Dette bildet (til høgre) er av Ulsteinvik sentrum og er mest truleg teke våren 1936. Bildet er henta frå Widerøe Flyveselskaps flyfoto.

Bilde nr.1

Vi ser at Sjøborg (1) framleis har mørk farge. Sjøborg blei måla i ein lys farge seinare i 1936.

Vidare ser vi at Holdeplassen (2) er utvida, og det var den ikkje i 1935.

Elles kan vi sjå at der pågår grunnarbeid på Sparebanken (3), og det var i 1936.