Ettersom ruta tok til å arbeide seg inn, auka både mjølke-, vare- og persontrafikken jamnt og trutt. Det vart likevel frakta av varer og personar til og frå Ålesund og bygdene imellom som etter kvart tok meir og meir over. Det som i byrjinga hadde vore ei mjølkerute, vart seinare det ein kan kalle ei lokalrute.
Økonomien spela ei viktig rolle, særleg i byrjinga. Dei to innsatsmennene Ole Botn og Johannes Svensen hadde satsa alle sparepengane sine på denne båten, og dei var nok litt usikre på korleis det ville gå. Og det gjekk heller smått i byrjinga, som naturleg var. Prisane på frakta måtte tilpassast, og alt måtte gå på eit minimum økonomisk sett, både når det gjaldt løner til mannskapet og utstyr på båten for å sikre eit overskot. Månadsløna låg på eit hundre og åtti kroner for kvar. Men etter kvart som tråfikkmengda auka, kunne ein ta seg betre betalt. Likevel vart det ikkje noka gullgruve for dei tre om bord. Så snart det vart noko overskot, gjekk det med til å halde båten i stand. Det var ikkje heller alt arbeidet dei fekk løn for, men dei tok det heile meir som ei interesseverksemd enn ei inntektskjelde.
Aksjeutbytte vart det heller ikkje mykje av. Mange år var det så dårleg at dei ikkje var noko overskot i det heile. På det meste vart det eit år ti prosent utbytte på aksjane, og det vart delt cirka atten hundre kroner. Dette syner at aksjane i «Eikholm» var meir for å oppretthalde båten enn for å gjere seg noka forteneste av.
For bøndene vart likevel ruta ein økonomisk stimulans. No fekk dei levere all mjølka, og dei fekk betre betalt for ho. I det ein no tok til å levere til meieriet, fekk ein førti øre literen. Seinare tok ein til med ei ordning der ein fekk betalt etter feittprosenten i mjølka. Var det mykje feitt i ho, fekk ein god betaling, var det lite – mindre betalt. Dette stimulerte til betre husdyravl, og mange tok og til å fore dyra betre for å auke feittprosenten.
Fraktprisane på «Eikholm» var særs låge. Utgiftene til mjølkefrakta vart rekna frå pengane som bøndene fekk for mjølka på meieriet, og «Eikholm» fekk så oppgjer på meieriet. Bøndene fekk utbetalt pengane på ymse vis. I Dimna, til dømes, innførte ein den ordninga at Johannes Dimmen – læraren i bygda – fekk pengane tilsendt. Han rekna ut kor mykje kvar skulle ha, leverte dei på butikken hos Hans Dimmestøl, og der henta kvar enkelt dei, eller kjøpte varer for dei. Elles var vare- og personfraktprisane på «Eikholm» så låge at det ikkje var noka økonomisk belastning å sende varer eller sjølv ta seg ein tur til byen.
«Eikholm» hadde eigne revisorar og skrivarar som tok seg av den juridiske sida av drifta. Første revisoren var Leiv Saunes, seinare vart det Matteus Ulstein, og sistemann vart Peder Fritz Waage.
Frakta som «Eikholm» tok seg av var utanom mjølke- og personfrakta, alt mogeleg – frå hønseegg og formjøl til kork og jarn. Mange bønder hadde høner, og egg leverte ein til grossistar i Ålesund. Elles var det mest «import» bøndene dreiv med. På gardane trong ein arbeidsreiskapar, for, matvarer, og mykje anna. Handelsmennene i Dimna, Hasund, Haddal, Ulsteinvik, Ulstein og Flø fekk også varer med «Eikholm». Reparasjonsverkstadene trong ymse deler og råstoff, og «Eikholm» var eit kjærkome og naudsamt transportmiddel. Korkfabrikken i Stranda produserte kork som vart frakta til Ålesund. Denne fabrikken brann seinare ned, og frakta kom såleis vekk. Attåt dette kom og ein del kommunal godstrafikk, og elles ting som vart sende til mottakarar rundt om.
Den daglege drifta om bord vart aldri noka rutine. Kvar dag var det noko nytt å ta seg av, og særleg i vinterhalvåret med storm og anna uver hadde mannskapet hendene fulle. Skipper Ole stod i styrehuset og losa «Eikholm» sikkert frå stad til stad. Han kjende ruta som si eiga bukselomme, og det kom aldri til noko uhell av noko slag. Johannes sørgde for at maskinen gjekk som han skulle, og det kunne han med. Petter var organisator og alt-mogleg-mann på dekk. Han var i tillegg billettør, og heldt godt greie på det økonomiske. Når veret var så dårleg at ein ikkje kunne runde Flø, gjekk ein indre, det vil seie rundt Hareidlandet forbi Eiksund, inn Storfjorden, vidare ut Breisundet og til Ålesund.
Det var lite skoft om bord. Karane var solide og trauste fiskarar, som sjeldan tok fri eller var sjuke. Hende det at ein eller fleire måtte skofte ein eller fleire dagar, vart det ordna med folk til å ta over. Reserveskipper i mange år var såleis Harald Dimmen, son til Hans Dimmen frå Dimna. Då Ole var i krigsteneste i april 1940, var Toralf Flø vikar for han.
Attåt jobben med «Eikholm», hadde både Ole, Johannes og Petter gard og familie å ta seg av. Men på grunn av den lange arbeidstida, vart det meste av heimestellet gjort unna av konene til dei tre. Dessutan var ein fri dei dagane «Eikholm» ikkje gjekk i rute, men det var likevel ein strid jobb ofte å rekke over alt. Men det var som med dei fleste på den tida: skulle ein leve, måtte ein arbeide.