Kari Eide var første dirigent for koret. Songvalet hadde eit moderne uttrykk og var prega av impulsar frå Jesusrørsla.
Jesusrørsla var ei radikal kristen rørsle som hadde sitt utspring i hippie-rørsla på slutten av 1960-tallet i USA. Bevegelsen begynte for alvor å breie seg ut på 1970-talet og kom også etter kvart til Europa og Noreg. Norske artistar som Frisk Luft med bl.a Arnold Børud og Rune Larsen og Tvers kom til å prege unge kristne i Noreg og songvalet til Profil.
I 1978 deltok Noreg og Jan Teigen i Melodi grand prix og fekk 0-poeng. Det var først ti år seinare at ten sing-rørsla brukte populærkulturen som rådde blant ungdommen. Så når Bee Gees song Nightfever og Queen rocka med We will rock you, var det ein snill ten sing-ungdom som stod på scena og song Befriad av Choralerna og En tigger satt ved veien av Arnold Børud.
Impulsar frå verda
Dei som leia koret bar med seg impulsane frå Jesusbevegelsen, og hadde eit sterkt ynskje om at koret skulle vere ein stad for kristen vekst og tru. “Lite innlevelse kan kome av at vi strevar og slit for å jobbe for Gud. Gud må gå foran. Vi har ikkje bedt i lag, hatt fellesskap” stod det i eit tidleg referat og “Andaktene er stort sett berre plaster på såret. Det må djuptgripande endring til hjå den einskilde.”
Ei viktig påverknadskraft for det sterke trusengasjementet var gruppa Salvation, som på 70-tallet fekk eit stort publikum over heile Sunnmøre. Gruppa, med ein tydelig kristen profil, fekk stor påverknad for det nystarta koret.
Første årsmøtet
Knapt eit år etter oppstarten, 9. februar 1979, blei første årsmøte gjennomført. 37 personar møtte fram på Fredheim. Solveig Myrene heldt fram som leiar, og Kari Eide fortsatte som dirigent. Torstein Aksnes går inn som vaksenleiar.
Om hausten reiser Kari frå bygda, og Arne Sæter tek over som dirigent. Denne hausten blir tanken om eit eige program og turné lufta for styret. Eit slikt program vil vere stimulerande for interessa, meinte styret. Eit slikt program sette idéen og tanke også på å etablere ei dramagruppe, og Oddbjørg Vartdal blei spurt om å leie ei slik gruppe.
Allereie tidleg i koret si historie tvinga det seg fram oppmøteliste og avkryssing, og i eit referat frå september i skipingsåret står det “mangel på ansvarskjensle mellom ungdomen tvingar dette fram”. Så alt var altså ikkje betre før…
Konflikt ved leige av utstyr
Ten Sing leigde i første omgang utstyr av gruppa Salvation. I styremøte 17. oktober blir det teke opp klage frå Salvation om brot i leigeavtalen. Konflikten spissar seg til, og koret vurderer å kjøpe eige songanlegg. “Det har vorte dyrt å synge evangeliet” og “Vi ser det slik at det ikkje er rett at ei kristen gruppering skal ta leige av ei anna kristen gruppering.” Styret utfordrar Bernt
Ulstein til å kome til ei minneleg ordning med Salvation. Samstundes sørger han for å lage eit overslag på songanlegget.
Våren 1979 skipar Ten Sing til både basar og utlodning for nytt songanlegg. Leigeforholdet mellom Ten Sing og Salvation er framleis uavklart hausten 1979, og tidleg i november vurderer styret å kjøpe det gamle anlegget til Salvation eller å kjøpe nytt anlegg. I siste styremøtet den 16. desember er saka framleis ikkje løyst. På nyåret kjem det brev frå Salvation, og som tilsvar ber styret om at det vert sett opp ei kontrakt for utveksling av utstyr mellom Salvation og Profil. Sidan dette er det siste som står i styrepapira, reknar ein med at saka fann si løysing.