Asbjørn Flø kan fortelje at tyskarane kom til Flø i juni 1940 og reiste derifrå i juni 1941.

-Dei for like stilt som dei kom i grunnen. Med unntak av nokre få einskildepisodar, kom der ikkje til konfrontasjonar mellom dei tyske soldatane og Fløfolket. Vi hadde nok mindre med dei å gjere enn det til dømes Garnesfolket hadde.

-Men sjølvsagt verka det inn på fest- og dagleglivet! Dei okkuperte Vonheim, som hadde vore Fløfolket sin vante samlingsstad. Denne blei no skulekjellaren, som var heller trang.

-Eg hugsar ein gong ei mine dreiv innover mot Flølandet i sterk vind. Ho daska mot land fleire gongar utan å eksplodere, så det blei bestemt å opne ho. Men heldigvis gjekk ho av før ein kom så langt. Både naustet ved eksplosjonsstaden og fleire vindauge i nærleiken blei øydelagde!

– Vi som budde på gard hadde det i grunnen enkelt på mange måtar. Vi hadde det jorda gav oss, og med mykje fisk i sjøen like ved leid vi inga naud, sjølv om utfordringane var mange nok. Mjøl og brødbaking var ofte eit problem, med brød som ikkje heva seg og store utfordringar i å få tak i nok ved. Skog til brensel hadde vi knapt nok, så det var å spa torv og rive einer. Eg hugsar at det låg store einedungar i dei fleste tuna denne tida.

Vi viser her ein unik bildeserie frå Flø i 1942: