«Sjøborg» er namnet på Ulstein sitt nye og flotte kulturhus, strategisk plassert som ein del av hotellkomplekset i sentrum. Søndag 3. juni 2007 var det stor opningsfest av kulturhuset.
Namnet «Sjøborg» er ikkje tilfeldig valt. Dette var i mange år eit sentralt bygg i Ulsteinvik sentrum, plassert like inn til det som seinare skulle korne til å verte «Haldeplassen».
Det var Julius Elias Andreas Larsson Ulstein som sette opp Sjøborg i 1917. Han var fødd på Ulstein i 1885 og døydde i 1988, 103 år gamal!
I 1916 gifte han seg med den ti år yngre Sina Rotnes frå Vartdal. Dei fekk seks born: Lidvard, Borgny, Olav, Peder, Hallbjørn og Haldis. Alle desse seks vaks opp i Ulsteinvik sentrum og hadde Sjøborg som næraste nabo.
Julius og Sina var besteforeldre til mellom andre Brynhild og Solveig som begge har sentrale roller på hotellet i dag.
Julius fekk sett opp Central Hotell i 1915. Dette var det største og flattaste bygget i Ulsteinvik utanom kyrkja på den tida. Fleire av roma innvendig var dekorerte av Johan Haddal. Julius måtte diverre gå frå hotellet då han gjekk konkurs i 1922. Kommunen overtok stasbygget.
Sina dreiv hotellet vidare ei tid etter dette medan Julius var på Svalbard. Familien Syltevik frå Ålesund kjøpte det av kommunen midt på 20-talet. I 1930 blei det så kjøpt av Oscar Høvik. Han dreiv butikk i tillegg til hotelldrifta. Bygningen som stod like innanfor Fredheim er no riven.