Innan omsorg for eldre og sjuke har det vore ei formidabel utvikling dei siste 50 åra, ikkje minst når det gjeld bygg for føremålet. Dette gjeld òg i Ulstein kommune. Artikkelen tar for seg utviklinga av Alvehaugen omsorgssenter frå 1970-talet og fram til i dag.

Fyrste utbygginga 1975–1976

Heimen blei oppført som ledd i den store satsinga på fylkeskommunale sjukeheimar i Noreg på 1970–1980-talet, heimla i Sjukehuslova frå 19. juni 1969 som tredde i kraft i 1970.

Hausten 1969 vedtok fylkestinget utbygging av felles sjukeheim for Hareid og Ulstein med plassering i Ulsteinvik. Dette skapte naturleg nok protestar i Hareid, men vart ikkje skrinlagt før seint i 1971 mot tilråding frå dåverande fylkesmann Erling Sandene.

Kommunen vedtok allereie i 1970 å gå til innkjøp av tomt i Ulshaugen/Skollebakken-området for utbygginga. Under forprosjekt-perioden som kom i gang i 1973, vart det òg laga teikningar for bygget på denne tomta, og i kommunestyret var det fleirtal for dette tomtevalet heilt fram til tidleg i 1974. Prosjektet var ein del av ein samla pakke for Ulstein og fire andre sjukeheimar i Møre og Romsdal fylke (Giske, Herøy, Ørskog og Rauma). Prosjekteringa var leia av arkitektfirmaet Vestplan i Ålesund, og bygningane hadde stor likskap i arkitektur, funksjonelt mønster, materialbruk og konstruktiv oppbygging.

Men på grunn av tvil om kor eigna tomta på Ulshaugen var for eit bygg i éi etasje etter løysinga til fylket, gjekk kommunen i 1973 til innkjøp av alternativ tomt på Alvehaugsletta, eller Halvehaugsletta som truleg er det opphavlege namnet og står på eldre kart over området. Eit av fleire døme på at «halvemål» har ført til varig namneending?