Det var ein av desse kalde, fine vårdagane vi stundom opplever her ute ved kysten på Vestlandet. Vi sit utafor løa på gardsbruket Haugane i Ulstein, Harald P og eg. Vi sit stille. Nokre ord fell no og då, mest om det daglegdagse, slikt som veret og våronna. Då seier Harald P liksom ut av inkje: «Dagfinn», seier han, «du må hugse på ein ting, at skal du gjere noko ut av det livet du lever, så må du kome deg opp før klokka seks om morgonen.» Pause. «For viss du ikkje gjer det, kan du like godt liggje, for då er dagen gått.»

Denne utsegna fortel om eit liv og ei haldning til livet. Midt i den heller trivielle samtalen vår kjem ei livsbetraktning, ja, ei betraktning som set kvardagen i relieff mot sjølve livet. Naturlegvis frå hans ståstad, og alltid med ein humoristisk og livsfilosofisk snert.

Jau, for han var eit arbeidande menneske. Arbeidet forma livet hans, og han forma arbeidet.

Han vart fødd på småbruket Haugane i Ulstein i juni 1916, i eit heller typisk kystsamfunn, tradisjonelt på alle måtar, med fiskarbønder, heimeverande husmødrer, og med litt småindustri av ymse slag. Men dette samfunnet skilde seg på mange måtar frå fiskarsamfunna lengre nord i landet. Der hadde allmugen i hundreår vore strandsitjarar under væreigarane.

På Sunnmøre var det annleis. Her levde sjølvstendige fiskarbønder som i stor mon var herrar i eigne liv. Det er truleg at nettopp dette er ein viktig grunn til stor gründerverksemd i nettopp denne delen av landet. Folk var vande til å ta initiativ sjølve og kunne i stor grad eigenhendig disponere over arbeid og tankar om framtida.

Harald P skriv seg inn i denne tradisjonen.

Foreldra hans var Paul og Betty på Haugane. Dei gifta seg i 1910.

Far til Betty var Peter Knutson Saunes, og mora Lisa Berntsdotter Vik (1856 – 1941). Peter var fødd i 1853, men døydde berre femti år gamal. Lisa sat då att med sju born, der ho og dei to eldste borna, Johannes og Betty, dreiv garden vidare. I 1909 gifta Johannes seg med odelsjenta i Huslagarden på Ulstein og flytte dit. Tre år seinare bestemte Lisa at småbruket skulle delast i to. Paul og Betty tok over gamletunet, medan Lisa og dei yngre borna bygde nytt våningshus og driftsbygning på den andre halvparten av garden.

Paul Henriksson Indrefø (1884 – 1976) kom frå Henrikgarden på Indreflø. Han tok etternamnet Saunes då han flytte til Haugane, ein skikk som var heller vanleg den gongen. Det er liten tvil om at desse to dreiv gardsbruket godt og var respekterte sambygdingar i Ulstein-samfunnet.

Som dei fleste andre småbrukarar på hans tid var Paul også fiskar. Han var medeigar i båten Hugin. Han dreiv fiske på den tida av året då gardsbruket ikkje trong arbeidskrafta hans, men tidvis også med frakt. Ikkje rart at sonen Harald, då tida kom, tenkte i dei same banene.

Paul og Betty hadde fem born: Petra (gift Ottesen/1911-1984)), Astrid (gift Botnen/1913-2002)), Harald P (1916-2004), Hans (1918-1974) og Bjarne (1925-2009).

Som odelsgut tar Harald P over bruket Haugane i 1953.

Til liks med andre ungdomar i hans generasjon fekk Harald P etter måten lite skulegang, men eitt år på Sunnmøre Ungdomsskule verka å vere av stor betydning for livsvala hans. Han valde som mange i hans generasjon eit nært forhold til kristendomen og fråhaldsrørsla. Han kunne ofte seie at den barnlege trua rekk vidare enn alle slags teologiske utgreiingar. Så sant han hadde høve til det, gjekk han til kyrkje på søndagane. Eingong eg spurde han kva presten hadde preika om denne søndagen, svara han at «eg har no høyrt det før.» Han hadde jo ein ironisk distanse til det meste i livet.

