måtte love å ikkje skrive noko før ho var død. Den lovnaden har eg halde, men no har eg skrive om hendinga på Høddvoll laurdag 1. september 1945.