I boka Stormen og Lagunen (Ulstein, 1999), har eg også lese om hendelsen på Dragsund som mi andrehandskjelde (Garshol, Axel personleg kommunikasjon, 16.februar 2024) også kunne fortelle om frå Harald sitt perspektiv. I London visste dei at Syvdsfjorden var brukt som konvoihamn og at tyske fort låg innover langs fjorden frå Stad. Desse visste dei var vanskelege å komme seg forbi utan å utløyse alarmen. Likevel var det i London og Shetland lagt ein plan om å sende ein MTB-styrke innover fjorden for å angripe den tyske konvoien, ved å ta ei anna rute enn ein normalt ville gjort for å ta seg inn til Syvdsfjorden. Dei hadde nemleg tenk å ta seg inn gjennom ein skjergard i Herøy, gjennom Dragsundet som skil Gurskøya frå Hareidlandet, på skrå over Rovdefjorden og vidare mot Syvdsfjorden. For å utføre dette og lukkast var dei avhengige av to ting. Å ha ein kjentmann som kunne landskapet og området, og at brua ikkje hadde fiendtlege vaktstyrkar. Planane la dei i tru om at der ikkje var vakter, og kjentmann blei maskinmannen Harald Notanes som var oppvaksen på Dimna og lommekjent i Dragsundet. 23. mars 1943 kom MTB-ane 627 og 618 innover frå havet ved Nerlandsøy. 627 låg fremst og på brua sto Harald med skipssjefen og speida. I boka Lagunen og stormen, har Ragnar Ulstein vore i samtale med Harald og han siterer:
«Vi gjekk med sakte fart inn Røyrasundet. Frå no av var det eg som var kjentmann. Det var rart då vi passerte Dimnavika. Eg såg rett heimatt på Notaneset.» (Ulstein, 1999)
Dei la til kai og skulle gå til brua for å opne henne, Harald og femten kommandosoldatar. Før MTB-ane la til kai hadde Harald bedt om å få kontakte land og orientere seg om eventuelt vakthold, men fekk avslag av styrkesjefen.
Harald og kommandosoldatane tok seg til brua, og Harald oppdaga at den elektriske straumen var slått av slik at han måtte slå over ein hendel og bruke sveiva for å opne brua. Medan han heldt på med det, høyrer han ein av soldatane rope om at det kjem folk. Han såg ut og trudde han såg ei kvinne med kåpe komme gåande.
«– Eg ropte haldt! Men personen kom rett mot. Eg ropte igjen, utan at personen reagerte. Brått såg eg at månen skein i ein stålhjelm. I brøkdelen av eit sekund såg eg tydeleg kva som sto framføre meg: Ein tysk soldat med gevær i reim over skuldra» (Ulstein, 1999)
Soldaten løfta geværet sitt, men kom ikkje lengre før Harald som sjølv hadde automat, reagerte lynkjapt. Han skaut og treff begge to. Den eine mista livet medan den andre blei hardt skadd, MTB-ane hadde ingen tap. Dei returnerte til båtane og for ut på havet igjen tilbake mot Shetland. Eit underleg fenomen er at mor has den kvelden sat i stolen sin og sov, då ho høyrte ein høg dur frå båtane som for i full fart utover i havgapet. Ho vakna til og sa at der for han Harald, ho meinte at ho kunne kjenne det på seg. Og det stemte. Allereie dagen etter vart det opprusting i vakthaldet på Dragsundet. Dei blei talde 34 mann, blant dei tre underoffiserar og ein offiser. Det la eit tretti meter breitt minefelt tvers over gardane på Garnes og eit liknande på andre sida av sundet. Samt ei 25 mm panservernkanon blei satt opp i retninga der MTB-ane hadde kome. (Ulstein, 1999) I etterkant av krigen er det også blitt satt opp eit minnesmerke på Dragsund om denne hendinga.
Sjølv om krigen var over bestemte Harald seg for å stå lengre i teneste og hjelpe til med å rydde norskekysten for minene som engelskmennene hadde lagt igjen. Han var ifølge
Krigsseilerregisteret om bord på den amerikanske minesveiparen, UUS NYMS 380. (Norsk senter for krigsseilerhistorie) I 1945 8. mai dagen dei Nazi-tyske militær- styrkane kapitulerte, opplevde dei at den eine båten (NYMS 382) blei torpedert, først trudde dei at dei hadde treft ei mine, men det viste seg å vere ein tysk ubåt som gjorde sitt siste støt. I det augeblikket kunne Harald innrømme at tårene rann i fortviling. Han var også med utanfor Oslo på veg inn mot Horten for å minesveipe og bane veg for kongens heimkomst, då han kom med båten HMS NORFOLK og gjekk i land 7. juni 1945.