Å ta del i fråhaldsrørsla var nok viktig i samtida hans, og for mange også eit etisk val, i ei tid då alkoholen skapte store problem i mange heimar. Så seint som kring år 1900 klaga ein prest i området over «all den Skraal og Larm der udfolder sig på Galleriet under Høimessen.» Grunnen er, så vidt ein kan forstå, at karane på galleriet skjenkar seg heller heftig under gudstenesta.

Med eit glimt i auget fortalde Harald P at fråhaldsløftet hadde lønt seg heller dårleg. Då han som vaksen sigla i utanriksfart, var han sjølvlærd frisør på skipa han sigla med. Løna var standard: Ein halvliter med øl på næraste sjappe når dei kom i hamn. Men, som han sa, hadde han jo lova at han ikkje skulle drikke anna enn vatn, og i verste fall kaffi. Halvlitrane vart derfor aldri drukke, i alle fall ikkje av frisøren.

Det fall seg naturleg at odelsguten gjekk inn i gardsarbeidet etter konfirmasjonen. Den gongen og heilt inn på 1960-talet var ein vaksen den dagen ein vart konfirmert. Men han treivst aldri særleg godt som jordarbeidar.

Allereie som seksåring begynte han i folkeskulen, midt i skuleåret, då skulestyret fann ut at det neste årskullet hadde for mange elevar. Han var den yngste og minste, og slik vart det verande i mange år. Då han etter konfirmasjonen brått skaut i veret og tok att dei andre jamaldringane, uttrykte onkelen, Sigvald, seg slik: «No veks du slik, du Harald, som om du skulle vere grøda.» Etter det gjekk han under utnamnet Grø, eit namn han likte heller dårleg.

Det er jo ein gamal skikk dette med utnamn. Ein kjenner det godt heilt tilbake til norrøn tid. Ein kjend person frå sogelitteraturen er Grim Kveldufson, som dei kalla Skallagrim, ja, nettopp fordi han var skalla, og truleg er den eldste, kjende nordmannen med hentesveis.

Harald P var glad i dyr, og hadde ei tid som ein slags hobby å spikre opp starebur både på husa på garden og i trea i hagen. Ei spesiell omsut hadde han for skjora i tuntreet. Ho førde lykke med seg, så henne måtte ein ta godt vare på.

Om seg sjølv og oppveksten på Haugane sa han at han eigentleg hadde vakse opp med ei merr og ein båtmotor. Og det er neppe nokon dårleg sjølvdiagnose.

Så vart jo det yrkesaktive livet hans i all hovudsak også tilbringa på slepebåtar og frakteskuter.

Livet i ei lita grend framover på 1930-talet var nok heller keisamt, skal ein tru på hans eigne utsegner. Han hadde heller tidleg eit blikk for kva som var å finne «over de höie Fjelle.» I 18-årsalderen hadde han sitt første opphald utombygds, som dreng på Stranda. Han treivst godt og knytte venskapsband for livet. Denne sommaren arbeidde han for Jens-Ola Ringstad på gardsbruket Ola-garden og på Ringstadsetra, og fram gjennom livet var det liksom han med jamne mellomrom måtte innom Stranda for å helse på.

Men han var ikkje den einaste som søkte arbeid i dette området sommarstid. Det var fleire frå ytre Sunnmøre som arbeidde på gardane inne på Stranda i slåttonna, mellom anna var søstera Astrid også slåttetaus på Ola-garden.

Han opplevde både stor arbeidsglede og godt samhald denne sommaren. For løna kjøpte han seg mellom anna ein dress og eit kasseapparat. Med dette fotoapparatet tok han det fyrste biletet som finst av bestemora, Lisa på Haugane.

Det er truleg at denne opplevinga stod høgt i livet hans. Men så er det kanskje også slik at det vakraste i livet vårt opplever vi der vi minst ventar det.

