Kultur

Innhald
12 treff

Det mest interessante trekket ved dei første lovene til Ulstein­foreininga er at dei legg så stor vekt på medmenneskeleg ansvar på det materielle planet. I føremålsparagrafen er det åndelege og det materielle sides­tilt: «Foreningen søger at afhjælpe ån­delig og timelig nød inden menighe­den». Dette var heller ikkje vanleg for indremisjons-foreiningane på Vestlan­det og igjen er det nok Anker si klo vi ser merke etter. Andre stader i lovene er formålet konkretisert: «Foreningens formål søges oppnået ved syges og fat­tiges understøttelse og pleie» og vidare «I foreningens møder udstilles en bøsse for bidrag til syge og fattige, og en an­den for bidrag til foreningens øvrige virksomhed».

Siste halvdelen av 1800-talet var vekkjingstid i heile Skandinavia og det var vekkjingsvinda­ne som ga indremisjonsarbeidet fram­drift. Når rørslene vart fastare organi­serte, var det først og fremst for å halde vekkjingane vedlike og gjere dei be­rande.

Omgrepet «foreining» er ikkje så gammalt som ein kanskje skulle tru. I Norge dukka det opp for første gong i 1840- og 50-åra. Utetter hundreåret skjedde det ei vak­ning – ei utvikling frå elite-engasje­ment til masse-engasjement. I samtida snakka ein om «assosiasjonsånden». Foreiningane gjorde kulturell aktivitet til eit tilbod for dei mange.

Osnes Bedehus fekk svært mykje­ å seie som sentrum for det kristelege arbeidet i Ulstein. Et­ter si tid var det eit stort og tidhøveleg forsamlingshus. Det var omlag 19 alen langt og 14-15 alen breidt. Det hadde to galleri, eit i kvar ende, og talarstolen var plassert midt i salen ved eine langveg­gen.

FRA DET VESTLANDSKE INDREMISJONSFORBUND

Når Ulsteinvik Indremisjon nå rundar dei hundre år, er det ei stor glede å få helsa frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Det er inspirerande å tenkje på at det i mange av våre bygder har vore organisert indremi­sjonsarbeid i så lang ei tid som hundre år.

Ulstein sokn har mange utkan­tar og det er eit faktum at uli­ke former for lagsaktiviteter stort sett har vore konsentrert i sentrums­krinsen.

Når det gjeld indremisjonen var Hansteen ein av dei som såg verdien i å spreie verksemda geografisk. I for­mannstida hans – siste halvdelen av 90-åra – vart møta systematisk fordelte. Kom det ein emissær til bygda vart det tillyst møte i alle høve i dei fire viktigaste krinsane. Det var også rett ofte emis­særmøte både på Hatløya og Vattøya, og presten fordelte bibeltimane sine med ein eller to i kvar krins.

Første indremisjonsforeininga i landet vart skipa i Skien i 1853 «Foreningen for indre mission i Christiania» fylgde etter i 1855 og her var skipinga resultat av dei store vekkjingane under prof. Gisle Johnson.

Sundagsskulen i Ulstein var dei før­ste åra nært knytta til Indremi­sjonen og det er derfor naturleg å bruke nokre linjer på dette arbeidet her.

Fram mot århundreskiftet ­utvikla det seg to polar i kul­turlivet i Ulstein og desse polane er realitet den dag i dag: Eit nypietistisk kristendomssyn, sterkt prega av Rose­nius, på den eine sida, og eit kulturope syn, inspirert av Grundtvig, på den andre. Skiljet har gått mellom Indremi­sjonen og Ungdomsforeininga, mellom Bedehuset og Fredheim, og har tildels vore skarpt. Mykje kan delast etter denne lina. Ein kan heller ikkje sjå heilt bort frå at motsetnadane har vore uttrykk for eit skilje mellom generasjona­ne.

Det var eit opprør i den vakninga ein opplevde på Sunnmøre i 1880-åra og opprøret må sjåast i nær samanheng med Venstre og Johan Sverdrup sin kamp mot embetsmanns­styret. Lekmenn trakka lenger og lenger inn på område der prestane hadde hatt hevdvunnen einerett. Lekmenn påbe­ropte seg retten til å forkynne. Etter kvart meinte dei at presten sin einerett til å tale i kyrkja måtte brytast. Ja, dei kravde til og med rett til å forvalte sakramenta. Mykje skjedde på kort tid, det var nærmast ein revolusjon, og mange prestar vart naturlegvis skremde og reagerte sterkt.

Konsentrasjon om det eine naud­synlege har vore eit varemerke for indremisjonsrørsla. Ein har sett forkynninga av dom og frelse som sitt første og einaste oppdrag. Dette har også ført til at det er sjeldan foreininga har engasjert seg i saker av samfunns­messig art – vel å merke om ein ser bort frå Gamleheimen. Berre ved to høve finn eg slike utspel. Ved eit høve skreiv dei til heradsstyret og ba dei forby dans på den nye kommunekaia og midt i 20-åra vende dei seg til bokhandlaren og ba han halde att når det galdt sal av «dårlege» bøker. Likevel er det grunn til å tru at indremisjonen indirekte har hatt stor politisk innverknad gjennom dei av medlemane som gjekk inn i lokalpolitikken.