Livet på bedehuset, og i familiane som høyrde til der, har fått mindre merksemd enn andre kulturuttrykk og anna lagsliv. Men bedehusmiljøet er ein viktig del av den lokale kultursoga. Dette er ei personleg forteljing om ein barndom sterkt knytt til Ulsteinvik Bedehus.
Det er snart 50 sidan sist eg såg opp på det store maleriet av Jesus som står opp frå grava på frontveggen i Ulsteinvik Bedehus. Det kan vere eit og anna eg har gløymt eller hugsar feil. Då er det sikkert andre som både kan korrigere og fylle ut. Dette er mine minneglimt frå eit oppvekstmiljø eg etter kvart la bak meg, men utan noko form for bittert oppgjer. Eg vaks ut av bedehuset, men har stor respekt for det alvoret menneska der la i trua si og i møte med livet.
Bedehuset er i det heile via lite merksemd frå historikarar, både amatørar og profesjonelle. Det er ettertida som skriv historia. Den konservative lekmannskristendomen, misjon av ymist slag, står ikkje like sterkt i dag, som bedehusmiljøa ein gong gjorde. Då er det lett å oversjå kva bedehuskulturen hadde å seie for samfunnsutviklinga. Med det påverknaden kristenkonservative miljø har på politikken no, både her til lands og i andre land, har bedehusa kanskje blitt meir aktuelle att. Difor er det i alle fall ein god grunn til å dele denne forteljinga. Dette må rett nok bli meir personleg enn analytisk.
Eg vaks opp med Ulsteinvik bedehus – ein samlingsstad eigd og drifta av Ulsteinvik Indremisjon, eit lokallag i Vestlandske Indremisjonsforbund. Far min sat 17 år i styret i lokalforeininga og var formann i 7 år. Så lenge eg kan hugse var han i praksis vaktmeister på bedehuset og brukte svært mange arbeidstimar der, utan at det var formalisert eller betalt. Han var også eit av dei lokale kontaktpunkta i bygda for Norsk Luthersk Misjonssamband.
Som førskuleunge var eg ikkje utsett for så mykje anna påverknad enn den foreldra mine utøvde. Det var ikkje noko barnehagetilbod, og mor mi var heime. Ho var frå Bornholm, og vaks opp i ein konservativ kristen heim. Som ung gjekk ho på Luthersk Missionsforening sin «højskole» (folkehøgskule) i Hillerød og utdanna seg seinare til sjukepleiar. Fram til eg byrja på skulen snakke eg mest dansk. Far min var arbeidar, med 7 års skulegang på Ulstein skule, eit lite steinkast frå heimegarden. Han fekk etter kvart fast jobb i det private Ulstein Vassverk, som seinare vart overteke av kommunen. Han jobba lange dager, men kom heim til middag midt på dagen og kveldsmat om kvelden.