Harald P var det ein i dag gjerne kallar ein handyman. Det fanst vel knapt den innretninga han ikkje kunne reparere. Når ein var vitne til at han gav seg i kast med ein vinsj eller ein båtmotor, såg ein at han hadde innsikt. Og det er lett å gje forfattaren Agnar Mykle rett, når han i romanen Rubicon skriv om sunnmøringen at berre du gir han ein hesjestreng, så reparerer han alt muleg. Innretninga blir ikkje som ny, men ho fungerer.

Stolt var han over at han fekk beste karakter i sløyd på ungdomsskulen, som jo var ein heilt annan skule enn den ungdomsskulen vi kjenner i dag.

Ungdomsskulen, eller Sunnmøre Ungdomsskule, er jo forløparen til Sunnmøre Folkehøgskule. Sidan oppstarten i 1908 levde skulen over fleire år eit usikkert liv, men pågangsmotet til kristenfolket i Ulstein var sterkt, og ein kan vel seie at då Harald P byrja på skulen i 1935, var den etter måten veletablert.

Han likte seg der, og tida i lag med andre ungdomar på denne skulen kom han ofte tilbake til i funderingar over eige liv.

At Harald P gjekk inn i fråhaldsrørsla, var ikkje uvanleg i hans ungdomstid. IOGT hadde solid fotfeste på Sunnmøre på den tida. Han var dessutan ein aktiv medlem i krinslosjen Hadarøy. Under andre verdskrigen, medan han enno var heime, skreiv han flittig i lagsbladet Solhov. Som ein kommentar til rasjonaliseringstiltaka utover sommaren 1940 skriv han at «..Eg tenkjer på alt dette me kavar med til kvardags, til dømes rasjoneringa. Skal ein til Vik for å gjere innkjøp for veka, så vert ein forsyne meg so oppstappa med kort at ein kan lite syne seg for folk. Det er kaffikort og sukkerkort, mjølkort og tilleggskort…» Ein merkar gjennom humoren den satiriske tonen som nok var retta mot makthavarane.

Seinare var han redaktør for det handskrivne losjebladet Opp og Fram, eit ganske så optimistisk namn, som pent skriv seg inn i norskdomsrørsla.

På distriktlosjemøtet på Fredheim i juni 1941, der også ikkje-medlemer var til stades, slår han an tonen slik: «..Det er sanneleg ikkje lett å vere redaktør i tider som desse. Somme seier det er bladsensur, men me hev ingen ting høyrt, og likevel skriv me ikkje alt som me tenkjer og trur..» Og han avsluttar innlegget sitt slik: «..at me so snart kom i gjenge att i losjar og lag, er bra i alle fall, for ein lyt rekne med at lagslivet må stellast som jarn. Alt medan det går, so held me rusta borte,og kan hende byggjer me på. Men stansar arbeidet, so vil rusta setje seg og vil tære meir di lenger det lid» Den metaforiske skrivemåten fortel oss om ein aldri så liten diktar. Eigentleg snakkar han jo ikkje om alkoholen, men bladsensuren og okkupasjonsmakta. Og det er lite truleg at dei som sat i salen, ikkje tok poenga hans.

Elles merkar ein i desse handskrivne innlegga i losjeblada at ein har med ein opposisjonell å gjere, og det varte ikkje lenge før det viste seg i handfast handling.

Jau, han var på mange måtar diktar, kanskje meir enn noko anna. Og utan å samanlikne kunne han truleg ha sagt med Henrik Wergeland: «Jeg var intet annet enn dikter.»

På losjefesten i juni 1941 avslutta han med desse verselinjene:

Her strir eit folk for liv og krav
i arbeid både møy og mann
i stendig strid på land og hav
for heim og fedreland

For her vil me strida og her vil me bu
her vil me leva i hugnad og tru
Og her vil me taka eit meistertak
for bygda vår og for Noregs sak.

