Han skriv seg Johs. B. Osnes. Men i heile Ulstein tala dei berre om han Bern-Jon, og honom kjenner alle. Torsdag 13. juni fyller han 70 år.Heimen hans Jon ligg tett ut og ovani kyrkja, garden går til sjøs midt i beste forretningsstroket i Vik, og tuftene til mange av dei mest kjende forretningshusa er undan denne jorda. Faren, Bernt L. Osnes, var dugande bonde og vidkjend båtførar og føregangsmann i utviklinga av det gamle vinterfisket i open båt.Her voks so Jon opp, gjekk land- bruksskulen og budde seg til gardsdrifta og var med faren i båten i torskefisket og sildefisket vinters dag. Han Bern fekk det snart med at no vart han gamal, han trong byte attpå tofta, og han sette sonen til å greie volen. Han var visseleg ikkje so sliten at han laut gi frå seg styremannsromet. Men han ville sleppe ungguten til, og halde auge med honom den fyrste tida han førte båten. Sidan fekk Jon seg motorbåt og vart sjølv ein dugande og velkjend fiskar.
Yrkesår
Då den fyrste verdskrigen rasa, slutta Jon sjøen, dreiv fiskeforretning og kosta fiskedampskip. Det var han som bygde d.s. Osnes. Forretninga gjekk opp, og ho gjekk ned med tidene. Jon har alltid vore ein romsleg og godhjarta mann. I dei gode åra hadde han gått god for andre, og det vart for tungt å bere då nedgangen kom. Men alle som hadde med honom å gjere, anten det var fiskarar eller arbeidarar, hadde berre godt å seie om honom. Han unte andre vel, og var aldri knipen.
Det kunne vel vere trongt for honom Bern-Jon då ei tid frametter. Men han hadde då garden, om denne var heller mykje skyldtyngd. So tok han til med pelsdyr, fekk seg ein stor og fin revegard, og med kvart arbeidde han seg oppatt og vart ein velhalden mann.
Han Jon har hatt optimisme og fanta- si i rikt mål. Aldri høyrde ein honom syte eller klage, alltid hadde han til- taksvilje. Han gjekk der blid og glad, og hadde ei evne til å greie seg i ei snarvende om noko sto på. Og han var ikkje så lite ein skodespelar, som fekk det løye til, og som kunne greie rolla si. Desse evnene fekk han bruk for i den siste krigen, så han gjorde verk som gjev honom rom mellom dei fremste av dei som var med i striden her heime.
Han Jon var ein sprek og dugande soldat i åra frå hundreårsskiftet og fram til 1905, og ein pålitande kar i nøytralitetsvakta i 1914. No var han for gamal til slikt. Men det venta honom ei anna oppgåve, som ikkje var lettare, og der fåren ikkje var mindre enn i heimefronten.
Krigsåra
Sakførar Torsvik måtte ha ein mann som kunne skaffe båtar til Englands- fararane. Gjennom ein son som Jon hadde i politiet, kom han i samband med faren. Og no vart Jon den som stelte med å få i båtar i Sørøyane. Samstundes tok han imot og sytte for hus og mat til folk som skulle vestover. Han hadde dei heime hjå seg, og han fekk dei inn hjå grannar. Alle visste om at der var slik ein trafikk; men ingen tala om det so det kom norske landssvikarar eller tysk gestapo for øyra. Det var greitt i Ulstein- vik i so måte.
Korleis det var eller ikkje, fekk likevel tyskarane ein mistanke. Dei var ute og leitte etter radioapparatet hans, men fann det ikkje. Dei sende til Vik ein av verste spionane sine. Mannen kom og ville til England. Han høyrde etter far. Ingen visste om noko, han fekk spørje honom Bern-Jon. Han Jon venta ingen, og skyna kva slags kar han hadde føre seg. Han heldt honom frå seg med snakk. Men han gav seg ikkje, han måtte avstad.
Du får høyre etter utmed Skeidssjønå då, sa han Jon og fekk mannen frå seg. So ringde han til lensmannen. Det var ein kar som sa han ville til England. Tyskarane og NS ville ha slike karar. Han laut kome og ta honom. Lensmannen var noko traud på dette, han var like god jøssing hansom han Jon.
Du må kome. Han er av rette slaget. Eg går god for honom. Jau, lensmannen kom, og mannen fekk fri skyss til politikammeret i Ålesund. Der vart dei visst noko brydde då dei såg denne “englandsfararen”. Men dei slepte honom med det same.
Gestapo-båten var nokre gonger i Ulstein også og skulle gjere ras- sia. Båten la til ved Brødrene Hatløs Mek. Verksted. Derifrå ringde det i telefonen til Vik, og bodstikka gjekk bygda rundt til alle som hadde noko å gøyme. Tyskarane fann ikkje noko, og Jon, han var i vedmarka, på fjellet etter sauer, eller eitt eller anna elles som ein bonde kan ha å stelle med. Han var aldri heime.
Det kunne av og til halde på og fløke seg i hop med so mange ukjende som samla seg til eit båtlag. Ein gong hadde Jon liggjande tolv-tretten mann på Hospitset hjå Julius Ulstein. Siste kvelden kom det dit åtte mann til frå ein annan kontakt som Jon hadde. Det var reint uventa. Dei og dei som var der frå før var ikkje kjende og mistrygde kvarandre. Der gjekk to flokkar sterke og djerve karar sure og olme og ferdige til å ryke i hop. Han Jon måtte kome. Det gjorde han, og då vart det berre godver der i garda.
