I 1944 starta Marius Kleven (1900-1979) å arbeide på fulltid i smia som han hadde bygd seg nede i fjøresteinane i Køyla. Namnet Køyla vart brukt på den vesle bukta nedanfor Kleiva på Dimnøya. Etter kvart som verksemda ved M. Kleven Mek. Verksted AS vaks til, fekk ein behov for ulikt utstyr, forbruksmateriell og arbeidsklede.

Båtar som låg til reparasjon hadde mannskap om bord som trong proviant og anna. Kona til Marius, Kornelia (f. Yksnøy, 1897-1989), hadde notert seg at kvar gong det var behov for noko på verkstaden eller til ein av båtane, så måtte ein av «gutane» Arthur (1927-2008), Magnar (f. 1929), John (1931-2009) eller Asbjørn (f. 1936), ta seg fri for å ta båten til Vik og handle. Straumane Handelslag låg ein god kilometer lenger inne, men skulle du først handle så mykje at du måtte løyse båten, så var det raskare over Vika enn inn i Straumen. Kornelia såg at dette gjekk utover dyrebar arbeidstid for «gutane» og dermed var ideen fødd til å starte opp ein liten butikk som kunne føre det viktigaste ein hadde behov for i det daglege, i tillegg til ein del forbruksvarer til verkstaden og båtane. Kornelia vart visst raskt kjend for gode varer og ho hadde mellom anna ein fast kunde som måtte ha henne til å velje ut beste fleskestykket.

Ein måtte ha handelsbrev for å starte butikk i 1951, og det ordna Kornelia gjennom broren Harald Yksnøy. Han hadde gått handelsskule, og Kornelia kunne starte opp butikken på hans handelsbrev. Dottera Anna (gift Viseth, f. 1926) arbeidde på Straumane og vart den første butikkdama på Kleven & Co1. Butikken vart starta opp i kjellaren til Kornelia og Marius, rett ved Kleven Mek. Verksted, med eit lite butikklokale og eit lite lager bak butikken.