Og allereie den 14. august same året gjekk han med motorbåten Hugin , ei 40-fots skute, ut frå Ulsteinvik. Harald P var medeigar i båten og skipper. Saman med ni andre forlet han heimbygda denne augustnatta, mellom dei tre gutar frå Austlandet som stod i fare for å verte tekne av Gestapo. Dei sju andre frå Ulstein.

Ved Flørauden skulle dei ta om bord nokre menn frå Ålesund, men då dei ikkje viste seg etter ein times venting, våga dei ikkje liggje der lenger i frykt for at dei skulle bli oppdaga og avslørt.

Dei fekk fyrst landkjenning ved fyret Muckle Flugga på nordspissen av Shetland, og den 18. august kom dei til Lerwick. På kaia stod Sigmund Ulstein, ein losjebror av Harald P, og venta på dei. Det gjorde nok ankomsten meir heimleg enn om han ikkje hadde stått der. Allereie den 19. forlet Hugin Lerwick. To dagar seinare la dei til kai i Buckley. Derifrå reiste mannskapet med tog til London, der dei vart internerte i seks dagar med kryssforhøyr før pass og papir var i orden.

Om grunnane til at han reiste, seier Harald P i eit intervju med Vikebladet at det nok var ei blanding av fedrelandskjærleik og eventyrlyst. Seinare i livet kom han tilbake til at krigsåra hadde lært han at verda kunne vere ein vedunderleg stad å leve, berre menneska kunne halde fred med kvarandre. Og han la til: «For meg vart fedrelandskjærleiken utvida til å femne om heile menneskeætta.»

Seinare sa han mang ein gong at det gjekk svært innpå han at båten dei tolv mennene frå Ålesund seinare reiste med, truleg vart bomba av tyske bombefly og at alle omkom.

I mannskapslistene frå båtar i hamn i New York i krigsåra finn ein at Harald P Saunes var matros på Para (1942-43) og på Roald Amundsen (1944-45). Men første båten hans var Sado, som gjekk på Englandskysten. Her likte han seg heller dårleg. Mannskapet var, slik han fortalde det, heller ustabilt. Somme var raske til å bruke både neven og kniven. Han vart verande berre tre månader før han mønstra på tankskipet Kolbjørg. Ein last med bensin skulle fraktast frå Mississippi til England i 1941. Han seier det slik: «Vi låg langt oppe i Mississippi og lasta bensin. Der vart alt gjennomført med den største varsemd. Berre eg fekk vere om bord saman med andrestyrmannen, for eg røykte ikkje. Vi fekk ikkje lov til å ha skor med jarnbeslag fordi dei kunne slå gneistar. Ute i Atlanteren låg det derimot flokkar med ubåtar og venta på oss. Det som truleg berga oss, var ein overhendig storm.»

Linjebåten Para gjekk i sukkerfart på Vestindia. Ein tur gjekk med stridsvogner frå USA rundt Afrika og inn til Egypt. Utanfor Trinidad vart ein tankbåt rett framfor Para torpedert. Ei oppleving som fortalde mannskapet at avstanden mellom liv og død var heller kort. Elles sigla dei døgn etter døgn over stille hav, og livet var så fredeleg, seier han, at dei rigga opp ei hengekøy på poppen, og akter på fireluka laga mannskapet eit «badebasseng» av presenningar. Over dei sirkla albatrossen med sitt enorme vingespenn og sine grasiøse rørsler – i time etter time og dag etter dag.

På turen til Egypt var dei også innom Bombay i India. Her hende noko som prega han for resten av livet, ja, for det er vel kanskje slik at det er i sidegatene og bakgatene i liva våre at dei mest avgjerande opplevingane finn stad.

