(Dette er ein litt omarbeidd versjon av ein artikkel som stod i «Jul på Sunnmøre» i 1996.)
Ute i Breisundet, mellom Runde og Godøya, i Ulstein kommune, ligg Grasøy fyr, ein liten holme på om lag 15 mål. Isolert, vil dei fleste seie, med hav på alle kantar. Dei næraste grannane bur på Flø i Ulstein, seks kilometer unna, og på Runde, sju kilometer lenger sør. Vi som vaks opp der, kjende det ikkje slik. For oss var Grasøya eit paradis på Jord, em stad som vi enno – meir enn 60 år seinare – får stjerner i augo av å tenkje tilbake på. Karakteristisk er nok den humoristisk-ironiske replikken systerdotter mi kom med då vi for nokre år sidan hadde eit improvisert familietreff på Grasøya: «No kan ho mamma døy trygt, når ho har fatt sjå att barndomsparadiset sitt.» Felles for alle borna våre er at dei er vaksne opp med nostalgiske forteljingar frå dei åra vi syskjena delte på denne «vesle kringflødde holmen», som mor vår brukte å seie.
I sin «Søndmørs Beskrivelse» frå 1766 skriv Hans Strøm om «Græsøen, en rundaktig, jævn og Græsrig Øe, som i de ældre Tider siges at have havt 2de Opsiddere, men skal siden være bleven forladt af samme Aarsag som den forhen beskrevne Erknøe i Borgunds Sogn, med hvilken den baade i Størrelse og andre Egenskaber kommer meget overeens, fornemmeligt deri, at den ved sine Klipperige Strandbrædde har en Deel store Bierg-Huuler, som tiene Faarene til et Henflugt-Sted i Skiul i ondt Veier, saa at de her kan gaae ude heele Aaret igiennem, baade Vinter og Sommer, uden nogen Slags Pleie eller Tilsyn. Dertil bruges den da og egentlig nu omstunder, foruden at den aarlig giver lidt Høe af sig ( … )»
Bet er vel verd å leggje merke till at Strøm brukar eintalsforma Græs-Øen, i motsetnad til den feilaktige bruken Grasøyane, som har festa seg som offisielt namn. Vanleg nemning er «Grasøynå», i eintal. Namnet Grasøyane har truleg oppstått ved at ein eller annan offisiell namnegjevar har misforstått den bestemte dativforma «(ute på) Grasøy’nje», og trudd at dette var ei fleirtalsform. Det er nemleg berre ei øy med gras på. Naboøya Skjervøya er eit nake skjer, der berre fugl og kobbar held til.
Far min, Gunnar Gundersen frå Runde, vart tilsett som såkalla reserveassistent ved Grasøy fyr i 1938, og familien vår flytta frå Runde til Grasøya. Eg var då eitt år, og syster mi, Oleif, var tre. Eldste syster vår måtte vere att hos farmor på Runde på grunn av skulegang. Ho budde på Grasøya berre i feriane. Året etter vart Arne-Olav fødd, og det var vi tre yngste syskjena som delte ein lukkeleg barndom på denne øya, inntil far fekk ny stilling i 1946, og vi flytta tilbake til Runde.
Fyret på Grasøya vart etablert i 1886, og det vart då bygt hus med fyrlykt på toppen. Huset har ei grunnflate på om lag 70 kvadratmeter, med tre rom og kjøkken i hovudetasjen, i tillegg til eit soverom og eit vaktrom på loftet. Fyrvaktaren, som heitte Knut Krøvel og var frå Ørsta, budde i loftsromet, elles hadde vi felles hushaldning. Krøvel hadde familie i Ørsta og reiste dit når han hadde fri.