Kvifor fekk den radikale, frilynte ungdomsrørsla aldri rotfeste i Ulstein sist på 1800-talet? Det er nesten gløymt at det vart gjort eit forsøk med ungdomslaget «Kolmila», for laget vart etter alt å døme nedlagt etter eit par år.

1890-åra var ei tid for nasjonal oppvakning. Eit folkeleg opprør hadde gjort slutt på embetsstaten. Det nye radikal-liberale partiet Venstre auka medlemstalet sitt. Arbeidarrørsla var i emning. Presteskapet mista gradvis grepet sitt om den lokale kulturen, og blei utfordra av lærarane, som kjempa for norsk mål, lausriving frå unionen med Sverige og større fridom for ungdomen.

Ungdom flest i 1890-åra var nasjonalistiske, politisk radikale og i opposisjon til autoritetane, anten ein rekna seg som «kristeleg» eller som «frilynt». Fleire historikarar, som Oscar Handeland og Jon Tvinnereim, har peika på at dei to ungdomsrørslene eigentleg var ganske like. Det var mykje kristeleg program i dei frilynte laga, og målsak og andre aktuelle politiske spørsmål fekk brei plass i dei kristelege ungdomsforeiningane. I bygder der begge rørslene hadde lag, var mange medlemar i begge. Det var også ganske tilfeldig kva slags landsorganisasjon og krins laga melde seg inn i.

I åra etter 1895 gjekk alle born i Ulstein på søndagsskulen, etter at det vart oppretta søndagsskule i alle krinsane. Alle ungdomar blei konfirmerte i kyrkja og etterpå melde så å seie alle seg inn den kristelege Ulsteins Ungdomsforening, som blei opna for jenter det året.