Planar og diskusjonar

Når blei tanken om eit samfunnshus i Ulsteinvik lansert for første gong? Ein avisartikkel hevdar at Asbjørn Hasund (Vågen) og Anton Kleiven hadde ein samtale om dette på seint 40-talet. Desse unge mennene hadde vore ute i verda og sett andre forhold enn i heimbygda. Det var nok også eit tema som blei diskutert der folk møtest.

Ulstein hadde mange forsamlingshus denne tida. Det var bedehus i kvar ei grend, i tillegg hadde den kristelege ungdomsforeininga sitt hus i Fredheim. Desse husa var ueigna til kino- og teaterframsyningar. Om ein ville ha arrangement som dans så kunne ein ikkje få til dette på grunn av vedtektene til husa.

Den 21.05.1950 står det på første side i protokollen: Arbeidsnemnda for samfunnshuset heldt konstituerande møte. Alle dei valde var tilstades:

Kåre Flø, Sverre Ottesen, Asbjørn Hasund, Osmund Røyneland og Dagny Ulstein Kristensen.

Og den kommunalt valde: Halvdan Saunes

Val:
Formann: Røyneland
Nestformann: Ottesen
Sekretær: Dagny Ulstein
Kasserar: Asbjørn Hasund

Alle blei valde samrøystes.

Varamenn: Olav Bringsvor, Peter Saunes og Erling Grønnmyr.

Ein blei samde om å søkje samarbeid med kommunen for eventuelt å arbeide saman Heradshus og Samfunnshus.

Så var det ikkje ført opp noko møte før 03.04.52. Då er første sak at dr. Røyneland bed seg friteken for formannsvervet, for han er med i planlegging av både sjukestove og gamleheim. Kåre Flø blei vald i staden.

Styret sende eit skriv til arkitekt Frode Rinnan ved Statens Ungdoms- og idrettskontor (STUI), der dei bad om eit overslag over kva eit samfunnshus kunne koste. Denne gongen skriv sekretæren seg for Dagny Kristensen.

Dette året blei det også diskutert val og kjøp av tomt.

Neste årsmelding 1953 viser til at aust for folkeskulen blei det innregulert ein idrettspark. Dette er refererert utan at det er gjort noko vedtak.

Det måtte vere oppmuntrande at det var kome ei oppmoding frå eit møte med 15 representantar frå ymse ungdomsorganisasjonar i Ulsteinvik. Dei ville at det skulle setjast fart i arbeidet med å skaffe bygda eit samfunnshus. Dei meinte at ein måtte setje i gang med innbyding til aksjeteikning, og dei sa seg villige til å hjelpe til det dei kunne, f.eks. med aksjeteikning. Dette året var det teikna aksjer for ca 12 000 kr og aksjonsutvalet forma eit skriv som dei sende til banken og større bedrifter om tilskot til kapitalen ”– då det vil gjere sitt til at arbeidarar og funksjonærar trivst i bygda. De vil sikkert få att valuta for pengane.”

Møtet i nemnda sette i gang med å lage utkast til aksjeinnbyding, trass i at dei ikkje hadde tomt, ikkje teikning, og heller ikkje visste kva kapital dei trong. Dei skulle by fram A- aksjer på kr 100 til organisasjonar, og B – aksjer på kr 50 til andre. Same året finn vi dette klippet i Vikebladet: