Vattøya er den største av ei rekkje små øyar, holmar og skjer nord for Hatløya, mellom Bøneset på Leinøya og Fløstranda.

På same måte som Borgarøya og Håkonsholmen, ligg Vattøya midt i farleida for skips­ferdsla langs kysten. Som handelsstad har Vattøya ikkje greidd å tevle med desse. Men her er ei lagleg og god hamn, og oppkjøparar av fisk og sild har hatt tilhald på øya. Det var handelshus i byane som sende sine handelsgesellar rundt på slike oppdrag. Såleis høyrer vi fleire gongar nemnd tenaren til William Gordon frå Kristiansund som i vår­fiskja låg ved Vattøya og kjøpte opp fisk. Det er rimeleg å tru at desse handelsgesellane hadde med seg varer i byte for fisken. Handelen tok seg noko opp på Jørgen Høegh si tid frå 1780 og utover.

Det vert fortalt at det var hit til Vattøya at Christoffer Rønneberg kom første gong som handelsgesell. Han vart seinare gift med ei enkje på Krisholmen, ein liten holme mellom Røyra og Myrvågneset. Der overtok han handelen etter ein avdød handelsmann, Elias Schelderup, og dreiv han fram til han vart ein rik og mektig mann.

Lengst sørvest på øya, på bnr. 4, ligg ein gravhaug, godt synleg frå sjøen. Han er 20 meter i tverrmål og 2 meter høg, men har vore 1 meter høgare før han vart utkasta. Bendixen som var på staden ikring 1880, nemner at der var eit lite hellesett gravkammer. Gravhaugen skriv seg helst frå bronsealderen, men på øya har det neppe vore gardsbruk i førhistorisk tid.

I 1603 var her 2 bruk, og slik var det til først på 1700-talet. Då kjøpte Ole Pedersen Nibe Vattøya og brukte heile garden åleine. Dei som kom etter han, sat også med det heile til 1844. Då overtok Peter Nilsen. Han sat berre kort tid på øya før han selde og flytte til Ålesund med huslyden sin. Han delte garden i tre partar før han selde. Utskiftinga over inn- og utmark var ferdig til tinglysing 12. april 1870.