Det fyrste eg skulle gjere var å vaske kafeen. Det måtte gjerast om morgonen då der var minst gjestar. Så etter kvart måtte eg servere til gjestane, og førebu middagen. Der var ganske mange faste middagsgjestar. Mellom anna var der mange ungdomar som gjekk på middelskulen, som det den gong heitte. Også mange frå slippane og ein del sjåførar kjøpte seg middag. Det var mykje å henge fingrane i. Kvar dag måtte me hente mjølk på meieriet. Då måtte ein ned to tropper, for meieriet låg i fyrste etasje mot gata. Skulle det serverast fiskemiddag, var det å gå ned på kaia og kjøpe fisk med båtar. Du veit at det var verken kjølerom, frysar eller kjøleskap den tida, så ein måtte kjøpe etter kvart som ein trengde det. Slik var det også med kjøtvarer som pølse, pålegg og diverse andre varer. Sundagane var meieriet stengt, og då måtte eg gå heilt til Ulstein. Der fekk me egg på ytste Ulstein, og fløyte kjøpte me høgt opp i bakkane hos ei snill, gammal kone. På tilbakevegen måtte eg ned på Osneset og hente spann med fersk mjølk. Ja, desse turane sundagane var ein heil strabas.
Etter at det hadde vore fotballkamp på Høddvoll sundagane, skulle folk både frå Ulsteinvik og Hareid på kafé. Det var ofte eg åleine som serverte, så då var det forferdeleg travelt. Dei sundagane eg var fri, hadde eg ikkje nokon plass å vere, så då hjelpte eg like godt til i kafeen, og det var dei som var på jobb glade for. Ein dag hende det at far min stod i kaféen. Trur du eg vart glad? Jau, han var komen heim frå ”Stretet” (Ishavet) og var på ”slippen” (verkstad) med båten han var skipper på, ”Furnakk”. Då han forstod kor travelt eg hadde det, for han fluksens ut til han A.U. som selde syklar. Han kom attende med ein flunkande ny damesykkel med kjolenett, som han gav meg. Og gjett om eg vart glad? Den sykkelen fylgde meg kvar eg var på arbeid. Me har sykkelramma her på garden i ”Vika” den dag i dag, og ho er freda. No når eg hadde sykkel, vart det lettare for meg når eg skulle hente både det ein og det andre til kafeen. Og dei sundagane eg var fri, kunne eg ta meg ein sykkeltur. Langt oppe i bakkane budde ei gammal kone i eit knøttlite, gammalt hus. Til huset var det ikkje veg, så ein måtte gå over markane. Dama hadde så grueleg mykje påskeliljer som blomstra lenge utover våren. Der henta eg blomster til kafeen til helgane. Den tida var det ikkje blomsterbutikkar slik at ein fekk blomstrar heile året.
På smørbrøda me selde, var det ganske enkelt pålegg. Det var fårepylse, kalverull eller løkrull. Av og til reinska me ansjos som me la på skivene. Ein gong eg stod og reinska ansjos, stod det ein mann ved disken, og han sa: – Eg stend og ser på kor flink du er å reinske ansjos. Eg vart sjølvsagt veldig paff. Han hadde sett inn serveringsluka som stod litt på gløtt slik at me skulle sjå når det kom folk. Eg må ikkje gløyme at det var fyrste gongen eg såg majones. Me laga han sjølve av egg og olje. Me laga også salat, noko som var heilt nytt for meg. Eg skar kålhovud i små strimlar og blanda det med raspa gulrot. Denne salaten syntes eg var veldig god.
Eit hus med mange tenester
I andre etasjen i huset var telefonsentralen, og det var berre ei dame som styrde stasjonen. Ho skulle gifte seg denne sumaren, og brudlaupet skulle vere på ”Stratos”. Det var det snertnaste brudlaup eg har sett: Brud, brudgom, foreldre og sikkert to forlovarar. Me to som skulle servere, fekk beskjed om at me skulle sitje ilag med brudefolket og ete middag. Og det vart slik at også kokka, husmora og me to jentene vart bedne i brudlaup. Var ikkje det fint?
