Kvernhus
Ulsteinelva er nok mora til all industrien i Ulstein. Storeelva, som elva på Ulstein heiter, gav energien som dreiv kvernsteinane rundt og mol kornet til mjøl i fleire hundre år. Her var 10 kvennahus som eg kan hugse. Folk kom frå mange kantar, ja, heilt frå Runde kom det færingar med last for å male. Eg har aldri høyrt snakk om kva dei måtte betale for å male kornet. Det var kanskje underordna dette med å ta betaling i den tida? Færingane som kom, hadde fast landingsplass ned på Øyra, ei god nærdjup styd. Den dag i dag heiter ho Malarstyda. Frå Malarstyda var det hesten som måtte frakte kornet fram til kvernene som låg langs elva fram gjennom kvennavegen.
Kvart kvernhus hadde ein kunstig bygd dam, eller brei vassføringsveite ovanfor husa. Drivkrafta til kvernane var vatn i 5-6 meters fall frå desse dammane, leia i slok som spissa ned til kvennkallen. Her var det spjeld som traff og svinga kallen, som igjen dreiv kvernsteinen oppe i kvernhuset. Kvernsteinen var tung, i alle fall 100kg. Der var ei inretning som kunne løfte han litt opp med kilar, elles kunne ikkje kallen greie å svinge han rundt. Dette var instilt slik at mjølet var passe fint.
Under kvernkallen stod der ein tjukk aksling, som igjen stod ned på eit etter måten stort og tjukt jernstykke. Dette jernstykket virka som eit lager, og dei kalla det grunnmusa. Før kornet kunne malast, måtte det tørkast godt, og det var i kjellarane dette vart gjort. I alle kjellarane var det to store baksteheller som dei kunne fyre opp under (langt innlegg). Oppå hellene la dei då tørkesålen, som hadde stålplate ned mot hellene. Opp i der la dei kornet, som dei kara fram og tilbake til det vart tørt. Dei måtte passe på ikkje å svi det for mykje. Vi ungane var der også, og fekk ete det korn vi ville. Det var fole godt, i dag kallar vi det rista korn.
Under siste verdskrigen vart kvernane brukte mykje. Som eit apropos kan nemnast at far vart meldt til politiet for at han let nokon bruke kverna hans. Det var nokon innanfrå Ulsteinvik som hadde fått male kveitekorn til brødmjøl, utan å oppgje det til styresmaktene. Eg veit ikkje kven det var som melde han, men ein mann hadde blitt stoppa og spurt kvar han hadde fått malt kornet. Svaret var Hans T. Ulstein. Så kom lensmann Harkjerr, og til hans store fortviling måtte han plombere kverna vår. Far sa at denne plomben ikkje vil stå lenge, ein kunne aldri vita når nokon letta på «stæmå» og braut plomben. «Du har rett» sa Harkjerr. Far fekk ei bot på kr. 500, som han ikkje betalte. Krava kom stadig. Endatil etter krigen kom det krav. Då skreiv far brev til HM Kong Håkon VII, og forklarte at han berre hadde følgt parolen frå London, og venta at dette kravet vart sletta. Det kom svar omgåande. Alle krav var sletta, og stor takk for brotsverket kom i tillegg!
Snikkarverkstad
Rett etter hundreårsskiftet, rundt 1905, bygde Johan Svendsen eit verkstadhus i Osen. Han brukte vatn frå Husladammen med ei vassrenne som var 7m høg over elva. Dette var vassføring til overvasshjulet som dreiv maskinane. Han laga dører, glasrammer, trapper og bord. Han hadde også ei båtrenne, og tok fram i alle fall ein 40 fots motorbåt, som kom hukeferdig frå Bjørkedalen. Johan var ein dyktig kar, men døydde så altfor tidleg i 1915. Kona gifte seg oppatt i 1917 med Olav Welde, som dreiv verkstaden til Sverre, eldste sonen til Johan, kom så langt at han kunne gå inn i arbeidet.
Mylne
Her var også ei mylne på Ulstein med drift frå vassdraget. Det var vel kring århundreskiftet den også vart starta. Kanskje var det i 1910-12. Det var Svendsendammen som vart brukt til mylna. Dette er den første dammen ovanfor brua, på høgre sida. Eg trur det var Johan Svendsen som fekk i sving mylna også.