Og det var i ei bakgate det hende. Han fortel det slik: «Medan eg går der, kjem ein indar opp på sida av meg. Han slår meg på skuldra. Fordi eg ser europeisk ut, snakkar han engelsk til meg. Han byrjar med å seie til meg at «eg visseleg var ein heldig kar!» Eg vert forbausa då han fortel meg om livet mitt så langt, og at eg har ei veninne i England, at ho har gjeve meg eit lommetørkle, som eg ber med meg. Det stemmer jo. Og så held han fram med å seie at vi to ikkje skal tilbringe livet saman. Elles fortel han meg at eg skal leve til eg er over 80 år gamal, at eg skal vere ved god helse, og at eg vil starte ei verksemd som vil gå godt. Og mykje meir, fortalde han. Og eg må seie, same kor skeptisk eg er, at, jo, alt han sa, har stemt.»

Etter 27 månader på Para mønstra Harald P på Roald Amundsen i Virginia USA i juni 1944. Om bord var Sigmund Bøe (1916 -2006) frå Gursken. Han var tredjestyrmann, og med same bakgrunn var dei ei god støtte for kvarandre. Dei lasta bomber og 600 tonn øl der. På dekket tunge køyrety, mellom anna lokomotiv. Lasten gjekk til Bari i Italia. Men lossegjengen på kaia var, sa han, ivrigare til å forsyne seg av ølet enn å handsame bombene med varsemd. Og så føyer han til: «Å vere godtemplar vil også seie at ein ikkje skal forsyne andre med alkoholhaldige drikkevarer, men denne gongen kom eg nok til å gjere det, og det til gangs.»

I Oran i Algerie lasta dei materiell for landgangen til dei allierte styrkane i Sør-Frankrike i 1945. Dei lossa i området mellom Nice og Marseille. Lossinga var utan dramatikk. Deretter ein last med fem hundre tyske krigsfangar over til USA. Harald P fortel at dei var omgjengelege, mange av dei musikalske. Han lånte dei fela si, og med hjelp av ein gitar og ei heimesnikra komse underheldt dei mannskapet på Roald Amundsen med tysk tradisjonsmusikk og korsong.

Jau, han var jo musikar også, og songar. Rett nok ingen virtuos, men han gjorde seg forstått både på piano og fiolin. Ei tid var han med i eit orkester i heimbygda. Men framfor alt var det mannskoret.

Han var medlem i Ulstein Mannskor frå slutten av 1940-talet og heilt fram til då høyrselen svikta. Det var den evige motorduren som hadde skada høyrselen hans, meinte han, frå barnsbein av og til han gjekk i land for godt, nærare åtti år gamal.

Korsongen var også terapi. Det hende han kunne kome heim, sliten, etter timar på ein av slepebåtane. Då gjekk han rett på badet og i badekaret med beskjed om at han måtte kvile seg. Men plutseleg, fortel kona Ranveig, at ho kunne høyre det nynna ute i gangen. Ja, for var det øvingskveld med mannskoret, hadde han likevel krefter til å hive seg av garde.

Etter at russarane hadde jaga tyskarane ut av Nord-Noreg, sigla Roald Amundsen nordover i september 1945 med mat og forbruksvarer. Tilbake i New York mønstra han på den siste båten, og den 9. oktober same året var utanriksfarten hans over. Då hadde Harald P hatt 28 turar over Atlanteren.

At krigen var over, var naturlegvis ei glede for han, som for dei fleste andre nordmenn. Men heimkomsten vart også ein nedtur. Han uttrykte det ein gong slik at noko av det verste han hadde opplevd i livet, var å kome heimatt til Haugane for å slå seg til ro med fem kyr, ti sauer og ei gamal merr. Det var enerverande, heldt han fram, for ein var etter krigen både rastlaus og rotlaus. Men då han byrja fraktverksemda si med Hugin, vart tilværet lysare.

Hugin kom først to år etter krigen tilbake til Noreg, og i god stand. Han vart glad over motorduren frå firetaktaren han sjølv hadde montert. Han sa jo mang ein gong at han vart vand til krigen, men var også klar over at han hadde hatt hellet med seg. Han fortalde at etter å ha mønstra av Sado i 1941, vart han spurd om å vere med frå England til Noreg med ein fiskebåt lasta med ammunisjon, men ein kamerat rådde han på det mest bestemte frå det. Etter krigen fann han namnet på mannskapet på ein minnestein.

