Vi har mange førestillingar om jul, helst personlege, og svært mange positive. Nokre har vi arva frå generasjonane før oss, og nokre har vi vore med på å skape sjølve. Slik er jula heimfest i sinnet vårt som knapt noko anna vi har opplevd som menneske.
Opphaveleg er nemninga jul kanskje ei gamal månadsnemning, ylir, frå midten av desember til midten av januar. Kva ordet jul tyder, veit vi ikkje. Men ordet er svært gamalt. Det er i alle fall eldre enn kristendomen i Norden. Vi finn det som urnordisk låneord i finsk før 500 e.Kr., og då i forma joulu, og som vi veit kom kristendommen til Norden kring år 1000.
Vi finn òg ordet i andre språk, eller i det minste ord som liknar på det norske jul. I gotisk, språket til ei austgermansk folkestamme, finn vi nemninga juleis. I angelsaksisk har vi ordet geol. Og i germansk, eit tidligare språk i Nord-Europa, i forma jewla. I latin har vi ordet jocus som tyder spøk. Og i fransk har vi ei nemning joli (munter) og i engelsk jolly (glad). Så er det kan hende slik at ordet jul tyder gledesfest, eller eigentlig gledesfestar, for i gamalnorsk er ordet jól eit fleirtalsord.
Opphaveleg må jula ha vore ein heidensk fest. Sjølve festdagen var den 12. januar, midtvintersnatt, dagen midt mellom vinterdag, 14. oktober, og sommardag, 14. april. I det kristne Europa fann julehøgtida frå gamalt av stad den 6. januar, men på 300-talet e.Kr. vart ho flytta til 25.desember. Ein kjenner jo ikkje til kva dag Jesu vart fødd.
I Noreg vart denne kristne festdagen slått saman med den heidenske midtvinterfesten på 900-talet, då Håkon den gode freista innføre kristendomen i landet. Han fekk inn i lova at nordmennene “skulle begynne julefeiringa på same tid som dei kristne.”
Alt så tidlig ser ein altså det som framleis er typisk for jula, eit kompromiss mellom gamalt (heidenskap) og nytt (kristendom). Då kristendomen får fotfeste i landet, freistar kyrkja å innføre nemninga gudz fødzlo høgtidh, guds fødselshøgtid, men dei greier ikkje å vinne over ordet jul.
Opprinneleg må julefeiringa ha vore eit drikkoffer til dei norrøne gudane, til dømes for guden Odin. Då kristendommen vart ny religion i landet, vart drikk-offeret retta mot Jesus og jomfru Maria. Slik kjem det påbod gjennom Gulatings kristenrett at ein skal bryggje øl til jul, og at ølet skal signast, dvs. nytast julenatta. Ein skålte altså for Jesus i staden for Odin. I Gulatingslova står det: “Ølet skal signast til takk frå Krist og Sankta Maria, til godt år og fred.”
På denne bakgrunnen kan vi forstå omgrepet ”å drikke jul”, som framleis blir brukt i nokre delar av landet, m.a. på Sunnmøre. I dag forstår ein helst med juledrikking ”å gå i juleselskap og få god mat og drikk”. I jula toppar jo den profane nytinga seg, og jula vart bilde på alt som var godt i tilværet: Nyting for kroppen og frelse for sjela.
I folkevisa om Olav og Kari kjem dette til uttrykk i Olav sin karakteristikk av kona si. Mor til Olav anklagar Kari for å vere heks og spør han korleis han likar kona si, gifta si. Olav svarar: ”Sosso likar eg gifta god, som kvor den dagjen å drekka jol.” Altså ein svært så positiv omtale. Likevel endar visa tragisk. Olav trur mora og tar livet av kona si. At omgrepet at “drekka jól” er svært gamalt, ser vi av at skalden Torbjørn Hornklove, som levde kring år 900, fortel at han vil drikke jul ute på havet.