Mads Fyndbo
1590-1621
Fyndbo var truleg av dansk ætt. Han var residerande kapellan under Herøy og den første presten som budde i Dimnasund.
Som prestar flest etter reformasjonen dreiv han handel med tiendekorn og fisk. Prestekallet var av dei magraste, og då han døydde, var han komen i stor gjeld. Det meste av dette vart sønene hans dømde til å betale mange år seinare.
Claus Hansson Gaas
1660-1694
Han var son til soknepresten i Borgund og var elles av ei gammal presteslekt. Kona hans, Lisbet, var dotter til den tidlegare presten, Rasmus Povelson Brandal. Han budde ikkje i Dimnasund, men på garden sin på Brandal. Far hans, den landskjende Pål (Povel) Helgesen, hadde eigd heile Brandalgarden og elles mykje jordegods på Sunnnmøre, og Rasmus var ein mektig mann på Hareidlandet. Svigersonen Gaas var først kapellan og vart prest i Ulstein i 1660. Dimnasund hadde då vorte embetsgard og kom til å bli det i eit og eit halvt hundreår. Gaas vart gravlagd på Ulstein gamle kyrkjegard på Ulstein.
Hans Christophersson Harberg
1694–1719
Han vart først tilsett som kapellan hos Claus Hansson Gaas i 1691 og vart prest i prestegjeldet tre år seinare. Vi veit lite om arbeidet hans som prest. Det er helst i ulike saker og usemjer vi finn namnet hans. Han døydde i 1719, og enkja hans bad om synfaring på husa. Her finn vi den første oppstillinga som viser korleis den gamle embetsgarden såg ut. Han vart også gravlagd på Ulstein.
Elias Nordhuus
1719–1748
Nordhuus var presteson frå Hordaland og gift med Maren Castberg. Han var først residerande kapellan under Herøy. Vi veit lite om Nordhuus som prest, men det vart sagt at han budde i Dimnasund i mange år berre for å samle seg rikdom. Etter rettssaker å dømme, skal det ha vore ein heil del å utsetje på framferda hans. Det var likevel i hans embetstid den første folkeskulen (kristendomsskulen) vart innførd, og eit av husa på garden vart brukt til dette. Siste året han levde, vart prestegjeldet løyst frå Herøy, og han vart då den første soknepresten i Ulstein. Etter at mannen døydde, gifte enkja seg opp att med presten i Hjørundfjord.
Johan von Cappelen
1748-1793
Han var frå Christiania (Oslo) og son til ein kaptein i artilleriet. Som offiser hadde faren rett til adels- og ærestittelen von framfor slektsnamnet sitt. Han gifte seg med Marthe Sophie Landt. Dei fekk ti born, men tre av dei døydde tidleg.
Som prest ser han ikkje ut til å ha synt særleg stor interesse for kallet, men han eigde ein del jordegods i prestegjeldet. Siste åra var han sjukleg. Og han hadde god hjelp av sonen Johan Peter som seinare vart res. kap. i Leikanger.
Peter Andreas von Cappelen
1793-1797
Han var og son til Johan von Cappelen. Han studerte mange år i København før han vart misjonær på Grønland i ti år. Den første kona hans var dansk, og ho skal ha døydd på Grønland.
Cappelen overtok som prest etter faren og gifte seg med Massi Maria Wind frå Brandal. Det er sagt at han skulle vere ein lærd mann. Han hadde studert både lovkunne og medisin, og folk var takksame for den hjelp han kunne gi dei på ulike område. Cappelen var mykje plaga av astma og måtte søkje seg til ein stad der klimaet var betre. Han vart sokneprest i Lom, men døydde tre år seinare berre 43 år gammal.
Peder Thambs Buschmann
1797-1822
Han var presteson og var ei tid kapellan hos faren i Nesna. Buschmann hadde hug å utdanne seg til offiser, men vart prest. Han var ein lærd mann med sterke nasjonale kjensler. Han likte kamp, handling og administrasjon, og gjorde ein god innsats under krigen med England frå 1807 til 1814 då han stilte seg i spissen for kystvernet og folkevæpninga.
Etter krigen var han ein kortare periode på Stortinget. Då han seinare flytte til Aure på Nordmøre, tok han med seg ein del viktige embetsbøker og papir. Prestegarden var til nedfalls, og etter at han hadde forlate soknet, vart presten kravd for ein stor sum for manglande vedlikehald, men det er lite som tyder på at det vart betalt.
