I 1893, det var då det hende,
nokre ungdomar frå bygda, kjære og kjende,
idealister måtte dei sjølvsakt vera,
som slik ein tanke kunne bera.
Og tanken dei brann for, var av dette slag:
Dei vilde skipa eit hornmusikklag.
Og denne draumen til røyndom vart,
ja, alt det hende i ei fart.
Det fyrste «Ulf» var eit seks-manns lag,
men dei hadde instrument av ymse slag.
På basen stod den kjende «H.B.»
på B.kornetten Ole P. og «K.C.»
Enok Hasund på Es.kornetten var,
på Tenoren han Rasmus, ein Garshol-kar.
Han Solaberg-Hans var i desse dage på «Alten»,
og dette var heile laget.
So tok dei til med øving då,
det var fæle lyder, so kom der ifrå.
Men karane øvde og streva trutt,
so jammen vart gutane flinke til slutt.
Ja, desse karane vilde seg nøyte,
dei utvida sidan med klarinett og fløyte.
Og gutane skikka seg på folkevis,
so bygdefolket på laget sette pris.
Som lagets fyrste leider står:
Hans B. Osnes det fyrste år.
Men då han frå bygda reiste vekk,
dei Enok Hasund til leider fekk.
Hasund leida laget, denne gongen kort,
så dirigentane skiftest nokså fort.
Rasmus Garshol var den neste og han forsto,
og driva fram laget med sitt pågangsmod.
Då Hans J. Saunes kom heim frå USA,
han hadde med ein kornet, som han meistra bra.
No vart han dirigent og kornetist på same tid,
og skjøtta denne jobben med sin beste flid.
Men Enok atter leiinga tok,
frå skulen han kom og var note-klok.
Meir finpussing av musikken vart no gjeve akt,
so alt smelta saman i tonar og takt.
Ofte var det tungt å halda laget i gong,
det var nok tider so vidt at det slong.
Mange skulde på fisket fare ut,
ja, tidene var slik for den norske gut.
I 17 kom Tangen som ein pust frå nordvest,
han spelte og dirigerte, so det var ein fest.
Unge nye krefter til dåd fekk han samle
og desse spelte no ilag med dei gamle.
Men brått ein dag var Tangen burte,
det var nesten slik, at dei vart lurte.
Men no lyt ein seia at «Ulf» hadde helde,
til leidar fekk dei Olaf Welde.
Som instruktør var Welde ein frammifrå kar.
Ein kan vel seia at han har,
ein stor del av æra for det «Ulfane» kan,
og difor vil vi takka han.
Welde frå bygda reiste no,
på grunn av arbeid vart det so.
Carsten Ottesen vart då næste mann
og bruka taktstokken kunne han.
Ottesen øvde musikken grundig inn,
på det viset du neppe maken finn.
Han inspirerte laget å gjere sitt beste
og difor gjekk det godt for det meste.
Då Ottesen reiste til Trondheim by,
Ulf måtte ha ein leidar på ny.
Det galt for laget å finna den rette,
og Karl Alme vart vald til dette.
Ulf var på denne tid eit lag av dei beste,
på stemnene dei greidde seg godt for det meste.
Men so kom krigen og alt vart lamma,
musikklaget Ulf vart også ramma.
Men i krigens svartaste år,
ein skulle tru her var ulevelege kår,
då blomstra musikken opp på ny
og slo sine triller i vilden sky.
Leif Saunes var leidar for laget no,
musikklærar dei hadde og han forstod
å take karane på rette måten,
a tonane fekk den fine låten.
Av eldre lemer var det no lite att,
men unge friske krefter, stod klar å taka fatt,
Den som har ungdomen, han er rike,
det er difor klokt å satsa på slike.
Då Leif frå bygda reiste ut,
til dirrigent dei fekk ein unge gut.
Det var Olav Nordahl som slo sine takter,
men han reiste snart til andre trakter.
Sa var det Bård, som tok eit tak,
for han var det sjølvsagt inga sak.
Med 25 års røynsle som musikkar i laget,
han var nok moden for dette faget.
Sa var det Gjerde som leidinga har,
han er no forresten ein snilde kar.
Han streva trufast i vekslande kår,
han dirrigerte «Ulfane» i 19 år.
I dei siste år har laget utvida,
den som vil fram, lyt fylgja med i tida.
No er det fløyte, obo, fagot og saxofonar,
som pregar musikken med fyldige tonar.
No er det Terje, som svingar sin stokk,
over ein stor og fargerik flokk.
Og høyrer du no «Ulfane» tutar,
det er ein låt frå jenter og gutar.
Terje har funne seg ein hjelpesmann,
det er Ottar Gjerde, det er klart at han kan.
Med slike krefter og leiarar i laget,
det går oppover, dei kan dette faget.
Til veteranane vil vi gjeva ein pris
med litt skryt og litt skjemt på folkevis.
Slike glupe gutar du sjeldan såg,
som Hauge, Warholm og Skodjevåg.
Dirigentane tek ofte dei tyngste tak,
men hugs, at det alltid står menner bak.
Styret med formenn, musikkarar, ja alle,
Kulturberarar for bygda er å kalle.
Det økonomiske var ofte det svake punkt,
so laget arbeidde heller tungt.
Kommunen har i dei siste år,
ytt ein skjerv for betre kår.
Men den bedste stydn dei har idag,
er nok masikkens støttelag.
Musikkfruene gjev vi ein ekstra honør,
For godt arbeid, no som før.
Vi helsar deg Ulf med dei 90 år,
og ynskjer deg held og gode kår.
Den gode musikk, du alltid må hysa,
og solstrålar vill på vegen lysa.
Må tonane dine bera oss fram,
til alltid det betre hjå møy og mann.
Ja, støyp oss saman i tonar og takt,
og ver du for bygda ei levande makt.
Må idealet frå ungdomen alltid brenna,
bjart i ditt hjarta, so du kan kjenna,
varmen heilt til dei gråe hår.
«I tonen sitt rike er æveleg vår.»