Særleg i åra etter at krigen slutta vart det god tilgang på arbeid, slik at vi måtte tilsette meir arbeidsfolk og skaffe oss meir verktøy. Når ein driv med reparasjon så treng ein allsidige personar som kan forskjellige ting.
Fiskarar var slike som var vande til å reparere og halde ved like både båt og utstyr, og dei var vande å ta eit tak også i motvind. Sameleis var gardbrukarane også allsidige og vande med å ta eit tak når det trongst. Desse var sesongarbeidarar og var gode folk å spørje når båteigarane skulle reparere og pusse opp båtane mellom sesongane.
Maskinistar tok seg også arbeid i land i periodar. Aslak Våge var den fyrste utanom familien som fekk fast arbeid. Han var ved bedrifta til han gjekk av med pensjon.
Utviding av aktiviteten
Vi sa aldri nei når nokon spurde oss om å utføre arbeid. Derfor vart det lange dagar for å halde lovnadene. Og arbeidet vaks fort på når vi bygde slipp slik at vi kunne ta båtane på land.
Fyrst var det ei renne som hadde støtteslisk på eine sida, som båten støtta seg på og heldt balansen. Ein gammal handdriven vinsj vart kjøpt til å drage fram båtane med, den var handdriven med to sveiver.
Neste utviding var ei større renne med skinner på eine sida og to vogner som båtane støtta seg på og slik heldt balansen. Denne slippen var brukt til båtar opptil ca. 80 fot. Opphalingsutstyret var kjøpt av Ole Håkonsholm, dette utstyret var brukt av Sigvald Håkonsholm, som var den fyrste i Ulstein som dreiv med reparasjon av båtar. Elmator, ”nokke”, blokker og vaier vart kjøpt, og dette står framleis i slipphuset montert slik det vart brukt.
Etter krigen starta vi på å lage ei slippvogn, ”patentslipp”, den var beregna til båtar på ca. 100 fot. Men då vi vart spurde om å slippsete så vaks viljen – så største båten vi tok på land var 130 fot. Det var ”Løfting”, ein lettbygd lastebåt, som vi skifta mange plater i botnen på. Det var lavt under botnen slik at det var ein krevande og tøff jobb å ligge inn under og klinke alle naglane.
Når vi kunne ta båtane på land, vart det fort meir arbeid. M.a. forhøya vi ein ca. 70 fots trebåt, skifta stråkjølar, hudplankar, rekkestøtter og bygde overbygg på fiskebåtar. Til å utføre dette arbeidet fekk vi hjelp av erfarne tømmermenn som hadde erfaring frå andre verkstadar. Vi lagde også ei stimrenne til å stime hudplankar, slik at dei vart mjuke og kunne formast etter skutesida. For å lage stim lagde vi ein oljefyrt stimkjel.
Då vi vart fleire arbeidarar, måtte vi ha meir verktøy. Arbeidsreiskapar som kunne lagast vart tilpassa etter kvart som det var behov. I tillegg vart det ordna på den måten at vi kjøpte gammalt som kunne reparerast og gjere nytte ei stund til. Vi kjøpte etter kvart også ein ny dreiebenk, og då kunne vi få meir presisjon på maskinarbeid etc. Denne benken kosta ca. 12.500,- kroner. Arthur og Magnar hadde spart opp 3500,- kvar, som bedrifta fekk låne til denne investeringa. Vi dreia hjul til slippvogna og lager til vinsjen. Trommelen vart valsa ca. 60 cm og påmontert eit stort drev for utveksling. Denne vinsjen vart kobla til opphalingsutstyret frå Håkonsholmen med ein stor lastebilgear for å tilpasse farta og krafta.