Tidleg på 1980-talet blei gratisavisa Ulsteinrevyen gitt ut. Utgjevar var Ulstein Næringslag og avisa blei delt ut til alle husstandard i Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og delar av Vanylven. Opplaget var 8000 og Tegneren Reklamestudio stod for sats, repro og montasje. Artikkelen om Bedi Import og La-Chris er henta frå Ulsteinrevyen, 6. årgong, oktober 1982.

La-Chris inn i Skeidebygget

Den 9. juli overtok Per Ingeberg forretninga La Chris, som heldt til i gamle sparebanken, eller “Arbeideren”, som bygget no heiter. Etter ein hektisk månad med salg og oppussing kunne La Chris flytte inn i lyse, trivelege forretningslokal i Skeide-bygg den 8. august.

– Skeide-bygg har i den seinare tid stått fram som eit allsidig forretningssenter, med frisørsalong, møbelforretning, utstyrsvarer og klede for barn, skoforretning, – og no altså konfeksjonsforretning med moteprega klede for ungdom i alle aldrar.

Det er eit variert utval frå fleire leverandørar vi finn i den trivelege forretninga. Ingeberg fortel at La Chris no framover vil satse sterkare på merkevarer, og til vårsesongen 1983 vil han kunne by kundane eit spesielt godt utval frå danske IN-WEAR/ MATINIQUE og italienske PEPPER /POCO-LOCO. Dette er merkevarer som hevdar seg mellom dei fremste på den euro­peiske marknaden

Sjølv om forretninga i sterkare grad enn før vil spesialisere seg på· desse merka, vil ein likevel kunne tilby eit minst like allsidig “varesortiment” som før, då desse produsentane syr “moteriktige” klede av alle- kategoriar for gut/jente – dame/herre.

Med 2 år bak seg i Ulsteinvik er La Chris inga fersk forretning i bransjen, men med ny eigar og i nytt sentralt lokale vil La Chris i sterkare grad stå fram som eit tilbod til den “motebevisste”.