Smågarnfiskje
Det har vore drive småfiskje på norskekysten heilt sidan Ola Nordmann tok til å gå i skinnklede og brukte stokkebåten til å fiske frå. Eg skal prøve å fortelje litt det eg veit om smågarnfiskje (torskefiskje) her i Ulsteinfjorden og på «Søyla». «Søyla» er området frå Boholmen og vestover, der det i dag vert gjort slepeprøver.
Det har vore drive garnfiskje her i 120-130 år etter det bestefar (Sigvald) har fortalt. Då han
var ung, ca 1860-1870, hadde far hans smågarn. Dei rodde inn på Strandabøskallen, ei grynne rett bort for Strandbøen i Lyngnesvika. Der fekk dei torsk. I dei dagar, då Lyngnesvika var rein, var det ein god fiskeplass. Dette har som kjent endra seg.
Ingebrikt Frøystad skreiv i 1874: «Man fisker meget torsk både i Kopperstadfjorden og på Dimme og ved Osnes.»
Han skriv også om «meget torskefiskeri inn på Tjærvågen.» Så heilt frå dei dagane har smågarnfisket vore drive her i området, med skiftande resultat.
Far fortalde at etter at Sigvald var i 70-75-årsalderen, fekk han om lag 500 torskar som han salta og turka til klippfisk. Desse selde han til Samyrkjelaget. Om dette var i fjorden eller på «Søyla» kan eg ikkje hugse.
Men eg hugsar godt at eg fekk vere med til «Søyla» med garn som smågut. Det var så spennande at eg kjem til å hugse det til min døyande dag. Fangsten kunne vere så ymse, frå 2-3 og opp i 20-30 torskar.
I krigsåra var her mykje fisk både i fjorden og borte på Søyla. Folk tok etterkvart til å få betre garn, større mausker og djupare. Dei gamle garna var ikkje rare greiene, om lag 30-35 mausker djupe og etter måten tjukt garn. Dette fiskeriet har vore ei attåtnæring for folket her i uminnelege tider, med varierande årsresultat.
Far fortalde om eitt år, først på 20-talet, i påsketider, at dei drog 100 torsk på båten, og meir enn det på Skeidsbukta.
Her var bra med fisk i åra etter krigen. Vi kunne få 2-400 kg om natta når det var på det beste. Prisane varierte mellom 35 og 75 øre pr. kilo. Ein gong midt på 50-talet fekk Sigvald Spjutøy 1100 kg i to små setningar. Ein kan få litt i dag også, men det kjem neppe opp i slike mengder som den gongen.