På Skeide bur Robert Skeide med kona Karin – Marie. Der har familien budd sidan 1981. Borna Kristian, Ruben og Miriam er vaksne og forlengst flytta heimanfrå.
Bustaden legg ein fort merke til, der han med eigen stil og med torv på taket ligg fint til i Skeidsbakkane. Det er Karin- Marie som har teikna og designa heimen, ho er utdanna ved kunsthandverkskulen i Bergen. Ho er nok ei viktig drivkraft og tolmodig bakspelar for Robert, som det no skal handle om. Robert er nemleg i desse dagar 50 årsjubilant. I alder er han nok eldre, fødd som han er i 1948. Men i 2025 er det 50 år sidan han tok til å dirigere 140-åringen Ulstein mannskor.
Korleis tok det heile til?
Jau, du veit. Eg var fødd og hadde oppvekståra mine på Hareid, sjølve korbygda den gongen. Far min som var frisør og handelsmann; Endre K. Skeide, song i kor og spelte fiolin, så det var musikk i heimen, og ikkje minst plater med klassiske perler! Han var med i Hareid kristelege mannskor, og der vart eg med så snart eg var ferdig med stemmeskiftet. Far kjøpte piano i 1960, og eg kom då i lære hos «Svan» Svanhild Riise som var den tidas «musikkskule» og som hadde elevar frå heile distriktet. Likte meg veldig godt, men tenkte nok aldri at musikk skulle bli min leveveg. Men det var musikklæraren eg hadde på folkehøgskulen i Borgund; Jon Remme, som først pusha meg til å tenkje over det. Han var organist i Borgundkyrkja, og meinte det var stor trong om utdanna organistar!
Men…eigentleg låg det i korta at eg skulle overta butikken heime etter endt handelsskule, og for å få litt erfaring frå andre butikkar, før handelsskulen, fekk eg meg jobb som altmoglegmann i ein altmoglegbutikk i Sykkylven, Skotte & co. Der var eg m.a. sjåfør og fekk køyre ut all slags varer og lærte mykje av den 75-årige innehavaren, og fekk mykje ansvar sidan han var så gammal, og eg var den siste medarbeidaren hans. Det var mest sportsbutikk med sykkelverkstad, men vi selde også kvitevarer, mopedar, påhengsmotorar og jakt- og fiskeutstyr. Men Sykkylven hadde også ein kommunal musikkinstruktør frå Polen; Edward Piwowarski som eg fekk privattimar med, og han var det nok som ga meg det siste «puffet» til å søkje på musikkonservatoriet.
Så etter å ha fått tilsendt skuleplanar frå dei to einaste konservatoria i landet, Oslo, og Bergen, vart valet Bergen, så hausten 1967 var eg på plass der. Nb. hadde eg valt Oslo, hadde eg nok ikkje møtt ho som vart kona mi og som også studerte i Bergen, litt seinare.