Det skulle mat til so mykje folk både medan dei låg i land og venta, og på vegen over havet. Men det greidde han Jon. For det fyrste leverte han ikkje noko til tyskarane og NS-styra. Ikkje høy og ikkje halm, ikkje korn og poteter, ikkje kjøt og flesk, ikkje mjølk og egg. Han ville ikkje fø nokon tyskar. Og rasjonering og tiletling stelte han med sjølv. Dei trong mykje mat dei mange framande som kom til honom. Og der var mange nok folk med born i bygda som kunne trenge ein mjølkedrope.
Elles laut han Jon på bygda etter mat når det kom for mange og dei vart for lenge. Då var Ulsteins Forbruksforening god å ta til. Der fekk han mjøl til brød og margarin med han trong, det var aldri spurnad etter kort for mat til slikt folk.
Arbeidet med englandsfararane heldt seg so lenge krigen varde. Dei siste kom seg av garde ein av fyrste dagane av mai i fjor. Då sakførar Torsvik vart teken, tok politibetjent Kvalen romet etter honom i byen. Sidan hadde Jon kontakt her heile tida.
Det med å syte for båt sto på til eigarane fekk ansvaret for båten og måtte gå god for honom med livet. Sidan samla det seg folk som laut ut or landet, og det kom marinebåtar vestanfrå og henta dei.Jon tok imot dei som skulle fare, fylgde med i alle særmeldingar, hadde greie på når og kvar marinebåten kom og fekk i far, so dei som skulle av stad, kunne kome seg i marinebåten.
Av og til måtte han skifte utskipings- hamn. Det var rådlaust å halde på med ein slik trafikk frå same staden i lang tid utan at folk kom til å snakke om det. Englandsferda frå Ulsteinvik laut slutte. So vart Rimøya staden. Og då tystarane og NS vart nærgåande merksame på folk og ferd der ute, flytte trafikken ut i Skorpa.
Det var ikkje berre folk som laut røme landet, Jon fekk med å gjere. Det kunne også kome folk vestanfrå med særlege erend hit. Jon tok imot dei, hadde dei, hjelpte dei so dei fekk gjort erenda, og fekk dei avgarde att. Ein laut vere sers varsame med slike folk. Helst måtte ingen annan enn Jon sjølv ha greie på dei, kor trygg bygda elles var.
Ein gong på kaldaste vinteren kom to engelske offiserar ned på Gurskøy- fjella i fallskjerm. Dei kom seg til manne og fekk skyss til honom Jon. Han gøymde dei i kyrkjetårnet. Der hadde han dei tre-fire dagar til det var gjort som gjerast skulle, og han fekk dei or landet att. Ein gong til hadde han eit lag liggande i kyrkjetårnet. Det var karar som greidde seg sjølve. I sakrestiet er det ei kokeplate der dei lunkar vatn til kristna borna. Der kokte desse karane det dei trong. Men ikkje fekk dei bruke ljos, og ikkje måtte dei røykje. Einkvan kunne bli var det. Jon hadde den gleda at alle han hadde med å gjere, både folk og båtar, kom vel fram.
Eit menneske til var det som visste om alt Jon hadde føre seg, ho Anna, kona hans. Det er ikkje visst at ho er like sterk optimist som mannen. Men ho er eit viljesmenneske og klok som få. Og ho og mannen ville det same. Det var no ho som sto føre provianteringa, ei budakone og matmor i stor stil. Ho hadde sjølv seks gutar. Den eine var ute til sjøs. Ein annan miste ho her heime no i krigsåra. Og so var det dei fire andre då, rette søner til slike foreldre. Ingen kunne vite kva som kunne hende dei.
Ein kveld ho kom ut i kjøkkenet, møtte ho yngste sonen, han kom frå spiskammerset med to brød. Skal du avstad no? spurde mora. Kva er det du ber på? Det var brød til ein kamerat, som skulle fare og ikkje hadde hatt tid til å få med seg noko heimanfrå. Sjølv skulle han ikkje fare denne gongen. Eg veit ikkje å halde deg att, om du vil fare. Du får gjere som du vil. Men fer du, vil eg vite det, so eg kan få gjere deg skikkeleg ferdig heimanfrå. Ei stund som korkje foreldra eller gutane gløymer, er natt til 9.mai i fjor. Alle fire karane kom i uniform og det som elles høyrde til inn på soverom- et og tok vellive med foreldra. Han Olav hadde fått bod, no skulle han kome til byen med heimefrontstyrken sin. Meir visste han ikkje.
Fiskarbonden
Han Bern-Jon, det er kjenningsnamnet hans, er fiskarbonden. Vaken og var sat han attpå tofta i åttringen. Djerv og rådsnar var han når det kravdest. Som han siglde båten sin ein hardversdag i fiska, slik gjorde han si vågalle gjerd i fem lange og tunge år. Fårane var ikkje mindre, og vanskane kunne vel mang ein gong vere større på land i denne tida enn på sjøen då han dreiv fiska. Men vågemodet hadde han og ein reint serleg givnad til å sigle seg fri alle fall og brot.
No er mannen 70 år. Livsmodet er som alltid det var, den ljose hugen og den varme smilen lyser imot deg. Du kjenner at det er ein god mann du møter.
Her sluttar artikkelen Olav Hatlemark har skrive.