Mennesket frir seg nok ikkje frå si eiga historie. Ho følgjer oss ved natt og ved dag, og minner oss på kven vi er og kvar vi kjem frå. Eller som diktaren Rolf Jacobsen seier det: «Der du har trådt i gresset med bare føtter som barn, ja, det stedet kan du aldri slippe fra og aldri glemme.»

Harald P fann tilbake til barndomsheimen, men opplevingane frå krigsåra var der, og dei plaga han til tider. Men barndomsminna hjelpte han. Ofte sa han også at ein ikkje kan ta livet for alvorleg, og at han medvite hadde valt å sjå den humoristiske sida ved det å leve. Ved å prate tull og tøv greidde han, slik han sjølv opplevde det, å halde nervane på plass etter krigsopplevingane. Sjølvinnsikta er klar, og sjølvterapien endå klarare.

Så vart han då også sett på som ein original og morosam person, alltid med eit skråblikk på tilværet. Ein gong vi sat og såg på ein fjernsynsdebatt om homofile prestar, reiste han seg etter ei stund, og idet han gjekk, sa han: « Stakkars Vårherre som lyt sitje å høyre på alt dette.» Det var styrken i livshistoria hans, at han såg tilværet frå uventa vinklar. Jau, kven av debattantane hadde tenkt på kva ”hovudpersonen” sjølv meinte.

På frivaktene i New York under krigen vart Harald P ofte henta av sambygdingane Magnus og Erling Bjørndal. Dei budde i New Jersey. Magnus var utdanna ingeniør, og også oppfinnar. I New Jersey hadde han starta ei verksemd, der dei mellom anna produserte automatgir til motorkøyrety. Magnus Bjørndal hadde skaffa seg patent på desse gira. Harald P arbeidde tidvis i fabrikken og var også til tider privatsjåfør for Magnus og kona Ruth.

Dei heldt kontakten også etter krigen. Ein gong Magnus Bjørndal var på vitjing i heimbygda, hadde han med seg ein Oldsmobile, den første bilen i verda med 4-trinns hydramatic automatgir, litt av ei stasvogn. Harald P fekk overta denne bilen, som på mange måtar var eit symbol på ei tid i endring.

I krigsåra i utanriksfart hadde Harald P ingen direkte kontakt med Noreg, men gjennom onkelen, Hans Olson Ytreflø, brevveksla han flittig. Hans var gift med Marie Henriksdotter Indreflø, søster til faren, Paul. Hans og broren Olaf starta fleire verksemder i Alaska, alle med tilknyting til fiske, fangst og foredling av fisk. Når ein les brevvekslinga mellom Hans og Harald P, slår det ein kor lite opptatt dei er av slekt og familie, og at det stort sett er situasjonen i verda som står på dagsordenen.

I 1948 gifta Harald P seg med Ranveig Oluffa Hernes (1921-) frå Elvaneset på Hareid. Dei fekk borna Bodil Pauline (1951 -) og Jan Einar (1957 -), som etter at faren gjekk i land, drifta slepebåtverksemda vidare. Harald P og Ranveig  var begge fødde ved jonsoktider, og det var fem år mellom dei. Dei likte å omgåast folk, så kvart femte år var det stort selskap, med familie, vener og grannar, og der mannskormedlemer gjerne møtte for å underhalde

Og dei likte å reise. Filosofen Francis Bacon seier jo i eit av verka sine at reise er ei av dei beste formene for utdanning. Men det krevst at ein reiser til stadig nye stader. Harald P og Ranveig likte å oppsøke stendig nye reisemål, gjerne saman med Mannskoret, Rotary eller Sparebanken, der han ei tid også var med i forstandarskapet.

Men gardsbruket låg jo der framleis og kravde sitt. Likevel – hugen hans låg vel helst til havet.

