Marit Dimmestøl Voldsund, fødd 06.10.1935, gifta seg med Arnold Voldsund og flytta til Voldsund i 1953. Faren hennar var Sigurd Dimmestøl (1899) frå Skogstranda, og mora var Signe Garnes (1904).
Marit var fødd i det huset som i dag delvis står under Dragsundbrua på Garnes, men dei flytta inn i eit nytt hus på haugen like bak i 1937. Brua vart ferdigstilt i 1953.
Ho starta i 1. klasse på Haddal skule hausten 1942 og gjekk på skule annakvar dag. Broren Erling, som var to år eldre, og Haldor, som var fire år eldre, gjekk òg på Haddal skule, men dei gjekk ikkje same dagane som 1.klassingane. Difor måtte sjuåringen gå åleine heile vegen til Haddal skule i all slags ver.
Ein dag ho aldri gløymer
23. mars 1943 vart ein dag ho aldri gløymer. Ho noterte ned tidleg i detalj kva som skjedde, og har fortalt det utallige gongar til familie, barn og barnebarn.
Ho vakna til vanleg tid om morgonen og hadde ikkje fått med seg det som hadde skjedd om natta, men om morgonen forstod ho at det hadde skjedd noko alvorleg – med samanstimling av tyske soldatar nede på brua. Det viste seg at ein tysk soldat var død og ein alvorleg skadd etter skotveksling med norske kommandosoldatar som hadde kome med MTB-båtar inn til Garnes kai om natta og skulle vidare gjennom Dragsundet til Rovdefjorden.
Marit gjekk saman med mor Signe ned til bestemor og tante Solveig, som budde i gamlehuset rett opp for skyvebrua. Dei fire vart ståande utanfor huset og sjå på det som skjedde nede på brua. Marit fortel vidare: