Kjelde: Harald Jørgen Rasofielson Hatløy.

Rasofiel Johanson Hatløy, frå Johangarden på Hatløya, skulle opp i Vik for å selje egg og smør. Samtidig skulle han handle ulike varer. Dette hende truleg ei tid mellom 1933-34, tidleg i veka.

Rasofiel tok Lissje-færingen, ein 9 alning med tilhøyrande seglreide med fokke og sjassesegl. Det var vestaver (VSV) og vindrossene kom synna i Søyla. Han sigla på sløringja gjennom Steinsundet, eit trang sund mellom Kloholmane, og vidare i retning mot Osneset.

Etter litt rotete vind i sundet, tok vinden godt tak i seglet igjen. Då vart han var ei vindkule, det rauk ta sjøen, ein sokalla tynnarknute kom. Rasofiel strika storseglet og sleppte fokkeskautet. Trass i dette såg han at det kunne gå gale. Derfor stod han klar, heldt i holken på le-sida og med høgrehanda godt fast i ripa på lo-sida. Fokka blafra og slo. Barlasten låg fram under framtafta, rett attom mastra. I båten stod også flettakorga med egg og smør.

Rasofiel hadde ein gong skaffa seg 3-4 malmblokker i jarn, som han nytta til barlast. Desse var
30-40 cm lange, 6-7 cm høge, 12-15 cm breie og vog om lag 15-20 kg kvar. Ei 70-80 kg var vanlegvis nok feste under segling, men denne dagen var det ikkje nok.

Færingen la seg over. Rasofiel holkestøtte, trødde båten rundt og kleiv oppå kvelven. Dette var viktig i ein slik sitiuasjon om ein skulle berge livet. Barlasten ramla ut, og båten la seg med kjølen i veret. På kvelven slo han ut nygla, slik at lufta under båten fekk kome ut. Då roa båten seg i sjøen og det var lettare å halde balansen. Det meste av tilfaret låg fortsatt under båten, det heile hadde gått så fort. Rasofiel var berre våt opp til livet. Egga hadde gått til botnar, men korga og smøret flaut.