Med Hugin vart det frakt og etterkvart også sleping. Lekterar kom til, og ein lastebil, og til gardsbruket ein gråtass. Etter som åra gjekk, var det mange båtar som vart kjøpte inn til reiarlaget, men i hovudsak var det han sjølv som var krumtappen i firmaet i desse gründeråra på 1950- og 60-talet, godt hjelpt av eit sjølvstendig og dyktig mannskap som drifta båtane saman med han.

Samstundes med at han bygde opp reiarlaget sitt, var han på slutten av 1940-talet også med på å starte Ulstein Fryseri, der han hadde stilt tomt til disposisjon og var ein av aksjonærane.

Men for bygdefolket vart Harald P gjerne assosiert med sleping og sjøsettingar, sal av kol og koks, frakting av singel og sand, og asfalt sommarstid. Då tok han gjerne med seg familien som losjerte seg inn i området der nye vegar vart asfalterte. Det var jo i ei tid då ein var i ferd med å finne opp ferien. Av dei store jobbane han tok del i, var nok engasjementet ved Norwegian Contractors si byggjinga av oljeplattformer midt på 1970-talet på Veblungsnes/Åndalsnes ein av dei aller største.

Hovudbasen for båtane hans var ved kaianlegget på Haugane. I 1971 kjøpte han Halvdanbuda på nedre Sauneset for at båtane skulle få ei meir skjerma hamn.

Og båtane vart eit fast innslag i bygdebiletet. Og det var mange av dei: slepebåtane Hugin og Bjørn som på 1970-talet vart erstatta av to nye med same namn, slepebåtane Pors og Tinn, frakteskutene Canning, Lyngnes og Alsteintind, og lekteren Begonia. Rett nok ikkje alle på kjøl til same tid. Ideen om eit slepebåtfirma, fortalde han, fekk han då han rusla rundt i hamnene i New York under krigen.

Og han gjorde ting på sin eigen måte. Eit høgtalaranlegg på rorhuset gjorde at han på finversdagar kunne stemme i ein mannskorsong når han sigla i sniglefart med tunge slep inn og ut dei mange og lange vestlandsfjordane, der han passerte gode vener eller kjenningar. Det var hans måte å sende ein SMS på. Han var nok kjend i dei fleste bygdene både på ytre og indre Sunnmøre, og enn vidare. På det mest aktive slepte han frå Trøndelag til Rogaland.

Ikkje brydde han seg om korleis han tok seg ut når han var i arbeidsmodus. Ein gong han slo seg stygt ved kai i Ålesund, måtte han til sjukehuset på Åse for å sy nokre sting. I følgje han sjølv overhøyrde han han ei ordveksing mellom to legar, der den eine sa at «du får ta deg av uteliggjaren på rom 13.» Dette syntest han var morosamt, sjølvironisk som han kunne vere.

Så gjorde han då heller ikkje skilnad på folk, men snakka med alle, og kraup ikkje for nokon. Og han var vanskeleg å målbinde. Han fortalde at han ein gong hadde tinga det populærvitskaplege bladet Illustrert vitenskap. Dette med abonnement på tidsskrift slo jo for fullt gjennom i tida etter første verdskrigen. I ungdomsåra abonnerte han på bladet Skib O`hoi saman med «hanj Lasso frampå Dala.»

Bladet Illustrert vitenskap sa han opp etterkvart, men kort tid etter fekk han telefon frå ein kar som lurte på om han ikkje skulle ta opp att abonnementet. «Men då svara eg», fortalde han, «at for det fyrste så er eg ikkje interessert i korleis tigrane i India parar seg, og for det andre er eg toogåtti år gamal, så det einaste eg treng å lese, er bibelen og salmeboka.» Men då la visst karen i andre enden på.

Så er det kanskje slik her i livet at der vi føler oss tryggast, er det også farlegast. Midt på 1990-talet fall Harald P ned i lasteromet på ein lekter ved kaianlegget på Haugane. Det var ein ganske vanleg arbeidsdag. Eit hardt slag mot hovudet førde til, som han sjølv sa, at han begynte å snakke eit nytt språk. Han fekk hjelp i siste liten ved St Olavs hospital i Trondheim, og kom seg raskt til att.