Livet gjekk sin ”vante gang” frå morgon til kveld. Om ein ikkje fekk nattefred kvar natt, så måtte ein greie dagen likevel. Eg sat ofte om natta i senga ned med fotenden og heldt lykjelen til døra i handa. Utanfor døra stod fantane og ville inn. Du verden kor ekkelt det var. Men var det for gale, så kom heldigvis dama som budde i etasjen over meg ut i glaset og jaga fantane. Omsider så vart det slutt på dette så me fekk fred med natta, og godt var det.
Ein bridgeklubb heldt til på eit rom på ”Stratos”. Ein kar hadde lånt med seg ein kortstokk heim, og han trefte eg ein kveld eg gjekk tur. Han spurde om eg kunne ta med meg korta tilbake til ”Stratos” og legge dei på plass. Jau då, det kunne eg gjere, men det vart første og siste gongen at eg hadde ein kortstokk på soveromet mitt. Eg syntes det var uhyggeleg, og tenkte at hadde far min visst det, så hadde det vorte måneljost. Om morgonen var eg snar å få den på plass. Det var synd og skam i min ungdom å spele kort, men i dag spelar visst både ”prest og klokkar”. Ja, ja, nye tider og nye skikkar.
Heim ein tur
Det stunda til pinse og då skulle eg få reise heim ein tur. Pinseaftan tok eg bussen til Hareid. Og der kom ein splittande ny sjøbuss som heitte ”Hjørungavåg”. Han byrja å gå pinseaftan i 1949. Og det var andre greier å fylgje han enn dei båtane som gjekk då eg reiste heimanfrå. Båten var stappfull av folk, og dei stod som ”sild i ei tynne”. Det gjekk fort å kome seg til Volda og vidare. Eg hadde med den nye sykkelen min. Det vart ei gild pinse, og det var nydeleg godt å vere heime nokre dagar. Det var vår eller nesten sumar og eit strålande vêr.
Men det var kjekt å kome tilbake til jobben også. Leid lenger ut på våren og sumaren, så slutta Middelskulen. No når elevane reiste heim, vart det rolegare på kafeen, bortsett frå dei helgane det var fotballkamp på Høddvoll. Då var det grusomt travelt. Eg var svært forundra over kor mykje ungdomane gjekk på kafé. Ofte vart eg forarga på desse nykonfirmerte frøknene og eldre som slong på kafe. 1949 var det året eg såg mange kvinnfolk røyke. Fy vere det. Frå 14-15 års alderen sat dei med sigarettar, og det var ikkje måte på kor svært det var. Dei var ganske jålete den gjengen, ”njuløk” kåper og kjolar, og dei var svært fine både helg og yrke. ”Njuløk”, ein mode med sid kåpe og kjolar til ankelen, innsvinga i livet og klokkeforma i ryggen. Jau, det var svært å verte oppvarta av ei stakkars bondetaus med vanlege klede. Eg tenkte ofte -Ha de hatt dokke heim att og hjelpt mora dokka. Men nei, det hadde dei ikkje aning om, trur eg.
Ein lærer i den skulen ein går
Livet gjekk sin ”vante gang”. Men så hende det at eg byrja å bløde naseblod, og det var dagleg og ofte fleire gongar for dag. Det var mykje eg ikkje kunne gjere på grunn av dette. Me lurte på kva det kom av, og til slutt kom me til at eg rett og slett var overanstrengt. I september måtte eg berre pakke pjaltrane mine og takke for laget til dei på ”Stratos”.
Eg hadde ein bror som skulle konfirmerast då i den tida, så eg reiste heim og hjelpte mor mi å gjere i stand til den dagen. Då skulle eg i alle fall lage både majones og salat, som var nye rettar heime. Då dagen kom og gjestane fekk servert også dette, var dei svært fornøgde.
Eg likte meg godt i jobben på kafeen i Ulsteinvik, men eg har aldri seinare hatt den slags jobb. No er det nok andre arbeidsformer på kafeane med ordna arbeidstid og lettvinte arbeidsforhold. Men ein lærer i den skule ein går, så det var slett ikkje vekkasta tid heller.
Ja, for moro skuld ville eg skrive om denne jobben, for det var slike spesielle forhold. Kaféen er nedlagt for mange år sidan, men eg ser huset og kjellardøra kvar gong eg er i Ulsteinvik.
Nokre foto frå takterrassen til Stratos: