1. Prestegarden
I 1905-1906 blei det bygt ny prestebustad i Ulsteinvik sentrum. Den gamle prestegarden blei seld til private. Andreas L. Moldskred gav skøyte for kr. 1200 til prestegardstomta. Ulstein kyrkje blei flytta frå Ulstein gamle kyrkjestad i 1878.
2. Fredheim
I 1905 gav Rasmus P. Vik skøyte til Ulfstens kristelige ungdomsforening på ei tomt, frådelt bruk nr. 3, kjøpsum kr. 340. Den 26. april 1909 vart huset til Ulstein kristelege ungdomslag vigsla. Ungdomshuset Fredheim vart samlingsstad for dei kulturopne. Huset vart lenge eit samfunnshus for bygda.
3. Hestevollen
Hestevollen låg mellom kyrkja og Fredheim. Hausten 1935 var det 25 mann i arbeid på haldeplassen i Ulsteinvik og på bygdevegane i kommunen. I september starta bortsprenginga av Hestevollen i Ulsteinvik.
4. Central Hotel
I denne optimistiske byggjeperioden medan krigen rasa på kontinentet, fekk til dømes Julius Ulstein sette opp Central Hotell i 1915. Det var det største og flottaste bygget i Ulsteinvik etter kyrkja. Før heitte det Central Pensjonat. Etter at Knut Syltevik tok over hotellet i 1923, fekk det namnet Hotel Central. Syltevik hadde vore i Amerika. Oscar Høvik kjøpte hotellet i 1930. I dag er huset rive og nytt bygg er plassert på tomta.
5. Musikkpaviljongen
Den 19.04.1921 vart det samrøystes vedteke av Musikklaget Ulf å sende ein søknad til Ulsteinvik skulekrins om å få løyve til å byggje ein Musikkpaviljong på krinsen si skuletomt i Ulsteinvik. Søknaden blei godkjent og paviljongen var ferdig til bruk 17. mai same året. Paviljongen blei mest truleg riven då det nye skulebygget i 1931 blei bygd.
6. Hestestallen
I forgrunnen ser vi hestestallen. Det vesle huset med dei tre dørene. Huset blei seinare bygd om til brannstasjon og fekk eit tilbygg som husa drosjesentralen.
7. Naustrekka i Vikefjøra
Naustet til venstre høyrde til Låna. Hofset og Holseker hadde også naust i Vikefjøra. Mest truleg høyrer dei andre nausta til desse gardane.
På det eine naustet legg vi merke til dei gamle åttringerborda på naustveggen. Det vitnar om ei tid med nøysemd og gjenbruk av materiale.
8. Stolpane
Stolpane i forgrunnen til venstre er mest truleg pælane til piren som førde ned til Sjøborg. Sjøborg blei oppført i 1917-1918. Her låg den kommunale dampskipskaia.
I Sjøborg var det innreidd både kommunestyresal og fleire kommunale kontor som var i bruk fram til det nye rådhuset stod ferdig.
9. Wigghuset
Huset mellom Hotel Central og Kornelius Sundgot er huset til Hans Wigg. Hans kjøpte eigedomen ”Haugen” i sentrum av Ulsteinvik i 1915 då han kom heim frå Amerika. Til høgre for huset ser vi uthuset. Hans Wigg heitte Vik til etternamn, men tok namnet Wigg medan han var i Amerika.
10. Stinhuset
Dette huset bygde Augustin Bigset rundt 1860. Augustinus Pederson Vik, f. Bigset (1831-1905), og Gurine Hansdotter, f. Saunes (1835-1916), hadde sju born som vaks opp, fem gutar og to jenter.
11. Kornelius Sundgot
Dette huset bygde Kornelius Sundgot. Han var bryggemann på Saunes. Sonen Gunvald Sundgot hadde skomakarverkstad i kjellaren i fleire år.
12. Vikhuset
Huset til John R. Vik. Bygd i 1928. Huset er i dag rive og er parkeringsplass for Ulstein Arena.
13. Vårfjøs/Sommarfjøs
Vårfjøsar eller sommarfjøsar i himmelsjå. I dag er vårfjøsane bytta ut med bustadfelt.