Han fortalde seinare at med helikopteret på veg til Trondheim var det som ei indre stemme spurde han om livet hans no skulle vere slutt. Han svarde at det nærma seg jo tusenårsskiftet, og at det hadde vore spennande å få oppleve eit nytt tusenår når han var så nær. Og slik vart det.

Opplevingar som dette set livet i perspektiv. Harald P hadde i fire år under krigen kryssa Atlanteren, reist rundt Afrika, til India, Karibia, Middelhavet, der tyske ubåtar jakta på dei, men det var altså det som såg ufarleg ut som var det farlege.

Han var filosof, i den forstand at han aktivt funderte over livet og det å leve. Vi ser det i desse utsegnene til ettertanke:

– Du kan verte så oppteken av å tenkje på at du må slappe av at du slit deg ut på det.

– Når folk får meir og meir fritid, vert bagatellane i livet til store problem. Besteforeldra mine arbeidde støtt, hadde aldri fri. Når dei la seg om kvelden, var dei så trøytte at dei sovna. No har ektefolk og sambuarar så mykje energi til overs at dei ligg og kranglar om bagatellar halve natta. Er det rart at folk er utbrende og skil seg?

– Det er så dyrt å leve i dag, ja, på så mange måtar, at det til tider er eit spørsmål om det løner seg lenger.

Det var jo slike munnhell han kom med dagleg, og som gjorde at han av mange sambygdingar vart sett på som ein morosam og original personlegdom. Men bakom det heile ligg det jo eit gjennomtenkt livsresonnement.

Harald P var samfunnsinteressert og funderte på mekanismane i samfunnet. Og han ville gjerne bidra.

På 1970-talet innreidde han eit rom på Halvdanbuda på Sauneset. Dette romet stilte han kostnadsfritt til disposisjon for Motorførernes Avholdsforbund. Her kunne ungdom opphalde seg, og dei fekk også disponere uthuset til å mekke bilar, for dei som hadde den interessa.

Så vidt eg forstod, var han venstremann heile livet. Ja, kombinasjonen norskdom, fråhaldsrørsle og partiet Venstre er vel heller kommensurable storleikar i norsk historie. Ein periode var han kommunestyrerepresentant for Venstre, men fann ut at det var vanskeleg å kombinere kommunepolitikk og politiske møte med arbeidet som skipper på eigen båt. Han var også medlem i Ulstein Rotaryklubb frå starten, der han var eit muntrasjonsråd med kommentarane sine. Her var han også president ein periode og vart æresmedlem i klubben etter kvart.

Og arbeidsdagen og arbeidstida hans var i sanning uregelmessig og hadde knapt funne plass innafor dagens arbeidstidsordningar. Det var til tider natt og dag, i storm og stille. Kona hans hadde stor omsut for han når veret var på det verste, og han måtte ta laus for eit slep eller ein bergingsaksjon. På julaftan i 1963 sleit ei uferdig kai seg ved Ulstein Mekaniske Verkstad, og sjefen sjølv, Idar Ulstein, fall i havet. Men Harald P var der, og berga han frå bølgjene. Han gjorde aldri noko vesen av den til tider svært så krevjande jobben, men sa rett som det var at der han ikkje var til stades, mangla det ein mann.

I ei oppssummering av livet sitt, meinte han at den mest dyrebare lasten han hadde ført, var då han som trettenåring frakta Osnes kvinneforeining til stemne i Ørsta, og fekk dei velberga heim att.

Til sist let eg Harald P sjølv få ordet med med nokre strofer frå ein av dei mange prologane han skreiv:

Og kunne vi syngja om fred på vår jord
til alle dei millionar
som strir med våpen og sviande ord
med kvar sine religionar

Og kunne vi knyta eit fredens band
med kjærleik av heile vårt hjarte
i millom folka i verdas land
og millom dei kvite og svarte