Hasund mannskor vart skipa hausten 1934 og øvingane starta på nyåret 1935 med Johannes Sundgot som dirigent. Fleire av dei som starta mannskoret var tidlegare med i Hasund og Dimnøy blandakor med Enok Hasund som dirigent. Dei fleste av medlemane var også med i HDU der Enok også var dirigent.

Frå referatboka kan vi lese: Eit av fyrste nummera vi lærde var den kjende «Sangernes march», men den dagen vi skulle synge han vart folk gjort oppmerksom på at det ikkje var sikkert vi greidde å gjennomføre han – og det gjekk ikkje ringare enn dei hadde tenkt seg, for då vi hadde sunge ei stund so var ulukka ute – det gjekk i stå under mykje latter og moro. Eg hugsa godt den gamle kona Lina Kleven – ho log so tårene trilla og gjorde sikkert dei andre ogso. Men det var framatt på ny og denne gongen gjekk det fint. Marius Kleven sa då han kom ut for å ta seg ein røyk «eg hev ikkje vore so skjemde før i mi tid, og best lyst hadde eg til å bykse utgjønå glaset fremst på veggen»