Med ein oppvekst i Tjørvågane på 50-talet så kjem du ikkje unna historiene frå Ishavet, og dei sette sine spor. Alle bygdelag hadde sine fangstfolk og ishavsheltar. Mange deltok i redningsaksjonar og berga liv, andre miste livet når dei skulle skaffe innkome til familien. Men felles for alle er at livet deira var knallhardt.

Skomakerverkstaden i Aurvågane var ein samlingsplass for dei lokale fangstfolka, og her fekk eg lytte til dei mange historiene dei fortalte.

Det kunne vere tungt for ein smågut å høyre dei dramatiske fortellingane om sambygdingane som vart borte med Isstjernen og Pels, og der var mange tankar som skulle tenkast for å prøve å forstå det som vart sagt.

Då var det mykje lettare å høyre om moskusane som vart fanga på Aust-Grønland og slepte ut på Gurskøya. I mine barne- og ungdomsår var det mitt ansvar å sjå etter sauene på fjellet. Tankane var nok mange der eg fekk vandre midt i det som 20 år tidlegare var moskusen sitt rike. Eg likte desse turane der eg fekk gå og fundere om dyra som hadde trakka her.

I mitt minne var der ein enkel bygdeversjon av soga om fanging og utsetting.

Den enklaste versjonen var at Lisjenes-karane reiste på Ishavet, og i tillegg til sel kom dei tilbake med isbjørnungar og moskuskalvar. Kalvane vart sleppte på Gurskøya.

Dette var greit, men tidleg sakna eg ein slutt som kunne fortelle meg kva tid dei vart borte, og korleis dei vart borte. Og med åra kom trongen til å leite meir etter sanninga.