Andreas Hofgaard Winsnes
1826-1844
Han var fødd i Drammen i 1801 og var den første presten i Ulstein med utdanning frå universitetet i Christiania. Kona hans var prestedattera Kristine Moltzau. Dei fekk åtte born, men eit av dei døydde. Winsnes var ein god forkynnar. Han var ein klok og fredsam mann som fekk god kontakt med bygdefolket. Sidan prestegardshusa var i svært dårleg stand, bygde han ny hovudbygning, men ho brann ned julenatta 1832.
Winsnes vart vald til den første ordføraren i Ulstein. I 1830 fekk han i stand ei «låneboksamling» som vart grunnstamma i det noverande biblioteket.
Hans Nicolai Wraamann
1844-1855
Wraamann var fødd i Trondheim og son til ein handelsmann. Han var gift med prestedattera Marianne Paludan, men ho døydde i 1845 og let etter seg åtte born i alderen 1 til 13 år.
Han gifte seg seinare med Emiche Trumpy, enkje etter sorenskrivar Blakstad i Brandal.
Wraamann var ein dugande forkynnar og ein god administrator. I tre valbolkar sat han som ordførar, Han fekk mykje å stri med etter at kyrkja på Ulstein vart øydelagd av lynet og ny kyrkje skulle byggast. I 1846 tok han initiativet til å skipe Ulstein Misjonsforeining som vart den største misjonsforeininga på Nord-Vestlandet. Han var også med på å få i gang Søndmøre Fellesforening for Hedningemissionen. Eit årleg fellesmøte vart halde på omgang i dei ulike prestegjelda. Misjonsinteressa var stor og hadde særleg blitt vekt ved biskop Schrøders reise som misjonær i Afrika. Mykje folk møtte fram til fellesmøta, ikkje minst fordi folket gjerne ville høyre «den mer end almindeligt begavede predikant Wraamann». Det blir fortalt at trengselen var så stor at det måtte haltlast vakt ved kyrkjedøra.
Wraamann vart seinare sokneprest i Volda der han gjorde opptak til «Voldens Høiere Almueskole» og la med det grunnen til Volda som skulestad.
Carl Anton Madsen
1855-1873
Madsen var ein stillfarande mann som heldt seg mykje heime på prestegarden og dreiv han som eit mønsterbruk. Det vert fortalt at han hadde stor samhug med Grundtvig og det kristensynet han stod for og at han difor ikkje heilt kjende seg akseptert. Grundtvig sine tankar vart av mange sett på med skepsis.
Christian Hermann Ulrik Wisløff
1873-80
Før han kom til Ulstein, hadde han vore styrar på ein lærarskule, stiftskapellan i Bergen og kateket i Haugesund. Han innsåg straks at soknet var for stort og gjekk inn for at Vartdal skulle skiljast ut som eige sokn. I hans tid vart kyrkja flytta frå Ulstein til Ulsteinvik. Osnes bedehus vart også bygt.
Niels Christian Anker
1881 -1894
Anker var frå Nittedal og gift med Gabrielle Knudsen, dotter til soknepresten i Borgund. Dei hadde sju born. Han og kona tok mykje del i lagsarbeid, mellom anna fekk dei i gang sundagsskule rundt om i krinsane. Han tok initiativ til å skipe både indremisjons-og ynglingeforeining og var med og starta Ulstein mannskor i 1884. Han var også med å få reist gamleheim i Ulstein.
Dei gamle som ikkje hadde nokon til å ta seg av dei, hadde ikkje andre utvegar enn å kome på leigd, og mange hadde det vondt desse siste åra av livet sitt. Presten og nokre framsynte menn i bygda gjekk då i gang med planlegging og innsamling av pengar til bygging av ein heim for desse gamle. Han vart utnemnd til prost i 1885. (Som kjent, har vi ei gate i Ulstein som er oppkalla etter prost Anker.)
Carsten Balthasar Hansten
1894-1899
Hansten hadde mellom anna vare sjømannsprest i New York og reisesekretær i sjøøannsmisjonen før han kom til Ulstein.
Han hadde stor interesse for den ytre sjømannsmisjon og sundagsskulearbeidet. Han gav ut ei bok om sundagsskulen.
Søren Severin Nyhagen
1900-1910
Nyhagen var frå Sunnfjord og gift med Nikoline Devold fra Ålesund. Han gjekk sterkt inn for å selje prestegarden i Dimnasund då denne no låg ulagleg til. Det vart kjøpt tomt i Ulsteinvik, og i 1907 kunne prestefamilien flytte inn i den nye prestegarden. Han kom ikkje til å bu der så lenge, for tre år seinare vart han utnemnd til sokneprest i Molde.